1. Mosebok 11

11
Tårnet i Babel
1Heile verda hadde same språk og same ord. 2#11,2 Sinear Sumer, den eldste høgkulturen i Mesopotamia. Jf. 10,10. Då dei braut opp frå aust, fann dei ein brei dal i landet Sinear og slo seg ned der. 3#11,3 jordbek eit asfaltliknande stoff. Dei sa til kvarandre: «Kom, så lagar vi teglstein og brenner dei harde!» Dei brukte tegl til byggjestein og jordbek til å fuga med. 4#11,4 eit tårn … til himmelen Det veldige tempeltårnet i Babel kan vera ein bakgrunn for forteljinga. «Kom», sa dei, «lat oss byggja ein by og eit tårn som når opp til himmelen, og skaffa oss eit namn så vi ikkje blir spreidde ut over heile jorda!»
5Då steig Herren ned for å sjå på byen og tårnet som menneska bygde. 6Herren sa: «Sjå, dei er eitt folk, og eitt språk har dei alle. Og dette er det første dei gjer! No vil ingen ting vera umogleg for dei, same kva dei set seg føre. 7Kom, lat oss stiga ned og forvirra språket deira så den eine ikkje skjønar den andre!» 8Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen. 9#11,9 Babel Namnet kan tyda «Guds port», men blir her knytt til eit hebr. ord som tyder «å skapa ugreie». Difor kalla dei han Babel, for der forvirra Herren språket for heile jorda. Og derifrå spreidde Herren dei ut over heile jorda.
Slekta til Sem
10 # 1 Krøn 1,17ff; Luk 3,36 Dette er slektshistoria til Sem. Då Sem var 100 år, fekk han sonen Arpaksjad, to år etter storflaumen. 11Og etter at han hadde fått Arpaksjad, levde Sem endå 500 år og fekk søner og døtrer.
12 # 10,24 Då Arpaksjad var 35 år, fekk han sonen Sjelah. 13Og etter at han hadde fått Sjelah, levde Arpaksjad endå 403 år og fekk søner og døtrer.
14Då Sjelah var 30 år, fekk han sonen Eber. 15Og etter at han hadde fått Eber, levde Sjelah endå 403 år og fekk søner og døtrer.
16Då Eber var 34 år, fekk han sonen Peleg. 17Og etter at han hadde fått Peleg, levde Eber endå 430 år og fekk søner og døtrer.
18Då Peleg var 30 år, fekk han sonen Re'u. 19Og etter at han hadde fått Re'u, levde Peleg endå 209 år og fekk søner og døtrer.
20Då Re'u var 32 år, fekk han sonen Serug. 21Og etter at han hadde fått Serug, levde Re'u endå 207 år og fekk søner og døtrer.
22Då Serug var 30 år, fekk han sonen Nahor. 23Og etter at han hadde fått Nahor, levde Serug endå 200 år og fekk søner og døtrer.
24Då Nahor var 29 år, fekk han sonen Tarah. 25Og etter at han hadde fått Tarah, levde Nahor endå 119 år og fekk søner og døtrer.
26 # 11,26 Abram Først i kap. 17 gjev Herren han namnet Abraham. Då Tarah var 70 år, fekk han sønene Abram, Nahor og Haran.
Tarahs slekt
27Dette er slektshistoria til Tarah. Tarah fekk sønene Abram, Nahor og Haran. Og Haran fekk sonen Lot. 28#11,28 Ur i Kaldea gammalt kultursentrum i Mesopotamia. Haran døydde hos Tarah, far sin, i fedrelandet sitt, Ur i Kaldea. 29#11,29 Sarai Først i kap. 17 gjev Herren henne namnet Sara. Abram og Nahor tok seg koner. Kona til Abram heitte Sarai. Kona til Nahor heitte Milka og var dotter til Haran, far til Milka og Jiska. 30#16,1 Sarai var barnlaus, ho kunne ikkje få born.
31 # 15,7; Jos 24,2; Neh 9,7 # 11,31 Harran viktig handelsby i det nordvestlege Mesopotamia, rett nord for der grensa mellom Syria og Tyrkia går i dag. Tarah tok med seg sonen Abram og sonesonen Lot, son til Haran, og svigerdottera Sarai, kona til son hans, Abram. Saman forlét dei Ur i Kaldea for å dra til landet Kanaan. Men då dei kom til Harran, slo dei seg ned der. 32Tarah levde i 205 år. Så døydde Tarah i Harran.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring