Esra 3

3
Offertenesta blir teken opp att
1Då den sjuande månaden kom og israelittane hadde busett seg i byane, samla folket seg alle som ein i Jerusalem. 2#3 Mos 6,2ff; 5 Mos 12,13f Josva, son til Josadak, og brørne hans, prestane, og Serubabel, son til Sjealtiel, og brørne hans tok fatt på å byggja eit altar for Israels Gud. På det skulle dei ofra brennoffer, slik det står skrive i lova til gudsmannen Moses. 3#2 Mos 29,38ff Dei reiste altaret der det før hadde stått, sjølv om dei frykta for folka i landområda omkring, og dei bar fram brennoffer til Herren, både morgonoffer og kveldsoffer. 4#3 Mos 23,34ff Så feira dei lauvhyttefesten slik det står skrive, med så mange brennoffer som var fastsette for kvar einskild dag. 5#3,5 nymånedagane =festar og høgtider. Deretter bar dei fram det daglege brennofferet og brennoffer for nymånedagane og for alle andre høgtider som var helga til Herren, og like eins alle frivillige offer til Herren. 6Den første dagen i den sjuande månaden tok dei til å bera fram brennoffer for Herren, sjølv om grunnvollen til Herrens tempel enno ikkje var lagd.
7 # 2 Krøn 2,16 Dei gav pengar til steinhoggarane og tømrarane. Folka frå Sidon og Tyros lønte dei med mat, drikke og olje for at dei skulle føra sedertre frå Libanon sjøvegen til Jaffa, slik persarkongen Kyros hadde gjeve lov til.
Grunnvollen til tempelet blir lagd
8 # 3,8 I det andre året år 537 f.Kr. Serubabel I 5,16 er det sagt at Sjesjbassar la grunnvollen, andre stader heiter det at det var Serubabel. Jf. 3,2; 4,3; 5,2; Sak 4,9. I det andre året etter at dei var komne til Guds hus i Jerusalem, i den andre månaden, sette dei i gang, både Serubabel, son til Sjealtiel, og Josva, son til Josadak, og resten av brørne deira, prestane og levittane, og alle dei andre som var komne til Jerusalem frå fangenskapet. Dei sette alle levittar som var tjue år eller meir, til å ha tilsyn med arbeidet på Herrens hus. 9Josva og sønene og brørne hans, Kadmiel og sønene hans og Hodavja stod fram alle som ein og hadde tilsyn med arbeidet på Guds hus. Det same gjorde etterkomarane av Henadad med sønene og brørne sine, som òg var levittar.
10 # 1 Krøn 15–16; 23–26; 2 Krøn 29,25f Bygningsmennene la grunnvollen til Herrens tempel. Så stilte prestane seg opp i fullt skrud med trompetar, og levittane, Asaf-sønene, stilte seg opp med symbalar for å prisa Herren, slik David, Israels-kongen, ville. 11#2 Krøn 5,13; Sal 100,4f; 106,1; 107,1; 118,1; 136,1 Dei stemde i med lov og takk til Herren: «Han er god, evig varer hans miskunn mot Israel.» Og alt folket jubla høgt og lova Herren fordi grunnvollen til Herrens hus var lagd. 12#Hag 2,3 Men mange av prestane, levittane og leiarane for familiane som var så gamle at dei hadde sett det første tempelet, gret høgt då dei såg det tempelet som no vart grunnlagt. Andre jubla høgt i glede. 13Det var ikkje råd å skilja dei glade jubelropa frå folket sin gråt. For folket jubla så høgt at det kunne høyrast vidt omkring.

Markert nå:

Esra 3: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring