Esekiel 27
N11NN
27
Likklage over Tyros
1 Herrens ord kom til meg: 2#Jes 23,1ff; Esek 28,12 Du menneske, stem i ei likklage over Tyros! 3Du skal seia til Tyros, som ligg ved portane til havet og handlar med folk på mange kystar:
Så seier Herren Gud:
Tyros, du har sagt:
«Eg er fullkomen i min venleik.»
4Midt ute på havet
går grensene dine.
Dei som bygde deg,
gjorde deg fullkomen i venleik.
5 # 27,5 Senir Hermon. Jf. 5 Mos 3,9. Dei bygde med plankar
av sypress frå Senir,
ein seder frå Libanon tok dei
for å laga deg ei mast.
6 # Jes 23,1 Av eik frå Basan laga dei årar,
treverk innlagt med elfenbein
laga dei av sypress frå kittearøyane.
7 # 27,7 Elisja-kystane ein stad i Middelhavet, truleg Kypros. Jf. 1 Mos 10,4. Seglet var av fint og fargerikt lin frå Egypt.
Det skulle vera merket ditt.
Solduken var blått og raudt purpur
frå Elisja-kystane.
8 # 27,8 Arvad fønikisk by nord for Tyros og Sidon. Folk frå Sidon og Arvad
var rorskarane dine.
Dine klokaste, Tyros,
var mannskap.
9Gebals eldste og klokaste menn
var skipstømrarane dine.
Alle skip og sjøfolk på havet
kom til deg for å byta varer.
10 # 27,10 Lud og Put >Jes 66,19. Menn frå Persia, Lud og Put
var krigsmenn i hæren din.
Dei hengde opp skjold
og hjelmar hos deg,
dei kasta glans over deg.
11Menn frå Arvad og din eigen hær
stod omkring på murane,
gammadearar var i tårna dine.
Dei hengde opp skjolda sine
omkring på murane
og gjorde deg fullkomen i venleik.
12 # 27,12 Tarsis hamneby eller område ved fjerne kystar, kan henda vest i Middelhavet. >1 Mos 10,4. Tarsis dreiv handel med deg,
for rikdomen din var stor.
Dei gav deg sølv og jern,
tinn og bly tilbake.
13 # 27,13 Javan, Tubal og Mesjek >Jes 66,19. Javan, Tubal og Mesjek
handla med deg.
Dei gav slavar og bronsekar i byte.
14 # 27,14 Togarma aust for Tubal (v. 13), i Armenia. Frå Bet-Togarma gav dei deg
arbeidshestar, ridehestar og muldyr tilbake.
15Folk frå Dedan handla med deg,
mange øyar dreiv handel.
Dei betalte tilbake med elfenbein og ibenholt.
16Aram dreiv handel med deg
fordi du hadde alle slag handverk.
Edelsteinar, raudt purpur og fargerikt tøy,
fint lin, korallar og rubinar
gav dei deg tilbake.
17 # 27,17 Minnit by i Ammon. Jf. Dom 11,33. Juda og Israels land handla med deg.
Kveite frå Minnit, hirse og honning,
olje og balsam gav dei i byte.
18 # 27,18 Helbon by nord for Damaskus. Damaskus dreiv handel med deg.
Du hadde alle slag handverk,
for rikdomen din var stor.
Vin frå Helbon,
ull frå Sahar 19#27,19 Usal eit handelssentrum i Sør-Arabia. kassia velluktande stoff frå borken av kassiatreet, brukt som parfyme og smakstilsetjing. og Dan
og vin frå Usal gav dei deg tilbake.
Også smijern, kassia og kalmus
fekk du i byte.
20 # 27,20 Dedan >25,13. Dedan handla med deg,
fine hestedekken.
21Arabia og alle fyrstane i Kedar dreiv handel,
dei handla med lam, bukkar og geiter.
22 # 27,22 Saba og Rama i Søraust-Arabia. Kjøpmenn frå Saba og Rama
handla med deg,
den finaste balsam,
dyre steinar og gull
gav dei deg tilbake.
23 # 27,23 Harran, Kanne og Eden i Mesopotamia. Kilmad ukjend stad. Harran, Kanne og Eden
og kjøpmenn frå Saba, Assur og Kilmad
handla med deg,
24dei handla med deg
på marknaden din,
staselege klede og kapper av purpur,
fargerike tøy, teppe med mønster
og snorer som var tvinna stramt.
25 # 27,25 Tarsis-skip store, havgåande skip. Tarsis-skip var dine handelskaravanar.
Du var fylt av varer og tungt lasta
midt ute på havet.
26Rorskarane førte deg til mange farvatn.
Austavinden knuste deg
midt ute på havet.
27Din rikdom, dine varer
og alt du fekk i byte,
mannskap og styrmenn,
skipstømrarar og bytehandlarar,
alle krigsmenn og heile din hær
som er hos deg, søkk
midt ute på havet
den dagen du går under.
28Når skriket frå styrmennene lyder,
skjelv strendene.
29Då forlèt alle sine skip,
rorskarane, mannskapet og sjømennene går i land.
30 # 26,17; Op 18,9.19 Dei lèt klaga over deg lyda,
dei skrik bittert.
Dei kastar støv på hovudet,
dei velter seg i oske.
31 # 27,31 sekkestrie >7,18. Dei rakar seg snaue på skallen for di skuld.
Dei kler seg i sekkestrie
og græt bittert over deg,
ei bitter klage.
32Dei stemmer i ei likklage,
dei syng ut si klage over deg:
Kven var som Tyros
der ute på havet?
33Med varene du førte inn frå alle hav,
metta du mange folk.
Med den store rikdomen din
og alt du bytte til deg,
gjorde du kongar på jorda rike.
34No er du knust av havet,
i djupet ligg du.
Alt du bytte til deg
og heile hæren din har gått under.
35 # 32,10 Alle som bur ved kysten,
er forstøkte over deg,
håret reiser seg på hovudet til kongane,
andletet er fordreia.
36 # 28,19 Kjøpmenn mellom folka plystrar hånleg til deg.
Eit skremsel har du vorte,
du er borte for alltid.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk