2. Mosebok 21

21
Om slavar
1Dette er dei lovene du skal leggja fram for israelittane: 2#5 Mos 15,12ff; Jer 34,14 Når du kjøper ein hebraisk slave, skal han arbeida i seks år. Men i det sjuande året skal han setjast fri utan vederlag. 3Kjem han som einsleg, skal han dra som einsleg. Er han gift, skal kona hans setjast fri saman med han. 4Dersom herren hans gjev han ei kone og ho føder han søner og døtrer, skal kona og borna høyra til herren hennar, og han skal setjast fri åleine. 5Men dersom slaven klårt seier: «Eg er glad i herren min og i kone og born, eg vil ikkje bli fri», 6#21,6 fram for Gud til heilagdomen eller til dommarane som er innsette av Gud. ein syl gjennom øyret symbolsk handling, teikn på varig lydnad. då skal herren føra han fram for Gud og stilla han opp ved døra eller ved ein dørstolpe, og herren hans skal stikka ein syl gjennom øyret på han. Så skal han vera slaven hans for all tid.
7Når ein mann sel dotter si som slavekvinne, skal ho ikkje gjevast fri på same måten som dei andre slavane. 8Har herren hennar valt henne ut til seg sjølv, men likevel ikkje likar henne, skal han la henne kjøpast fri. Men han har ikkje rett til å selja henne til eit framandt folk, sidan han har vore trulaus mot henne. 9Men har han valt henne ut til son sin, skal han gje henne dei same rettane som døtrer har. 10#21,10 angande oljar Tydinga av det hebr. ordet er usikker. Får han endå ei kone, skal han ikkje la den første mangla kjøt, klede eller angande oljar. 11Dersom han ikkje lèt henne få desse tre tinga, skal ho gjevast fri utan vederlag.
Om drap og skadar
12 # 1 Mos 9,6+ Den som slår eit menneske i hel, skal døy. 13#4 Mos 35,6.9; 5 Mos 4,41ff; 19,1ff; Jos 20,2ff Om han ikkje hadde planlagt det, men det var Gud som lèt han falla for hans hand, då skal eg fastsetja ein stad han kan rømma til. 14#1 Kong 2,29f Men når nokon med overlegg og list drep nesten sin, då skal du ta han, om det så er frå altaret mitt. Han skal døy. 15Den som slår far sin eller mor si, skal døy. 16#5 Mos 24,7 Den som bortfører eit menneske, skal døy, anten han sel det eller det blir funne hos han. 17#3 Mos 20,9; 5 Mos 27,16; Ordt 20,20; Matt 15,4 Den som forbannar far sin eller mor si, skal døy.
18Det kan henda at to menn kjem i trette. Den eine slår den andre med ein stein eller med knyttneven så han blir sengeliggjande, men han døyr ikkje. 19Dersom han kan stå opp att og gå ute med stokk, skal han som slo, sleppa straff. Han skal berre betala skadebot for den tida han har tapt, og syta for at han blir heilt frisk att.
20Når nokon slår ein slave eller ei slavekvinne med stokk, så slaven døyr for hans hand, då skal det hemnast. 21Men lever slaven ein dag eller to, skal det ikkje hemnast, slaven er jo hans eigedom.
22Det kan henda at nokon slåst og støyter til ei gravid kvinne så ho mistar barnet, men sjølv ikkje blir skadd. Då skal den skuldige betala den skadebota som mannen hennar pålegg han, og det skal skje hos dommarane. 23#3 Mos 24,19f; 5 Mos 19,21; Matt 5,38f Men skjer det ein skade, skal du bøta liv for liv, 24auge for auge, tann for tann, hand for hand, fot for fot, 25brannsår for brannsår, flengje for flengje, skramme for skramme.
26Når nokon slår ein slave eller ei slavekvinne i auget og skamfer det, skal han gje slaven fri som vederlag for auget. 27Slår han ut ei tann på ein slave eller ei slavekvinne, skal han gje slaven fri som vederlag for tanna.
Om oksar
28Det kan henda at ein okse stangar i hel ein mann eller ei kvinne. Då skal oksen steinast, og kjøtet må ikkje etast, men eigaren av oksen skal sleppa straff. 29Men dersom oksen hadde for vane å stanga, og eigaren ikkje såg etter han endå han hadde vorte åtvara, og oksen så drep ein mann eller ei kvinne, då skal oksen steinast, og eigaren skal òg døy. 30Blir han ilagd bot, skal han betala så mykje i løysepengar for livet sitt som det blir kravd av han. 31Er det ein gut eller ei jente oksen stangar, skal same lova gjelda. 32#21,32 30 sjekel ca. 342 g. Men er det ein slave eller ei slavekvinne oksen stangar, skal eigaren gje herren deira tretti sjekel sølv, og oksen skal steinast.
33Når ein mann lèt ein brønn stå open eller grev ein brønn utan å tekkja over, og ein okse eller eit esel dett nedi, 34då skal den som eig brønnen, gje vederlag til den som eigde dyret, men det daude dyret kan han få ha.
35Når ein okse skader ein annan manns okse så han døyr, skal dei selja den levande oksen og dela pengane. Det daude dyret skal dei òg dela. 36Men var det kjent at oksen hadde for vane å stanga, og eigaren likevel ikkje såg etter han, då skal han gje ein annan okse til vederlag, og det daude dyret skal vera hans.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring