2. Mosebok 14

14
Sivsjø-underet
1 Herren sa til Moses: 2#4 Mos 33,7 «Sei til israelittane at dei skal snu om og slå leir framfor Pi-Hahirot, mellom Migdol og havet! Framfor Baal-Safon, midt imot byen, skal de slå leir ved havet. 3Så kjem farao til å seia at israelittane har gått seg vill i landet, og at ørkenen har stengt dei inne. 4#4,21+; 7,5+ Eg vil gjera hjartet til farao ubøyeleg, så han set etter dei. Då skal eg visa min herlegdom på farao og heile hans hær. Og egyptarane skal kjenna at eg er Herren.» Dette gjorde israelittane.
5Då kongen i Egypt fekk melding om at folket hadde rømt, kom han og tenarane hans på andre tankar om folket. «Kva er det vi har gjort?» sa dei. «Vi lét israelittane dra frå slavearbeidet hos oss!» 6Så lét han spenna for vogna si og tok hæren med seg. 7Han tok 600 av dei beste vognene og elles alt som fanst av vogner i Egypt, og offiserar til kvar av dei. 8For Herren gjorde farao, kongen i Egypt, ubøyeleg i hjartet, så han sette etter israelittane. Men israelittane drog ut med lyft hand. 9Egyptarane sette etter dei med alle vognene, hestane og ryttarane og heile hæren til farao. Dei nådde dei att ved Pi-Hahirot, der dei låg i leir ved havet, framfor Baal-Safon.
10Då farao nærma seg, såg israelittane opp og fekk auge på egyptarane som kom etter dei. Dei vart gripne av stor redsle og ropa til Herren. 11#16,3; Sal 106,7 Dei sa til Moses: «Fanst det ikkje graver nok i Egypt sidan du har ført oss ut i ørkenen for å døy? Kvifor har du gjort dette mot oss? Kvifor førte du oss ut frå Egypt? 12Var det ikkje det vi sa til deg i Egypt: Lat oss få vera i fred, vi vil arbeida for egyptarane! Det er betre for oss å arbeida for dei enn å døy i ørkenen.» 13Då sa Moses til folket: «Ver ikkje redde! Stå fast, så skal de få sjå at Herren frelser dykk i dag! For slik de ser egyptarane i dag, skal de aldri meir sjå dei. 14#5 Mos 1,30; 3,22; Jos 10,14.42; Jes 30,15Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille.»
15 Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du til meg? Sei til israelittane at dei skal dra vidare! 16Du skal lyfta staven din og retta handa ut over havet og kløyva det, så israelittane kan gå tørrskodde tvers igjennom havet. 17Sjå, eg gjer hjartet til egyptarane ubøyeleg, så dei set etter dei. Eg skal visa min herlegdom på farao og heile hans hær, på vognene og ryttarane hans. 18Egyptarane skal kjenna at eg er Herren når eg viser min herlegdom på farao og vognene og ryttarane hans.»
19 # 23,20.23 Guds engel, som hadde gått føre Israels leir, bytte no plass og gjekk etter folket. Skysøyla som var framfor dei, flytte seg og stilte seg bak dei, 20#Sal 105,39 så ho kom mellom leiren til egyptarane og leiren til israelittane. Og skya kom med mørker, men lyste likevel opp natta, så dei ikkje kom innpå kvarandre heile natta. 21#Jos 3,16; Sal 66,6; 114,3; Jes 63,12 Då rette Moses handa ut over havet, og Herren dreiv havet bort med ein sterk austavind, som bles heile natta, så havet vart til tørt land. Vatnet vart kløyvd, 22#Jos 4,23; Sal 78,13; 106,9; 1 Kor 10,1f; Hebr 11,29 og israelittane gjekk tørrskodde tvers igjennom havet. Vatnet stod som ein mur til høgre og venstre for dei. 23Egyptarane sette etter dei med alle hestane, vognene og ryttarane til farao, og følgde etter dei midt ut i havet. 24#14,24 morgonvakta siste del av natta. Natta var delt inn i tre nattevakter. =tidsrekning. Men ved morgonvakta såg Herren ned på leiren til egyptarane frå eldsøyla og skysøyla, og han skapte forvirring blant dei. 25Han låste hjula på vognene deira så det vart tungt for dei å koma seg fram. Då sa egyptarane: «Lat oss rømma for israelittane! For Herren kjempar for dei mot egyptarane.»
26Då sa Herren til Moses: «Rett handa ut over havet, så skal vatnet venda attende over egyptarane, over vognene og ryttarane deira!» 27Så rette Moses handa ut over havet, og ved morgongry vende vatnet attende. Egyptarane rømde rett imot det, og Herren støytte dei midt ut i havet. 28Vatnet vende attende og skylde over alle vognene og ryttarane i hæren til farao, som hadde følgt etter israelittane ut i havet. Ikkje ein mann overlevde. 29Men israelittane gjekk tørrskodde gjennom havet medan vatnet stod som ein mur til høgre og venstre for dei.
30Den dagen frelste Herren Israel frå handa til egyptarane. Israelittane såg at egyptarane låg døde på stranda. 31#4 Mos 12,7f; Jos 1,1f.7; 1 Kong 8,56; Sal 105,26 Då dei såg det storverket Herren hadde gjort mot egyptarane, frykta folket Herren, og dei trudde på Herren og på Moses, tenaren hans.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring