Efesarane 4

4
Einskapen i kyrkja
1 # 4,1 fange for Herrens skuld >3,1. Så legg eg dykk på hjartet, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått: 2#Kol 3,12f mildt, audmjukt og tolmodig, så de ber over med kvarandre i kjærleik. 3#Kol 3,14f Gjer alt de kan for å ta vare på einskapen i Anden, i den fred som bind saman:
4 # Rom 12,5; 1 Kor 12,12ff éin kropp og éin Ande,
liksom de fekk éi von då de vart kalla,
5 # 1 Kor 8,6 éin Herre, éi tru, éin dåp,
6 # 1 Kor 12,6 éin Gud og Far for alle,
han som er over alle
og gjennom alle og i alle.
7 # Rom 12,6ff; 1 Kor 12,4ff.28ff Til kvar einskild av oss er nåden gjeven, alt etter som Kristi gåve blir tilmålt. 8#Sal 68,19 Difor heiter det:
Han steig opp i det høge
og førte bort fangar,
han gav menneska gåver.
9 # Joh 3,13 # 4,9 først hadde stige ned Ordet «først» manglar i nokre handskrifter. til det aller lågaste, til jorda kan òg omsetjast «til dei lågare delane av jorda». Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han først hadde stige ned til det aller lågaste, til jorda? 10Han som steig ned, er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11#1 Kor 12,28 Og det var han som gav somme til å vera apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. 12#2 Tim 3,17 Slik kunne dei heilage bli utrusta til teneste og Kristi kropp byggjast opp, 13#3,18f til vi alle når fram til einskapen i trua på Guds Son og i kjennskapen til han og blir det mogne mennesket som har nådd sin fulle vekst og har heile Kristi fylde.
14 # 1 Kor 14,20; Hebr 5,13; 13,9 Så skal vi ikkje lenger vera umyndige småborn, ikkje bli kasta hit og dit og drivne omkring ved kvart vindpust av ny lære, så vi blir eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15#1,22f; 5,23 Nei, vi skal vera trufaste mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16#1 Kor 12,12+; Kol 2,19 Ut frå han blir heile kroppen sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmålt. Slik veks kroppen og blir oppbygd i kjærleik.
Det gamle og det nye mennesket
17 # Rom 1,18ff Så bed eg dykk inntrengjande i Herren: Lev ikkje lenger slik som heidningane! Tankane deira er tomme, 18#2,12; Kol 1,21 vitet deira er formørkt, og dei er framande for livet i Gud. Dei kjenner han ikkje, og hjartet deira er forherda. 19Dei har vorte kjenslelause og har gjeve seg over til eit utsvevande liv, dei er ureine og grådige i alt det dei gjer.
20Men slik er det ikkje med dykk; de har lært Kristus å kjenna! 21For de har høyrt han og vorte underviste i han etter den sanninga som er i Jesus. 22#Rom 6,6; Kol 3,9f Lev ikkje som før, men legg av det gamle mennesket som blir fortært av dei forførande lystene. 23Bli nye i sjel og sinn! 24#Rom 6,4; 2 Kor 5,17 Kled dykk i det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga.
25 # Sak 8,16; Kol 3,8f Legg difor av løgna og snakk sant med kvarandre! For vi er lemer som høyrer kvarandre til. 26#Sal 4,5; Jak 1,19fBlir de harme, så synd ikkje, og lat ikkje sola gå ned over vreiden dykkar! 27Gjev ikkje djevelen rom! 28#Apg 20,34f; 1 Tess 4,11 Den som stal, skal ikkje lenger stela, men arbeida og gjera noko nyttig med sine eigne hender, så han kan ha noko å gje til dei som treng det.
29 # Matt 15,11; Kol 3,8.16; 4,6 Lat ikkje eit einaste ròte ord koma frå dykkar munn! Sei berre det som godt er, og som tener til oppbygging der det trengst, så det kan bli til velsigning for dei som høyrer på. 30#Jes 63,10; 2 Kor 1,22+#4,30 segl >1,13. Gjer ikkje Guds heilage Ande sorg, for Anden er seglet de ber til den dagen de skal friast ut. 31#Kol 3,8 Ver ikkje harde, hissige og sinte, og hald opp med skrål og spott og all annan vondskap. 32#Matt 6,14; Kol 3,12f Ver gode mot kvarandre og vis medkjensle, så de tilgjev kvarandre, liksom Gud har tilgjeve dykk i Kristus.

Markert nå:

Efesarane 4: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring