5. Mosebok 11

11
1Difor skal du elska Herren din Gud og alltid halda det han har fastsett, forskriftene, lovene og boda hans.
Herrens storverk
2Den dag i dag kjenner de Herren dykkar Guds oppseding, som borna dykkar ikkje kjenner og ikkje har sett:
hans velde,
hans sterke hand og hans utstrekte arm,
3 # 2 Mos 7–12 dei teikn og gjerningar han gjorde i Egypt
mot farao, kongen i Egypt,
og heile landet hans,
4 # 2 Mos 14,25.27 det han gjorde med hæren til egyptarane,
med hestane og vognene deira
då han lét vatnet i Sivsjøen velta innover dei
medan dei forfølgde dykk,
så han gjorde ende på dei for alltid,
5det han gjorde for dykk i ørkenen,
heilt til de kom til denne staden,
6 # 4 Mos 16,31–35 og det han gjorde med Datan og Abiram,
sønene til Eliab, son til Ruben,
den gongen jorda opna gapet
og slukte dei og familiane deira,
telta deira og kvar levande skapning i følgjet deira,
midt iblant alle israelittane.
7 # 29,3 Ja, med eigne auge har de sett alle dei storverka som Herren har gjort.
Eit land med mjølk og honning
8Hald difor alle dei boda eg gjev deg i dag, slik at de kan bli sterke og kan koma og ta det landet de er på veg til og skal leggja under dykk. 9#2 Mos 3,17 Då skal de få leva lenge i det landet som Herren med eid lova fedrane dykkar at han ville gje til dei og etterkomarane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning.
10 # 11,10 bruka føtene I Egypt vart jorda vatna ved irrigasjonssystem som kan ha vore drivne ved at ein trakka eit vasshjul for å pumpa vatn frå Nilen. For det landet du no går inn i og skal leggja under deg, liknar ikkje Egypt, det landet de drog ifrå. Der måtte du, som i ein grønsakhage, bruka føtene når du skulle så frøet ditt og vatna. 11Men landet de no er på veg til for å leggja under dykk, er eit land med fjell og dalar. Det får vatn å drikka av regnet frå himmelen. 12Det er eit land som Herren din Gud har omsut for. Alltid kviler Herren din Guds auge på det, frå året byrjar til det endar.
13 # 3 Mos 26,3–46; 5 Mos 28; 1 Kong 17 Om de lyder dei boda som eg gjev dykk i dag, og elskar Herren dykkar Gud og tener han av heile dykkar hjarte og heile dykkar sjel, 14#Jer 5,24; Joel 2,23f vil eg la landet få regn i rett tid, haustregn og vårregn, så du kan hausta inn korn, ny vin og fin olje. 15Gras skal eg la veksa på marka for buskapen din, og du skal få eta deg mett. 16Men akta dykk så ikkje hjartet blir ført på avvegar, så de vender dykk bort og dyrkar andre gudar og tilbed dei. 17For då logar Herrens harme opp mot dykk. Han stengjer himmelen så det ikkje fell regn og jorda ikkje gjev grøde. Og de går snart til grunne i det gode landet som Herren gjev dykk.
18 # 6,6–9; Ordt 6,21–23 Så ber då desse orda mine i hjarte og sinn. Bind dei om handa som eit teikn og ber dei på panna som eit merke. 19Lær dei vidare til borna dykkar, snakk om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. 20Skriv dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine. 21Då skal de og etterkomarane dykkar få leva lenge på den jorda som Herren med eid lova å gje fedrane dykkar, like lenge som himmelen kvelver seg over jorda.
22For dersom de legg vinn på å halda alle desse boda som eg gjev dykk, og lever etter dei så de elskar Herren dykkar Gud, alltid går på hans vegar og held fast ved han, 23#7,1 då skal Herren driva ut alle desse folkeslaga framfor dykk, og de skal jaga bort folkeslag som er større og sterkare enn de. 24#4 Mos 34,2–12; Jos 1,3f#11,24 Kvar stad … foten på viser til ei juridisk handling der ein skifte ut eigedom ved å stega opp grensene. Kvar stad de set foten på, skal høyra dykk til. Området dykkar skal strekkja seg frå ørkenen og Libanon, frå den store elva Eufrat, til havet i vest. 25#2 Mos 23,27 Ingen skal kunna stå seg mot dykk. Herren dykkar Gud skal setja skrekk og redsle for dykk i alt land de set foten på, slik som han har lova.
26 # Kap. 28; 30,1.15.19 Sjå, i dag legg eg fram for dykk velsigning og forbanning: 27#28,2–14 velsigning så sant de lyder boda frå Herren dykkar Gud, som eg gjev dykk i dag; 28#28,15–68; 30,17f forbanning dersom de ikkje lyder boda frå Herren dykkar Gud, men tek av frå den vegen eg i dag byd dykk å gå, og følgjer andre gudar som de ikkje kjenner. 29#27,12–26; Jos 8,33f Når Herren din Gud har ført deg inn i det landet du no er på veg til og skal leggja under deg, så skal du lysa velsigning over Garisim-fjellet og forbanning over Ebal-fjellet. 30#1 Mos 12,6#11,30 Gilgal ikkje Gilgal i Jordan-dalen (>Jos 4,19), men nær Sikem (>1 Mos 12,6). Som alle veit, ligg desse fjella på den andre sida av Jordan, der sola går ned, i landet til kanaanearane som bur på Araba-sletta, rett imot Gilgal, ved More-eika.
31No skal de gå over Jordan for å gå inn og ta det landet som Herren dykkar Gud vil gje dykk. Når de har teke det og busett dykk der, 32følg då trufast alle dei forskrifter og lover som eg legg fram for dykk i dag.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring