Daniel 2

2
Nebukadnesars draum
1 # 1 Mos 41,1ff I det andre året Nebukadnesar var konge, hadde han draumar som gjorde han uroleg til sinns så han ikkje fekk sova. 2#Jes 47,12f Då sa kongen at draumetydarane, åndemanarane, trollmennene og stjernetydarane skulle kallast inn for å fortelja han kva han hadde drøymt. Dei kom og steig fram for kongen. 3Han sa til dei: «Eg har hatt ein draum. Eg er uroleg til sinns og ønskjer å forstå draumen.»
4 # 3,9; 5,10; 6,7.22 # 2,4 arameisk 2,4b–7,28 er skrive på arameisk. Stjernetydarane svara kongen på arameisk: «Lenge leve kongen! Fortel tenarane dine draumen, så skal vi seia deg tydinga.» 5Då sa kongen til stjernetydarane: «Dette er mi faste avgjerd: Dersom de ikkje fortel meg både draumen og tydinga, skal de hoggast i bitar, og husa dykkar skal leggjast i grus. 6Men dersom de fortel meg både draumen og tydinga, skal de få rike gåver og stor ære av meg. Fortel meg difor draumen og tydinga!»
7Då svara dei andre gongen: «Berre kongen no fortel tenarane sine draumen, så skal vi seia deg tydinga.» 8Kongen tok til orde og sa: «Eg skjønar godt at de prøver å vinna tid, fordi de ser at ordet mitt står fast: 9Dersom de ikkje kan fortelja meg draumen, er det berre éin dom som gjeld for dykk. Men de har vorte samde om å føra meg bak lyset med ei løgn til tidene skifter. Difor: Sei meg draumen, så veit eg at de òg kan seia meg tydinga!»
10Stjernetydarane tok til orde og sa til kongen: «Det finst ikkje eit menneske på jorda som kan fortelja kongen dette. For aldri har nokon konge, kor stor og mektig han var, kravd noko slikt av ein draumetydar, åndemanar eller stjernetydar. 11Det kongen krev, er så vanskeleg at ingen andre enn gudane kan fortelja han det, og dei bur ikkje mellom dødelege.» 12Kongen vart frå seg av raseri over dette og baud at dei skulle gjera ende på alle vismennene i Babel.
13Då påbodet om å drepa vismennene var utsendt, leita dei òg etter Daniel og venene hans og ville slå dei i hel. 14Då vende Daniel seg med kloke og velvalde ord til Arjok, sjefen over livvakta til kongen, som hadde drege ut for å drepa vismennene i Babel. 15Han tok til orde og spurde Arjok, befalingsmannen til kongen: «Kvifor har kongen gjeve dette strenge påbodet?» Då lét Arjok Daniel få vita det. 16Daniel gjekk då inn og bad kongen gje han ein frist, så skulle han seia han tydinga.
17Så gjekk Daniel heim og gjorde saka kjend for venene Hananja, Misjael og Asarja. 18Dei skulle be Gud i himmelen visa miskunn og openberra dette mysteriet, så Daniel og venene hans ikkje skulle gå til grunne saman med resten av vismennene i Babel. 19Då vart mysteriet openberra for Daniel i eit syn om natta. Og Daniel velsigna Gud i himmelen. 20#1 Krøn 29,11f; Job 12,13 Han tok til orde og sa:
Velsigna er Guds namn
frå æve og til æve!
For visdomen og styrken er hans.
21 # Ordt 2,6; Dan 4,14.17.23.25.32; 5,21 Han lèt år og tider skifta,
set kongar av og set kongar inn.
Han gjev dei vise visdom
og dei vituge vit.
22 # Job 12,22; Sal 139,11f; 1 Kor 2,10 Han openberrar det djupe og det skjulte.
Han veit kva som er i mørkret,
og hos han bur lyset.
23Deg, mine fedrars Gud,
takkar og prisar eg,
for du har gjeve meg visdom og styrke.
No har du gjort kjent for meg det vi bad om,
det kongen vil vita, har du gjort kjent for oss.
Daniel tyder draumen til kongen
24Så gjekk Daniel til Arjok, som kongen hadde gjeve påbod om å gjera ende på vismennene i Babel. Han sa til han: «Gjer ikkje ende på vismennene i Babel! Før meg fram for kongen, så skal eg seia kongen tydinga.» 25Då skunda Arjok seg og førte Daniel fram for kongen og sa til han: «Mellom dei jødane som er her i eksil, har eg funne ein mann som kan seia kongen tydinga.» 26Kongen tok til orde og spurde Daniel, som hadde fått namnet Beltsasar: «Kan du fortelja meg både draumen eg har sett, og tydinga?» 27Daniel tok til orde og svara kongen: «Mysteriet som kongen spør om, kan ingen vismann eller åndemanar, draumetydar eller teikntydar gjera kjent for kongen. 28Men det er ein Gud i himmelen som openberrar mysterium. Han har gjort kjent for kong Nebukadnesar kva som skal henda i dei siste dagar. Dette er draumen og dei syn du hadde i hovudet medan du låg i senga.
29Då du låg i senga, konge, steig det tankar opp i deg om det som skal henda i framtida. Han som openberrar mysterium, gjorde kjent for deg det som skal henda. 30Og når dette mysteriet har vorte openberra for meg, er det ikkje fordi eg har større visdom enn alle andre som lever, men for at kongen skal få vita tydinga, så du kan kjenna tankane i hjartet ditt.
31Konge, i synet såg du ein kolossal statue. Han var stor og stråla sterkt. Han stod beint framfor deg og såg skremmeleg ut. 32Hovudet på statuen var av fint gull, brystet og armane av sølv, magen og hoftene av bronse. 33Beina var av jern og føtene dels av jern, dels av leire. 34Medan du såg på, vart ein stein riven laus, men utan at noka hand rørte ved han, og han råka statuen på føtene som var av jern og leire, og krasa dei. 35#Jes 17,13; Jer 13,24 Då gjekk det sund alt saman, både jernet og leira, bronsen, sølvet og gullet. Det vart som agner frå treskjevollen om sommaren. Vinden tok det, og det fanst ikkje meir. Men steinen som hadde råka statuen, vart til eit stort fjell som fylte heile jorda.
36Det var draumen, og no skal vi fortelja kongen tydinga. 37#Esek 26,7; Dan 4,22; 5,18 Konge, du konge over kongane, som Gud i himmelen har gjeve kongedøme, makt og styrke og ære! 38Menneska, kvar dei så bur, dyra på marka og fuglane under himmelen, alle har han gjeve i di hand, og han har sett deg til herskar over dei. Du er hovudet av gull. 39Men etter deg skal det koma eit anna kongerike, ringare enn ditt, og så eit tredje rike, av bronse, som skal råda over heile jorda. 40Det fjerde riket skal vera sterkt som jern. Som jernet knuser og knasar alt, skal det knusa og slå sund alle dei andre, lik jern som slår sund. 41Føtene og tærne som du såg, var dels av pottemakarleire, dels av jern. Slik skal riket vera delt. Noko av styrken til jernet skal vera i det. Du såg då at jernet var blanda med leire. 42At tærne dels var av jern og dels av leire, tyder at riket for ein del skal vera sterkt, men for ein del veikt. 43#2,43 dei kongane i desse rika. Slik jernet, som du såg, var blanda med leire, skal menneske blanda seg til ei slekt. Men dei skal likevel ikkje halda fast ved kvarandre, like lite som jern kan blanda seg med leire. 44#7,14.18.27; 1 Kor 15,24 Men i dagane til desse kongane skal Gud i himmelen skipa eit rike som aldri i æve går til grunne. Det riket skal ikkje gå over til noko anna folk. Det skal knusa og gjera ende på alle dei andre rika, men sjølv skal det stå til evig tid. 45Du såg då at ein stein vart riven laus frå fjellet, utan at noka hand rørte ved han, og han krasa jernet, bronsen, leira, sølvet og gullet. Den store Gud har no gjort kjent for kongen det som skal henda i framtida. Draumen er sann, og tydinga er påliteleg.»
46Då kasta kong Nebukadnesar seg ned med andletet mot jorda og tilbad Daniel. Han baud at dei skulle bera fram offer og røykjelse for han. 47#Sal 86,8 Kongen tok til orde og sa til Daniel: «Sanneleg, dykkar gud er gud over alle gudar og herre over alle kongar. Han openberrar mysterium, sidan du har greidd å openberra dette mysteriet.» 48Så gav kongen Daniel høg rang og mange store gåver. Han sette han til herre over heile provinsen Babel og til øvste leiar for alle vismennene der. 49#3,12.30 På Daniels bøn sette kongen Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego over provinsen Babel. Daniel sjølv vart verande ved kongens hoff.

Markert nå:

Daniel 2: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring