Kolossarane 3

3
Det gamle og det nye mennesket
1 # Sal 110,1; Apg 2,33+; Rom 6,3f; Kol 2,12 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2#Matt 6,20.33+ Vend dykkar sinn til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3#Rom 6,2; 2 Kor 5,14 For de er døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4#Gal 2,20; 1 Joh 3,2 Men når Kristus, dykkar liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.
5 # 3,5.8 Versa inneheld ein lastekatalog. =katalogar. # Rom 1,29ff+; Ef 5,3.5 Så lat det jordiske i dykk døy: hor, ureinskap, lidenskap, vond lyst, og trongen til alltid å eiga meir, som ikkje er anna enn avgudsdyrking. 6Alt dette gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige. 7#Tit 3,3 Mellom dei var de òg, den gongen de levde i dette. 8#Ef 4,25ff Men no må de leggja av alt dette: sinne, raseri, vondskap, spott og rått snakk. 9Og lyg ikkje for kvarandre! For de har kledd av dykk det gamle mennesket med dei gjerningar som høyrer det til, 10#1 Mos 1,26f; Ef 4,24 og ikledd dykk det nye mennesket, som blir fornya etter sin skapars bilete og lærer han å kjenna. 11#Joh 17,21; Rom 10,12; 1 Kor 12,13; Gal 3,28#3,11 barbar gr. barbaros, brukt om dei som stod utanfor det gresk-romerske kulturfellesskapet, m.a. ved å snakka språk som var uforståelege. Jf. Rom 1,14; 1 Kor 14,11. skytar Skytarane var eit folkeslag som budde nord for Svartehavet. Dei hadde ord på seg for å vera ville og ukultiverte. =ikkje-jødar. Her er ikkje grekar eller jøde, omskoren eller uomskoren, barbar, skytar, slave eller fri. Nei, Kristus er alt og i alle.
12 # Ef 4,2.32; 1 Pet 2,9 # 3,12 inderleg Det gr. ordet tyder «innvolar». Grekarane rekna innvolane som sete for kjenslene og kunne difor bruka ordet som nemning for hjartevarme og kjærleik. Jf. Fil 1,8; Filem 20. De er Guds utvalde, heilage og elska av han. Kled dykk difor i inderleg medkjensle og ver gode, milde, audmjuke og tolmodige, 13#Matt 6,14; Mark 11,25f; Ef 4,32 så de ber over med kvarandre og tilgjev kvarandre om den eine har noko å klaga den andre for. Som Herren har tilgjeve dykk, skal de tilgje kvarandre. 14#Rom 13,8.10; Ef 4,3 Og over alt dette: Kled dykk i kjærleik, det bandet som bind saman og gjer fullkomen. 15#Ef 4,4; Fil 4,7; Kol 1,18 Lat Kristi fred rå i hjartet dykkar, for til det vart de kalla då de vart éin kropp. Og ver takksame! 16#Ef 5,19f Lat Kristi ord få rikeleg rom hos dykk, så de med visdom kan undervisa og rettleia kvarandre, med salmar, hymner og åndelege songar. Syng for Gud med takk i hjarta! 17#1 Kor 10,31 Og alt de gjer, i ord og gjerning, skal de gjera i Herren Jesu namn og ved han takka Gud, vår Far.
Heim og familie
18 # 3,18–4,1 Avsnittet inneheld ei =hustavle som skildrar dei rette tilhøva mellom medlemene av ein storfamilie, «huset». Jf. Ef 5,22–6,9; 1 Pet 2,18–3,7. Kvinner, underordna dykk mennene dykkar, som det sømer seg i Herren. 19#Ef 5,25; 1 Pet 3,7 Menn, elsk konene dykkar og ver ikkje harde mot dei. 20#Ef 6,1 Born, ver lydige mot foreldra dykkar i alle ting, for det er til glede i Herren. 21#Ef 6,4 Foreldre, ver ikkje så strenge mot borna dykkar at dei mistar motet. 22#Ef 6,5; 1 Tim 6,1; Tit 2,9f; 1 Pet 2,18 Slavar, lyd dei jordiske herrane dykkar i alle ting. Ver ikkje augnetenarar som berre vil gjera menneske til lags, men lyd dei av eit ærleg hjarte, i ærefrykt for Herren. 23Alt arbeid skal de gjera heilhjarta, for det er Herren og ikkje menneske de tener. 24For de veit at de skal få arven som løn av Herren. Kristus er den herren de skal tena. 25#5 Mos 10,17; 2 Krøn 19,7; Apg 10,34; Rom 2,11; Gal 2,6; Ef 6,9; 1 Pet 1,17 Men den som gjer urett, skal få den løn han fortener. Her er det ikkje forskjell på folk.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring