Apostelgjerningane 15
N11NN
15
Møtet i Jerusalem
1 # 3 Mos 12,3; Gal 1,6f; 5,2 Så kom det nokre ned frå Judea og tok til å undervisa brørne: «Dersom de ikkje følgjer skikken frå Moses og lèt dykk omskjera, kan de ikkje bli frelste.» 2#Gal 2,1ff Paulus og Barnabas kom i strid med dei, og det vart eit hardt ordskifte. Då vart det vedteke at Paulus og Barnabas og nokre av dei andre skulle fara opp til Jerusalem og leggja spørsmålet fram for apostlane og dei eldste.
3Forsamlinga sende dei av stad, og dei drog gjennom Fønikia og Samaria. Til stor glede for alle dei syskena som var der, fortalde dei korleis heidningane hadde vendt om.
4 # 14,27 Då dei kom fram til Jerusalem, vart dei mottekne av forsamlinga, apostlane og dei eldste, og dei fortalde om kor store ting Gud hadde gjort gjennom dei. 5#11,2 Då reiste det seg nokre frå farisearflokken som hadde kome til trua, og sa: «Dei må omskjerast og påleggjast å halda Moselova.» 6Apostlane og dei eldste kom då saman for å drøfta denne saka. 7#10,1ff Det vart eit hardt ordskifte. Då reiste Peter seg og sa til dei: «Brør, de veit at Gud for lenge sidan valde ut meg mellom dykk; han ville at heidningane skulle få høyra evangelieordet av min munn og koma til tru. 8#10,44f Og Gud, som kjenner alle hjarte, vitna for dei då dei fekk Den heilage ande liksom vi. 9#10,34f; Gal 2,15f Han gjorde ingen forskjell på oss og dei, for ved trua reinsa han hjarta deira. 10#Matt 23,4; Gal 5,1 Kvifor vil de då utfordra Gud og leggja på nakken til læresveinane eit åk som verken fedrane våre eller vi var i stand til å bera? 11#Rom 3,24; Gal 2,16 Nei, det er ved Herren Jesu nåde vi trur at vi blir frelste, vi liksom dei.» 12Då vart heile flokken stille, og dei høyrde Barnabas og Paulus fortelja om alle dei teikn og under som Gud gjennom dei hadde gjort blant heidningane.
13Då dei var ferdige med å tala, tok Jakob til orde og sa: «Brør, høyr på meg! 14#Sak 2,15 Simeon har gjort det klårt korleis Gud frå først av sørgde for å vinna seg eit folk av heidningar for sitt namn. 15Og dette er i samsvar med det profetane har sagt, som skrive står:
16 # Am 9,11f Sidan vil eg koma att
og gjenreisa Davids falne hytte.
Det nedrivne byggjer eg opp;
eg reiser det på nytt,
17 så dei andre menneska kan søkja Herren,
alle folkeslaga som namnet mitt er nemnt over.
Så seier Herren, som gjer dette
18 # Jes 45,21 kjent frå æve av.
19Difor meiner eg at vi ikkje skal laga vanskar for dei heidningane som vender om til Gud. 20#1 Mos 9,4; 3 Mos 17,10ff; 1 Kor 10,7ff#15,20 kjøt av kvelte dyr kjøt av dyr som ikkje er slakta på rett rituell vis. Presisering av forbodet mot å eta blod, jf. 3 Mos 17,10–16. Men vi skal skriva til dei at dei skal halda seg frå det som er smitta av avgudsdyrking, og frå hor, frå kjøt av kvelte dyr og frå blod. 21#13,15 For Moses har frå gammalt av hatt nokon som forkynner han i alle byar; kvar sabbat blir han opplesen i synagogane.»
22 # 15,22 Silas nær medarbeidar til Paulus, truleg den same som Silvanus (lat. namneform) i 2 Kor 1,19; 1 Tess 1,1; 2 Tess 1,1; 1 Pet 5,12. =Paulus' medarbeidarar. Då vedtok apostlane og dei eldste, saman med heile forsamlinga, å velja ut nokre menn og senda dei til Antiokia i lag med Paulus og Barnabas. Dei valde Judas, som vart kalla Barsabbas, og Silas, begge leiarar mellom brørne. 23Dei fekk med seg dette brevet:
«Apostlane og dei eldste, brørne dykkar, helsar dei syskena som er av heidningætt i Antiokia, Syria og Kilikia. 24#Gal 2,4 Vi har fått høyra at nokre som kom frå oss, har gjort dykk rådville og urolege med orda sine. Frå oss har dei inga fullmakt. 25Difor vart vi samde om å velja nokre menn og senda dei til dykk saman med våre kjære brør Barnabas og Paulus, 26menn som har våga livet for vår Herre Jesu Kristi namn. 27Så sender vi Judas og Silas. Dei skal munnleg bera fram det same. 28#5,32+ For Den heilage ande og vi har vedteke at det ikkje skal leggjast på dykk noka anna bør enn dette som er nødvendig: 29at de held dykk frå kjøt ofra til avgudar, frå blod, frå kjøt av kvelte dyr og frå hor. Tek de dykk i vare for slikt, kjem det til å gå dykk godt. Lev vel!»
30Utsendingane drog ned til Antiokia. Der samla dei alle og gav dei brevet. 31#13,48 Dei las det opp og vart glade for den trøysta det gav. 32Judas og Silas, som sjølve var profetar, tala lenge til syskena der og sette mot i dei og styrkte dei. 33Då dei hadde vore der ei tid, lét syskena dei fara heim att til dei som hadde sendt dei, med ønske om fred. 34#15,34 Verset manglar i dei eldste handskriftene. {{Men Silas ville vera att.}} 35Paulus og Barnabas gav seg til i Antiokia og underviste og forkynte Herrens ord saman med mange andre.
Paulus på andre misjonsreisa
(15,36–18,22)
Paulus og Barnabas skil lag
36Etter ei tid sa Paulus til Barnabas: «Lat oss fara attende og vitja våre sysken i alle dei byane der vi har forkynt Herrens ord, og sjå korleis det går dei.» 37#12,12+ Barnabas ville òg ta med Johannes, han som dei kalla Markus. 38#13,13 Men Paulus fann det ikkje rett å ta han med, han som hadde skilt lag med dei i Pamfylia og ikkje hadde følgt dei i arbeidet deira. 39Det vart ein så bitter strid mellom dei at dei skilde lag. Barnabas tok Markus med seg og segla til Kypros. 40#14,26 Men Paulus valde å ta med Silas, og då brørne hadde gjeve han over til Herrens nåde, drog han av stad. 41Han la vegen gjennom Syria og Kilikia og styrkte forsamlingane der.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk