2. Samuelsbok 15
N11NN
15
Absalom gjer opprør
1 # 1 Sam 8,11; 1 Kong 1,5 Ei tid etter fekk Absalom seg vogn og hestar og femti mann som sprang føre han. 2Om morgonen gjekk han ofte tidleg ut og stod attmed vegen til porten. Og kvar gong det kom ein mann som hadde ei sak han ville leggja fram for kongen og få dom i, ropa Absalom på han og spurde: «Kva by er du frå?» Når mannen så svara: Tenaren din er frå den eller hin av Israel-stammane, 3sa Absalom til han: «Saka di er både god og rett, men hos kongen finst det ingen som høyrer på deg.» 4Og så sa han: «Gjev dei ville setja meg til dommar i landet! Då kunne alle som hadde ei trette eller ei sak, koma til meg, og eg skulle hjelpa dei til å få sin rett.» 5Når nokon kom bort og ville kasta seg ned for han, rette han ut handa, reiste han opp og kyste han. 6Slik gjorde Absalom med alle israelittar som kom til kongen og ville få dom i ei sak, og på den måten stal han hjartet til israelittane.
7Då fire år var lidne, sa Absalom til kongen: «Lat meg få fara til Hebron og halda den lovnaden eg har gjeve Herren! 8#1 Mos 28,20ff For då eg budde i Gesjur i Aram, gav tenaren din denne lovnaden: Fører Herren meg heim att til Jerusalem, vil eg ofra til han.» 9Kongen svara: «Far i fred!» Og Absalom fór straks til Hebron. 10#1 Kong 1,39 Samstundes sende han i løynd folk rundt til alle Israel-stammane med det bodet: «Når de høyrer hornet ljoma, skal de ropa: Absalom har vorte konge i Hebron!» 11To hundre mann tok ut frå Jerusalem saman med Absalom. Dei var kalla ut og gjekk i god tru utan å ana uråd. 12#1 Krøn 27,33#15,12 Gilo by i Juda, mellom Jerusalem og Betlehem. Medan Absalom bar fram slaktoffera, sende han bod etter Ahitofel frå Gilo, rådgjevaren til David, som var i heimbyen sin. Samansverjinga auka i styrke, og det samla seg meir og meir folk om Absalom.
David rømmer frå Jerusalem
13Det kom ein bodberar til David og sa: «Kvar mann i Israel har vendt hjartet sitt til Absalom.» 14#Sal 3,1ff Då sa David til alle dei mennene han hadde hos seg i Jerusalem: «Kom, lat oss rømma! På annan måte kan vi ikkje sleppa unna Absalom. Skund dykk av stad! Elles skundar han seg og når oss att. Så fører han ulukke over oss og slår byen med sverd.» 15Kongsmennene svara: «Tenarane dine vil gjera alt vår herre kongen ønskjer.» 16#16,21f Så tok kongen ut til fots med heile sitt hus. Berre ti følgjekoner lét han vera att for å sjå etter kongeborga.
17Kongen og heile hæren tok ut til fots. Dei stogga ved det siste huset. 18#15,18 kretarane og pletarane >8,18. Alle kongsmennene gjekk forbi han. Alle kretarane og pletarane og alle dei seks hundre mennene som hadde følgt han frå Gat, gjekk forbi framfor kongen.
19Då sa kongen til Ittai frå Gat: «Kvifor går du òg med oss? Vend attende og ver hos den nye kongen! For du er ein framand her og ein som sjølv er driven i eksil frå heimstaden din. 20Du kom i går, og så skulle eg alt i dag la deg flakka ikring saman med oss? Eg veit ikkje sjølv kvar eg skal gå. Snu om, og ta landsmennene dine med deg tilbake. Gjev Herren må vera god og trufast mot dykk!» 21#Rut 1,16f Men Ittai svara kongen: «Så sant Herren lever, og min herre kongen lever, der min herre kongen er, der vil tenaren din òg vera, anten det ber til liv eller død.» 22Då sa David til Ittai: «Så gå forbi, du òg!» Og Ittai frå Gat gjekk forbi med alle mennene sine og alle kvinnene og borna deira.
23Alle gret høgt då hæren gjekk forbi. Kongen kryssa Kedron-bekken, og heile hæren gjekk forbi og tok vegen mot ørkenen. 24No kom Sadok òg med alle levittane som bar Guds paktkiste. Dei sette kista ned, og Abjatar bar fram offer heilt til heile hæren hadde fare ut av byen. 25Kongen sa til Sadok: «Før Guds paktkiste tilbake til byen. Finn eg nåde for Herrens auge, lèt han meg koma tilbake, så eg får sjå att både paktkista og staden der ho står. 26#1 Sam 3,18; 2 Sam 10,12 Men seier han: Eg har ikkje hugnad i deg, då får han gjera med meg som han synest best.» 27Så sa kongen til presten Sadok: «Skjønar du? Vend attende til byen i fred. Du og Ahimaas, son din, og Jonatan, son til Abjatar, skal vera med dykk. 28#15,28 vadestadene ved Jordan, nær Jeriko. Eg skal venta attmed vadestadene i ørkenen til det kjem melding frå dykk.» 29Då førte Sadok og Abjatar Guds paktkiste tilbake til Jerusalem, og der vart dei verande. 30#Est 6,12; Jer 14,3f; Mi 1,8 David gjekk gråtande oppover Oljeberget, berrføtt og med tildekt hovud. Alle som var med han, hadde òg dekt hovudet og gjekk gråtande oppover.
31 # 17,14; Job 5,12 David fekk høyra at Ahitofel var mellom dei som hadde svore seg saman med Absalom, og han bad: «Herre, gjer Ahitofels råd til skamme!»
32Då David kom opp på berget der ein plar tilbe Gud, kom arkitten Husjai imot han med sundriven kjortel og mold på hovudet. 33David sa til han: «Fer du saman med meg, blir du berre til bry for meg. 34Men går du tilbake til byen, kan du hindra Ahitofels planar for meg. Sei til Absalom: Eg vil vera din tenar, konge! Før har eg tent far din, no vil eg tena deg. 35Der har du òg prestane Sadok og Abjatar med deg. Alt du får høyra frå kongens hus, skal du melda til dei. 36Begge sønene deira, Ahimaas, son til Sadok, og Jonatan, son til Abjatar, er der saman med dei. Med dei skal de senda bod til meg om alt de får høyra.» 37Så kom Husjai, Davids ven, til Jerusalem på same tid som Absalom drog inn i byen.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk