2. Samuelsbok 14
N11NN

2. Samuelsbok 14

14
1Joab, son til Seruja, skjøna at kongen lengta etter Absalom. 2Han sende bod etter ei klok kvinne frå Tekoa og sa til henne: «Lat som om du sørgjer! Kled deg i sørgjeklede og salv deg ikkje med olje! Ber deg åt som ei kvinne som i lang tid sørgjer over ein som er død. 3Gå så til kongen og sei dette til han!» Så fortalde Joab henne kva ho skulle seia. 4Kvinna frå Tekoa gjekk til kongen, kasta seg ned for han med andletet mot jorda og sa: «Hjelp meg, konge!» 5«Kva er i vegen med deg?» spurde kongen.
Ho svara: «Å! Eg er enkje. Mannen min er død. 6#1 Mos 4,8 Tenestekvinna di hadde to søner. Dei kom i trette med kvarandre utpå marka, og det var ingen der til å skilja dei. Då slo den eine til den andre og drap han. 7#4 Mos 35,19 No har heile slekta reist seg mot tenestekvinna di. Dei seier: Kom hit med han som drap bror sin! Vi vil ta livet av han fordi han slo broren i hel; så får vi med det same rydda arvingen av vegen. – Slik kjem dei til å sløkkja den siste gneisten eg har att, og ta frå mannen min både namn og etterkomarar på jorda.» 8Då sa kongen til kvinna: «Gå heim att! Eg skal ta meg av saka for deg.» 9Men kvinna frå Tekoa svara: «Min herre konge, eg og mitt hus skal bera skulda. Kongen og trona skal vera skuldfrie.» 10Kongen sa: «Er det nokon som seier noko til deg, så før han hit! Han skal ikkje plaga deg meir.» 11#1 Sam 14,45 Då sa ho: «Måtte kongen hugsa på Herren din Gud, så ikkje blodhemnaren valdar endå meir ulukke og sonen min blir drepen.» Kongen svara: «Så sant Herren lever, ikkje eit hår skal bli rørt på hovudet til sonen din.»
12Då sa kvinna: «Lat tenestekvinna di få seia endå eit ord til min herre kongen.» «Ja», svara han. 13Kvinna sa: «Korleis kunne du då tenkja ut ei slik ulukke mot Guds folk? For med det kongen no sa, har han gjort seg sjølv skuldig, sidan kongen ikkje lèt han som er bortstøytt, koma tilbake. 14#Job 14,10ff; Sal 89,49; Esek 18,23–32 Sanneleg, vi må alle døy. Vi er som vatn som er utrent på jorda og ikkje kan ausast opp att. Men Gud vil ikkje ta liv. Hans vilje er at den som er bortstøytt frå han, ikkje skal vera det lenger. 15Eg kjem og legg denne saka fram for min herre kongen. For folket skremde meg, og då tenkte eg: Tenestekvinna di vil gå og tala med kongen. Kanskje gjer kongen det tenestekvinna hans bed han om. 16Kongen vil nok høyra på tenestekvinna si og berga henne frå den mannen som vil utrydda både meg og sonen min frå Guds eigedom. 17#1 Sam 29,9 Tenestekvinna di tenkte at eit ord frå min herre kongen ville vera meg til trøyst. For min herre kongen er lik ein Guds engel som skil mellom godt og vondt. Måtte Herren din Gud vera med deg!»
18Kongen sa då til kvinna: «Svar meg sant på det som eg no vil spørja deg om!» «Tal, herre konge!» sa ho. 19Kongen spurde: «Har Joab hatt ei hand med i alt dette?» Kvinna svara: «Så sant du lever, herre konge: Ingen kan koma bort frå at det er slik min herre kongen seier. Det var Joab, tenaren din, som baud meg gjera dette, og som sjølv la alle desse orda i munnen på tenestekvinna di. 20Dette gjorde Joab, tenaren din, for å gje saka ei ny vending. Men min herre er vis som ein Guds engel og veit alt som hender på jorda.»
21Så sa kongen til Joab: «Saka er avgjord! Eg skal gjera dette. Far i veg og hent den unge guten, Absalom.» 22Då kasta Joab seg ned med andletet mot jorda, velsigna kongen og sa: «I dag skjønar tenaren din at du ser på meg med velvilje, herre konge, sidan du gjer som eg bad deg om.»
23Og Joab drog straks av stad til Gesjur og henta Absalom til Jerusalem. 24Men kongen sa: «Han kan gå heim til sitt eige hus; eg vil ikkje sjå han for auga mine.» Absalom gjekk då heim til huset sitt og viste seg ikkje for kongen.
25 # 1 Sam 9,2 Så vakker ein mann som Absalom fanst ikkje i heile Israel. Ingen var lovprisa som han. Frå hovud til hæl fanst det ikkje feil ved han. 26#14,26 200 sjekel ca. 2,3 kg. Ein gong i året vart håret hans så tungt at han måtte klippa det av. Og når han hadde gjort det, vog det to hundre sjekel etter kongens vekt. 27Absalom fekk tre søner og ei dotter. Ho heitte Tamar og var ei vakker kvinne.
28Absalom budde i Jerusalem i to år utan å visa seg for kongen. 29Då sende han bod til Joab og bad han gå til kongen, men Joab ville ikkje koma. Han sende bod endå ein gong, men Joab ville ikkje koma då heller. 30#Dom 15,4f Då sa Absalom til tenarane sine: «De veit at Joab har ein åkerteig rett ved sida av min. Der har han bygg. Gå og set eld på den åkeren!» Så sette tenarane til Absalom eld på åkeren. 31Då stod Joab opp, gjekk heim til Absalom og spurde han: «Kvifor har tenarane dine svidd av åkeren min?» 32Absalom svara: «Eg sende bod til deg og bad deg koma hit. Eg ville få deg til å gå til kongen og spørja: Kvifor skulle eg koma heim frå Gesjur? Det hadde vore betre for meg om eg var der enno. No vil eg gå fram for kongen. Om eg er skuldig, får han heller drepa meg.» 33Joab gjekk til kongen og sa dette til han. Då kalla David Absalom til seg. Han kom inn og kasta seg ned for kongen med andletet mot jorda, og kongen kyste han.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk