2. Krønikebok 2

2
Salomo førebur tempelbygginga
1 # 1 Kong 5,1–18 Salomo tenkte no på å byggja eit hus for Herrens namn og ein kongebustad til seg sjølv. 2Han skreiv ut 70 000 mann til berarar, 80 000 mann til steinhoggarar i fjellet og 3600 mann til å ha tilsyn med dei. 3#2 Sam 5,11; 1 Krøn 14,1 Så sende Salomo bod til Hiram, kongen i Tyros, og sa: «Gjer no det same for meg som du gjorde for David, far min, då du sende han sedertre så han kunne byggja seg eit hus til å bu i. 4#2,4 nymånedagane =festar og høgtider. No vil eg byggja eit hus for namnet til Herren min Gud og helga det til han. Der skal vi brenna velluktande røykjelse for hans andlet, og det skal alltid liggja skodebrød framme. Brennoffer skal vi bera fram morgon og kveld på sabbatsdagane, nymånedagane og høgtidene for Herren vår Gud. I alle tider skal dette gjelda for Israel. 5#1 Krøn 16,25; Sal 86,8 Det huset eg vil byggja, skal vera stort, for vår Gud er større enn alle gudar. 6#1 Kong 8,27; 1 Krøn 29,14; 2 Krøn 6,18 Men kven maktar vel byggja eit hus for han når himmelen og himlars himmel ikkje kan rømma han? Og kven er vel eg? Kan eg byggja eit hus for han, anna enn for å tenna offereld for hans andlet? 7Send meg no ein mann som er kunnig i arbeid med gull og sølv, bronse og jern, purpurraudt, karmosinraudt og purpurblått stoff, ein som òg er kunnig i gravering. Han skal arbeida i lag med dei kunnige mennene som eg har her i Juda og Jerusalem, og som David, far min, førebudde til dette. 8Og send meg sedertre, sypressar og sandeltre frå Libanon! Eg veit at mennene dine skjønar seg på å fella tre i Libanon. Og mine folk skal arbeida saman med dine. 9Dei må skaffa meg mykje tømmer. For det huset eg vil byggja, skal bli stort og flott. 10#1 Kong 5,11#2,10 kor, bat 1 kor er 364 l, og 1 bat er 36,4 l. Tømmerhoggarane, tenarane dine som feller trea, skal eg gje tjue tusen kor kveite, tjue tusen kor bygg, tjue tusen bat vin og tjue tusen bat olje.»
11 # 1 Kong 10,9 Hiram, kongen i Tyros, svara i eit brev som han sende til Salomo: «Fordi Herren elskar folket sitt, har han sett deg til konge over det.» 12Og Hiram heldt fram: «Velsigna er Herren, Israels Gud, han som skapte himmelen og jorda. Han har gjeve kong David ein vis son, som har slikt vit og slik forstand at han kan byggja eit hus for Herren og ein kongebustad til seg sjølv. 13#1 Kong 7,13ff No sender eg deg ein klok og kunnig mann, Hiram, meisteren min. 14#2 Mos 31,1ff Han er son til ei kvinne blant Dans døtrer, men far hans er frå Tyros. Han er kunnig i arbeid med gull og sølv, bronse og jern, stein og tre, med purpurraudt og purpurblått, kvitt og karmosinraudt stoff. Han er òg kunnig i all slags gravering, og han kan tenkja ut og laga alt han blir sett til. Han skal arbeida saman med dei kunnige mennene dine og dei kunnige mennene som var hos herren min, David, far din. 15No kan herren min senda kveiten og bygget, oljen og vinen som han har tala om, til tenarane sine. 16#Esra 3,7 Så skal vi hogga så mange tre i Libanon som du treng, og føra dei i flåtar sjøvegen til Jaffa. Men du må sjølv få dei opp til Jerusalem.»
17 # 1 Krøn 22,2 Så lét Salomo telja alle innflyttarane i Israel, slik David, far hans, hadde halde folketeljing før han. Det var i alt 153 600 mann. 18#Jos 9,27 Av dei gjorde han 70 000 til berarar, 80 000 til steinhoggarar i fjellet og 3600 til formenn; dei skulle sjå etter at folk gjorde arbeidet sitt.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring