2. Krønikebok 1

1
Herren gjev Salomo makt og visdom
1 # 1 Kong 2,12.46; 1 Krøn 29,25 Salomo, son til David, styrkte kongsmakta si. Herren hans Gud var med han og gjorde han stor og mektig. 2#1 Kong 3,4–15 Salomo tala til heile Israel – til førarane for tusen mann og hundre mann, til dommarane og til alle leiarane i Israel, leiarane for familiane. 3#2 Mos 26,1ff; 1 Krøn 21,29 Så drog Salomo og heile forsamlinga med han til offerhaugen i Gibeon. For der stod Guds teltheilagdom, som Moses, Herrens tenar, hadde laga i ørkenen. 4#1 Krøn 13,6 Men Guds paktkiste hadde David ført opp frå Kirjat-Jearim til den staden han hadde stelt til for henne. For David hadde reist eit telt for henne i Jerusalem. 5#2 Mos 38,1 Bronsealtaret som Besalel, son til Uri, son til Hur, hadde laga, stod i Gibeon framfor Herrens bustad. Dit søkte Salomo og forsamlinga. 6Og der, på bronsealtaret som høyrde teltheilagdomen til, ofra Salomo til Herren; tusen brennoffer bar han fram på det.
7Same natta synte Gud seg for Salomo og sa til han: «Bed om kva du vil. Eg skal gje deg det!» 8Salomo svara Gud: «Du har vist stor miskunn mot David, far min, og gjort meg til konge etter han. 9#1 Mos 13,16Herre, min Gud, lat no ordet ditt til David, far min, bli stadfest! Du har gjort meg til konge over eit folk like talrikt som støvet på jorda. 10Gjev meg no visdom og vit så eg kan vera førar og leiar for dette folket. For kven kunne elles styra dette folket ditt, så stort som det er?»
11 # Matt 6,33; Ef 3,20 Då sa Gud til Salomo: «Sidan det var dette som låg deg på hjartet, og du ikkje bad om rikdom, gods og ære, ikkje om død over fiendane dine eller om eit langt liv, men bad om visdom og forstand så du kan styra folket mitt som eg har sett deg til konge over, 12så skal du få visdom og vit. Men eg vil òg gje deg så mykje rikdom, formue og ære som ingen av kongane før deg har hatt og ingen etter deg kjem til å få.» 13Så fór Salomo frå offerhaugen i Gibeon, bort frå teltheilagdomen og heim til Jerusalem. Og han styrte som konge i Israel.
14 # 1 Kong 10,26–29; 2 Krøn 9,25–28 Salomo samla vogner og hestar. Han hadde fjorten hundre vogner og tolv tusen hestar. Han plasserte dei i vognbyane og hos seg sjølv i Jerusalem. 15Kongen gjorde sølv og gull like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i låglandet. 16#1,16 Kue >1 Kong 10,28. Hestane sine fekk Salomo frå Egypt og frå Kue. Kjøpmennene hans henta dei i Kue mot betaling. 17#1,17 600 sjekel, 150 sjekel ca. 6,8 kg og 1,7 kg. Kvar vogn som vart ført inn frå Egypt, kosta seks hundre sjekel sølv, og kvar hest eitt hundre og femti sjekel. Så selde dei hestar og vogner vidare til hetittkongane og aramearkongane.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring