2. Tessalonikar 3

3
Ønske om forbøn
1 # Rom 15,30+; Ef 6,18f Til slutt, sysken, be for oss at Herrens ord må få fritt løp og haldast i ære, liksom hos dykk! 2Og be om at vi må bli berga frå vrange og vonde menneske – for det er ikkje alle som trur. 3#Joh 17,15; 1 Kor 1,9; 10,13; 1 Tess 5,24 Men Herren er trufast, han skal styrkja dykk og vara dykk frå det vonde. 4Og i Herren har vi den tillit til dykk at de gjer og kjem til å gjera det vi byd dykk. 5Gjev Herren må leia hjartet dykkar fram til Guds kjærleik og Kristi tolmod!
Mot uorden og ulydnad
6 # Matt 18,17; Rom 16,17+; 1 Tess 4,1 # 3,6 de fekk Svært mange handskrifter har «dei fekk». Vi byd dykk, sysken, i Herren Jesu Kristi namn, at de held dykk unna alle sysken som ikkje held orden på livet sitt og ikkje retter seg etter den overleveringa de fekk av oss. 7#1 Kor 4,16; 11,1; Fil 3,17; 1 Tess 1,6 De veit sjølve korleis de må leva om de vil likna oss. For vi levde ikkje eit latmannsliv hos dykk, 8#1 Tess 2,9 og vi åt ikkje vårt brød hos nokon utan å betala. Vi arbeidde natt og dag; vi streva og sleit så vi ikkje skulle vera ei bør for nokon av dykk. 9#Matt 10,10; 1 Kor 9,6ff; 1 Tess 1,6 Vi har nok full rett til livsopphald, men vi ville gje dykk eit føredøme så de kunne etterlikna oss. 10#1 Mos 3,19 For då vi var hos dykk, gav vi dykk dette påbodet: Den som ikkje vil arbeida, skal heller ikkje eta. 11#1 Tim 5,13 Men no høyrer vi at somme av dykk ikkje held orden på livet sitt; dei passar ikkje arbeidet sitt, dei berre går og driv. 12#1 Tess 4,11 Slike folk byd og formanar vi i Herren Jesu Kristi namn at dei skal arbeida i det stille og eta sitt eige brød.
13 # Gal 6,9 Men de, sysken, bli ikkje trøytte av å gjera det som rett og godt er! 14#1 Kor 5,9.11; 2 Tess 3,6 Og er det nokon som ikkje vil retta seg etter det vi har sagt i dette brevet, skal de merka dykk kven det er. Ha ikkje noko med han å gjera, så han ser si skam. 15#Gal 6,1 Men hald han ikkje for ein fiende; tal han til rette som ein bror.
Sluttord
16 # Rom 15,33; 1 Tess 5,23 Må fredens Herre sjølv gje dykk fred, alltid og på alle måtar. Herren vere med dykk alle!
17 # 3,17 skriv … med mi eiga hand Paulus skreiv til vanleg ikkje breva sine sjølv, men dikterte dei til skrivarar. Her legg han til noko med eiga hand. Jf. 1 Kor 16,21; Gal 6,11; Kol 4,18; Filem 19. Eg, Paulus, skriv denne helsinga med mi eiga hand. Dette er kjennemerket i kvart brev. Slik er mi handskrift.
18Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle!

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring