2. Krønikebok 22

22
Kong Ahasja og mor hans
1 # 2 Kong 8,25–29; 9,21–29; 1 Krøn 3,11 Dei som budde i Jerusalem, gjorde Ahasja, yngste son til Joram, til konge etter han. For alle dei eldre sønene hadde vorte drepne av ein røvarflokk som kom til leiren saman med arabarane. Såleis vart Ahasja, son til Joram, konge i Juda. 2#22,2 førtito 2 Kong 8,26 har «tjueto». Ahasja var førtito år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i eitt år. Mor hans heitte Atalja og var dotter til Omri. 3I si ferd var Ahasja òg som kongane av Ahabs hus, for mor hans rådde han til å gjera urett. 4Han gjorde det som vondt var i Herrens auge, slik som Ahabs hus. For dei var rådgjevarane hans etter at far hans var død, og det øydela han.
5 # 22,5 Ramot i Gilead >1 Kong 22,3. Det var etter deira råd at han saman med Israels-kongen Joram, son til Ahab, gjekk til krig mot aramearkongen Hasael ved Ramot i Gilead. Men Joram vart såra av aramearane. 6#22,6 Ahasja Omsetjinga følgjer =Septuaginta. Hebr. har Asarja, men jf. v. 7 og 2 Kong 8,29. Då vende han attende til Jisreel for å få lækt dei såra som han hadde fått ved Ramot i kampen med aramearkongen Hasael. Og Juda-kongen Ahasja, son til Joram, drog ned til Jisreel og ville sjå til Joram, son til Ahab, medan han låg sjuk.
7Men Gud ville at Ahasja skulle gå til grunne når han kom til Joram. Då han kom dit, drog han saman med Joram ut mot Jehu, son til Nimsji, som Herren hadde salva til å utrydda Ahabs hus. 8#2 Kong 10,13f Og medan Jehu heldt på å setja i verk dommen over Ahabs hus, møtte han leiarane frå Juda og brorsønene til Ahasja, som var i teneste hos kongen, og han drap dei. 9#2 Krøn 17,3f Så leita han etter Ahasja. Dei tok han medan han heldt seg løynd i Samaria. Dei førte han til Jehu og drap han. Så gravla dei han; for dei sa: «Han er ein etterkomar av Josjafat, han som søkte Herren av heile sitt hjarte.» No var det ingen att av Ahasjas hus som var i stand til å ta over kongsmakta.
10 # 2 Kong 11,1–3 Då Atalja, mor til Ahasja, fekk vita at son hennar var død, byrja ho med ein gong å rydda ut heile kongsætta i Juda. 11Men kongsdottera Josjabat tok i løynd Joasj, son til Ahasja, bort frå dei kongssønene som skulle drepast. Ho førte han og fostermor hans inn på ein sovesal. Der gøymde Josjabat guten for Atalja, så ho ikkje kunne drepa han. Josjabat var dotter til Joram og gift med presten Jojada. Ho var altså syster til Ahasja. 12#22,12 Guds hus tempelet i Jerusalem. I seks år heldt han seg løynd hos dei i Guds hus medan Atalja styrte i landet.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring