2. Krønikebok 13

13
Kong Abia vinn over Jeroboam
1 # 1 Kong 15,1–8 I det attande styringsåret til Jeroboam vart Abia konge i Juda. 2Han regjerte i Jerusalem i tre år. Mor hans heitte Mikaja og var dotter til Uriel frå Gibea. Mellom Abia og Jeroboam var det krig. 3Abia byrja krigen med ein hær av djerve krigarar, fire hundre tusen utvalde menn. Men Jeroboam stilte opp ein hær mot han på åtte hundre tusen utvalde menn, djerve krigarar dei òg.
4Abia steig fram på Semarajim-fjellet i Efraims fjelland og sa: Høyr på meg, Jeroboam og heile Israel! 5#13,5 saltpakt >4 Mos 18,19. De veit då at Herren, Israels Gud, gav kongsmakta over Israel til David og etterkomarane hans til evig tid gjennom ei saltpakt. 6#1 Kong 11,26 Men Jeroboam, son til Nebat, som stod i teneste hos Salomo, Davids son, reiste seg mot herren sin og gjorde opprør. 7Simple og vondsinna menn samla seg om han. Dei sette seg opp mot Rehabeam, son til Salomo. Og Rehabeam var ung og veik og kunne ikkje stå imot dei. 8#1 Kong 12,28ff Og no tenkjer de at de kan stå imot Herrens kongsmakt, som er i hendene på etterkomarane til David, fordi de er så mange og har med dykk dei gullkalvane som Jeroboam fekk laga til gudar for dykk. 9#1 Kong 12,31 Men de har drive bort Herrens prestar, Aron-sønene, og levittane, og de har sett inn eigne prestar, slik som folka i landa omkring. Kvar den som kjem med ein ung okse og sju vêrar og vil få prestevigsle, han blir prest for desse ikkje-gudane.
10Men vår Gud er Herren, og vi har ikkje forlate han. Dei prestane som tener Herren, er etterkomarar av Aron, og levittane gjer si teneste. 11#2 Mos 25,30.37; 29,38ff; 30,34ff; 1 Krøn 16,40 Kvar morgon og kvar kveld ber dei fram brennoffer for Herren og velluktande røykjelse, og dei legg fram brød på det reine bordet. Og kvar kveld kveikjer dei lampene på gull-lysestaken. For vi held pliktene våre mot Herren vår Gud; men de har forlate han. 12#4 Mos 10,9 Sjå, Gud er med oss, han går i spissen, og prestane hans blæs i trompetane og gjev krigssignalet mot dykk. Israelittar, strid ikkje mot Herren, dykkar fedrars Gud! For de kjem ikkje til å lukkast.
13Imedan hadde Jeroboam late ein styrke gå rundt for å falla judearane i ryggen. Slik fekk judearane hæren framfor seg og bakhaldsstyrken i ryggen. 14Då judearane snudde seg og fekk sjå at dei var utsette for åtak både framanfrå og bakanfrå, ropa dei til Herren, medan prestane bles i trompetane. 15Så sette judearane i krigsropet. Då judearane ropa, lét Gud Jeroboam og heile Israel lida nederlag for Abia og judearane. 16Israelittane rømde for judearane, og Gud gav dei over i deira hender. 17Abia og hærfolket hans gav dei eit stort nederlag. Av Israels utvalde menn var det fem hundre tusen falne. 18Slik vart israelittane audmjuka den gongen. Judearane var dei sterkaste, for dei sette si lit til Herren, sine fedrars Gud.
19Abia forfølgde Jeroboam og tok nokre av byane hans: Betel med landsbyane som høyrde til, Jesjana med landsbyar og Efron med landsbyar. 20Jeroboam kom ikkje til makta att så lenge Abia levde. Og Herren slo han så han døydde. 21Men Abia styrkte makta si. Han tok seg fjorten koner og fekk tjueto søner og seksten døtrer. 22#9,29 Det som elles er å seia om Abia og alt han sa og gjorde, står skrive i kommentarane til profeten Iddo.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring