1. Peter 1
N11NN

1. Peter 1

1
Helsing
1 # 1,1 Peter apostelen Peter. apostel ein utsending med fullmakt til å tala på vegner av herren sin. Blir oftast brukt om dei 12 læresveinane Jesus valde ut. spreidde omkring I jødisk litteratur blir uttrykket brukt om jødar som budde utanfor Israel. Pontos … Bitynia =romerske provinsar i Vesleasia (det noverande Tyrkia). Peter, Jesu Kristi apostel, helsar dei utvalde som lever som framande, spreidde omkring i Pontos, Galatia, Kappadokia, Asia og Bitynia. 2#Rom 8,29; 2 Tess 2,13; Hebr 12,24; 2 Pet 1,2 De er utvalde slik Gud, vår Far, på førehand hadde fastsett, og ved Anden vigde til å vera lydige og til å bli reinsa ved Jesu Kristi blod. Nåde og fred vere med dykk i rikt mål!
Ei levande von
3 # Joh 3,3+; Rom 5,2; 2 Kor 1,3; Ef 1,3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! 4#Kol 1,5.12 Han har fødd oss til ein arv som aldri forgår, aldri blir skitna til og aldri visnar. Denne arven er gøymd i himmelen for dykk, 5#Joh 10,28; 17,11 de som i Guds kraft blir haldne oppe ved tru så de når fram til frelsa. Ho ligg alt ferdig til å bli openberra i den siste tid.
6 # 2 Kor 4,17; Jak 1,2 Difor kan de jubla av glede, sjølv om de no ei lita stund, om så må vera, har det tungt i mange slags prøvingar. 7#Jes 48,10; Mal 3,3; 1 Kor 3,13; Jak 1,3 Slik blir trua dykkar prøvd. For når til og med forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua prøvast, den som er så mykje meir verd, så ho kan bli til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg. 8#Joh 20,29; 2 Kor 5,7 Han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord, 9#Hebr 10,39 for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene dykkar.
10 # Matt 13,17 Denne frelsa var det profetane søkte etter og ville utforska då dei profeterte om den nåden de skulle få. 11#Luk 18,31f; 24,26f+ Dei freista å finna ut kva tid Kristi Ande, som var i dei, viste fram til, og korleis den tida skulle vera. For Anden vitna om Kristi lidingar og den herlegdomen som sidan skulle koma. 12#Apg 1,8; 2,3ff; 1 Kor 2,4; Ef 3,10 Det vart openberra for dei at det ikkje var seg sjølve, men dykk dei tente med bodskapen sin. Og denne bodskapen har de no fått høyra av dei som forkynte evangeliet for dykk ved Den heilage ande, som er send frå himmelen. Dette er noko som til og med englar lengtar etter å sjå inn i.
Kalla til eit heilagt liv
13 # Luk 12,35ff; Ef 6,14 # 1,13 beltet Ein måtte binda den vide og side kjortelen opp i beltet når ein skulle gjera seg klar til innsats. Jf. 2 Mos 12,11. Spenn då beltet om livet, ver vakne og budde i tanke og sinn! Set håpet fullt og fast til nåden de skal få når Jesus Kristus openberrar seg. 14#Rom 12,2; Ef 2,3; 4,17f Som lydige born skal de ikkje lenger følgja dei lystene de levde etter den tid de var uvitande. 15#3 Mos 19,2; Matt 5,48 Han som kalla dykk, er heilag. Slik skal de òg vera heilage i all dykkar ferd. 16#3 Mos 19,2 For det står skrive: De skal vera heilage, for eg er heilag. 17#Matt 6,9; Rom 2,11+ De påkallar Gud som far, han som ikkje gjer forskjell på folk, men dømmer kvar og ein etter det han har gjort. Då må de òg leva i gudsfrykt den tid de er her som framande.
18 # Matt 20,28; 1 Kor 6,20; Fil 2,5ff; 1 Tim 2,6 # 1,18 frikjøpte Uttrykket blir ofte brukt om slavar som nokon kjøper fri med løysepengar. =slektssamfunn og justis. De veit at det ikkje var med forgjengelege ting som sølv eller gull
de vart frikjøpte frå det tomme livet de overtok frå fedrane,
19 # Joh 1,29+; Hebr 9,14 det var med Kristi dyre blod,
blodet av eit lam utan feil og lyte.
20 # Apg 2,23; Rom 16,25f; Hebr 9,26 Han var utpeika til dette før verda vart grunnlagd,
og for dykkar skuld har han vorte openberra no i dei siste tider.
21 # Apg 2,24; Rom 4,24 Ved han er de komne til tru på Gud,
som vekte Kristus opp frå dei døde og gav han herlegdom.
Difor er trua dykkar òg von til Gud.
22 # Rom 12,10; 1 Tess 4,9f; Hebr 13,1; 2 Pet 1,7; 1 Joh 3,10ff I lydnad mot sanninga har de reinsa sjela så de kan leva i ekte syskenkjærleik. Difor må de elska kvarandre inderleg av eit reint hjarte. 23#Luk 8,11; Joh 3,3+; Hebr 4,12; 1 Joh 3,9 For de er fødde på nytt, ikkje av forgjengeleg sæd, men av uforgjengeleg, ved Guds levande ord som alltid varer ved. 24#Jes 40,6ff For
alle menneske er som gras
og all deira prakt som blomen i graset.
Graset visnar, og blomen fell av,
25 # Matt 24,35 men Herrens ord varer til evig tid.
Dette ordet er evangeliet som er forkynt for dykk.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk