Jakob 5
5
1 #
Luk 6,24
Og no, de rike! Gråt og jamra over all den ulukke som ventar dykk! 2#Matt 6,19Rikdomen dykkar har rotna, og kleda er mølletne; 3gullet og sølvet er rusta bort, og rusta skal vitna mot dykk og eta kroppen dykkar som eld. De har samla dykk skattar i endetida! 4#5 Mos 24,14f; Jes 5,9#5,4 Herren Sebaot Ordet Sebaot er hebr. Uttrykket blir i omsetjinga av GT oftast gjeve att med «Herren over hærskarane». =Guds namn.Men høyr: Ho ropar høgt, den løna de heldt att frå arbeidarane som skar åkrane dykkar, og klageropet frå dei som haustar inn, har nådd fram til Herren Sebaots øyre. 5#Jer 12,3; Luk 16,19ffI luksus og overflod har de levd på jorda og gjort hjarta dykkar feite til slaktedagen. 6#Sal 37,10ff; Apg 7,52Den rettferdige har de dømt og drepe, og ingen gjer motstand mot dykk.
Å venta på Herren
7 #
5 Mos 11,14; Luk 21,19; Hebr 10,36f # 5,7 haustregnet og vårregnet Såtida var frå november, då haustregnet byrja, og innhaustinga kom etter vårregnet i april–mai. =tidsrekning. Ver då tolmodige, sysken, til Herren kjem! Ein bonde må venta på den dyrebare grøda frå jorda og vera tolmodig til både haustregnet og vårregnet har falle. 8#Sal 31,25; Fil 4,5+Slik må de òg vera tolmodige og gjera hjarta sterke, for Herren kjem snart. 9#Matt 24,33Klag ikkje på kvarandre, sysken, så de ikkje skal bli dømde. Sjå, dommaren står framfor døra. 10#2 Krøn 36,16; Matt 5,12; 23,30ff; Apg 5,41; 7,52Ta profetane til føredøme, sysken, dei som tala i Herrens namn. Dei heldt tolmodig ut når dei måtte lida vondt. 11#Job 1,21f; 42,10ff; Sal 103,8; Jak 1,12Ja, alle som held ut, prisar vi sæle! De har høyrt korleis Job heldt ut, og har sett kva ende Herren lét han få. For Herren er rik på medkjensle og miskunn.
12 #
Matt 5,34ff Framfor alt må de ikkje sverja, mine sysken, verken ved himmelen eller jorda eller ved noko anna. Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei, så de ikkje skal koma under dommen!
Forbøn og omsorg
13 #
Sal 50,15; Kol 3,16 Er det nokon av dykk som har det vondt? Då skal han be. Er nokon ved godt mot? Då skal han syngja lovsongar. 14#5,14 dei eldste i forsamlinga =tenester. salva han med olje Olivenolje vart brukt til sårbehandling og som symbol for livgjevande krefter, t.d. ved forbøn for sjuke. Jf. Mark 6,13.Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i forsamlinga, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn. 15#Mark 11,23fOg bøna som er boren fram i tru, skal berga den sjuke, og Herren skal reisa han opp. Og har han gjort synder, skal han få dei tilgjevne.
16 #
Ordt 28,13
Vedkjenn då syndene for kvarandre og be for kvarandre, så de kan bli lækte. Bøna frå eit rettferdig menneske verkar med stor kraft. 17#1 Kong 17,1; Luk 4,25Elia var eit menneske under same kår som vi. Han bad inderleg at det ikkje skulle regna, og i tre år og seks månader fall det ikkje regn på jorda. 18#1 Kong 18,41ffSå bad han på nytt, og himmelen gav regn, og jorda bar atter si grøde.
19 #
Matt 18,15+; Gal 6,1 Mine sysken! Om ein av dykk forvillar seg bort frå sanninga og ein annan får han til å venda om, 20#Ordt 10,12; 1 Pet 4,8då skal de vita: Den som får ein syndar til å venda om frå sine forvilla vegar, bergar sjela hans frå døden og løyner ei mengd med synder.
Markert nå:
Jakob 5: Bibel2011
Marker
Del
Kopier

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.