1. Kongebok 16

16
1Til Jehu, son til Hanani, kom Herrens ord om Basja, og det lydde slik: 2#14,7ff «Eg har lyft deg opp av støvet og sett deg til fyrste over Israel, folket mitt. Men du har følgt den same vegen som Jeroboam og fått Israel, folket mitt, til å synda. Og dei har gjort meg rasande med syndene sine. 3Difor vil eg no feia etter Basja og hans hus. Eg vil gjera med huset hans som eg gjorde med huset til Jeroboam, Nebats son. 4Den av Basjas ætt som døyr i byen, skal hundane eta opp, og den som døyr ute på marka, skal fuglane under himmelen eta opp.»
5Det som elles er å fortelja om Basja og det han utretta, om storverka hans, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane. 6Så gjekk Basja til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Tirsa, og Ela, son hans, vart konge etter han.
7Gjennom profeten Jehu, son til Hanani, var Herrens ord òg kome til Basja og huset hans. Han hadde ikkje berre gjort alt som var vondt i Herrens auge og gjort han rasande, slik Jeroboams hus hadde gjort. Han hadde òg gjort ende på Jeroboams hus.
Kong Ela i Israel
8I det tjuesjette året Asa var konge i Juda, vart Ela, son til Basja, konge i Israel. Han styrte i Tirsa i to år. 9#15,27 Tenaren hans, Simri, som var kommandant for halvparten av vognstyrken, fekk i stand ei samansverjing mot han. Ein dag sat kongen og drakk seg full i huset til Arsa, som var borgherre i Tirsa. 10Då kom Simri dit og slo han i hel. Det hende i det tjuesjuande styringsåret til Juda-kongen Asa. Simri vart konge etter Ela.
11 # 14,10 Så snart han hadde vorte konge og sett seg på trona, slo han i hel heile Basjas ætt. Han lét ikkje ein einaste mann vera att, verken av dei næraste frendane eller av venene hans. 12Simri rydda ut heile Basjas ætt, slik som Herren hadde sagt til Basja gjennom profeten Jehu. 13For Basja og Ela, son hans, hadde synda og fått israelittane med på all si synd, og med sine gagnlause gudar hadde dei gjort Herren, Israels Gud, rasande.
14Det som elles er å fortelja om Ela og alt det han utretta, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
Kong Simri i Israel
15I det tjuesjuande året Asa var konge i Juda, vart Simri konge. Han regjerte i Tirsa i sju dagar. Hæren låg den gongen i leir ikring Gibbeton, som høyrde filistrane til. 16Same dagen som alle israelittane i leiren fekk høyra at Simri hadde fått i stand ei samansverjing og så slege kongen i hel, gjorde dei der i leiren hærføraren Omri til konge over Israel. 17Så drog Omri opp frå Gibbeton med heile hæren og kringsette Tirsa. 18Då Simri såg at byen var teken, gjekk han inn i borgtårnet. Han sette kongeborga i brann og døydde i flammane. 19Dette hende fordi han hadde synda og gjort det som vondt var i Herrens auge. Han hadde følgt den same vegen som Jeroboam, gjort dei same syndene som han og fått israelittane med på dei.
20Det som elles er å fortelja om Simri og den samansverjinga han fekk til, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
21No delte Israelsfolket seg i to. Den eine halvparten følgde Tibni, son til Ginat, og ville ta han til konge. Den andre halvparten følgde Omri. 22Dei som heldt med Omri, fekk overtaket over dei som heldt med Tibni, son til Ginat. Så døydde Tibni, og Omri vart konge.
Kong Omri i Israel
23I det trettiførste året Asa var konge i Juda, vart Omri konge i Israel, og det var han i tolv år. I Tirsa styrte han i seks år. 24#16,24 Samaria Frå no av var byen hovudstad så lenge Nordriket heldt seg. >14,17. Omri kjøpte Samaria-fjellet av Sjemer for to talentar sølv. På det fjellet bygde han ein by og kalla han Samaria etter Sjemer, som hadde eigd fjellet.
25Omri gjorde det som vondt var i Herrens auge. Han bar seg verre åt enn nokon før han. 26Han følgde i eitt og alt den same vegen som Jeroboam, Nebats son, og gjorde dei same syndene som han hadde fått israelittane til å gjera. Med sine gagnlause gudar gjorde han Herren, Israels Gud, rasande.
27Det som elles er å fortelja om Omri og det han utretta, om storverka hans, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane. 28Så gjekk Omri til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og son hans, Ahab, vart konge etter han.
Kong Ahab i Israel
29I det trettiåttande året Asa var konge i Juda, vart Ahab, son til Omri, konge i Israel. Han styrte over Israel i Samaria i tjueto år. 30Ahab, son til Omri, gjorde det som vondt var i Herrens auge. Han bar seg verre åt enn nokon før han. 31Det var ikkje nok med at han gjorde dei same syndene som Jeroboam, son til Nebat. Han gifte seg òg med Jesabel, dotter til Etbaal, sidonarkongen, og gav seg til å dyrka Baal og tilbe han. 32I det Baal-tempelet han bygde i Samaria, reiste han eit altar for Baal. 33Ahab fekk òg laga ein Asjera-påle, og han heldt fram med å gjera Herren, Israels Gud, rasande. Han bar seg verre åt enn nokon av dei som hadde vore kongar i Israel før han.
34 # Jos 6,26 I Ahabs tid bygde Hiel frå Betel opp att Jeriko. Då han la grunnvollen, kosta det han Abiram, eldste son hans, og då han sette opp portane, kosta det han Segub, yngste son hans. Såleis vart det oppfylt, det ordet Herren hadde tala gjennom Josva, son til Nun.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring