1. Timoteus 6

6
1 # Ef 6,5; Fil 2,12; Kol 3,22; Tit 2,9f; 1 Pet 2,18 Alle som er under åket som slavar, skal visa herrane sine all den respekt dei er verde, så Guds namn og læra ikkje skal bli spotta. 2#Filem 16 Dei som har herrar som trur, skal ikkje visa dei mindre respekt fordi dei er sysken, men heller tena dei med endå større iver. For dei som tek imot tenestene dykkar, er truande og høgt elska sysken. Dette skal du læra dei og leggja dei på hjartet.
Vranglære og kjærleik til pengar
3 # Gal 1,6ff; 2 Tim 4,3+ Den som fer med ei anna lære og ikkje held seg til vår Herre Jesu Kristi sunne ord og den læra som høyrer sann gudsfrykt til, 4#1,6+ er hovmodig og skjønar ingen ting. Han er sjuk etter ordskifte og strid, og det skaper misunning, ufred, skuldingar, vonde mistankar 5#Rom 1,28; 2 Tim 4,4; Tit 1,14 og stadig krangel mellom menneske som har mista dømmekrafta og er komne bort frå sanninga; dei meiner at gudsfrykt er ein veg til vinning.
6 # Fil 4,11; 1 Tim 4,8 Ja, å frykta Gud og vera fornøgd med det ein har, er ei stor vinning.
7 # Job 1,21 For tomhendte kom vi inn i verda,
og tomhendte må vi fara herifrå.
8 # Ordt 30,8; Matt 6,25 Har vi mat og klede,
skal vi vera fornøgde med det.
9 # Matt 6,19; 13,22; Luk 12,15ff; Hebr 13,5 Men dei som vil bli rike, fell i freistingar og snarer og blir gripne av mange slag tåpelege og skadelege lyster som støyter menneske ned i undergang og fortaping. 10#Matt 6,24 For kjærleik til pengar er rota til alt vondt. Drivne av den har mange fare vill og er komne bort frå trua; dei har valda seg sjølve mykje liding.
Truskap mot oppdraget
11 # 2 Tim 2,22 Men du, Guds menneske,
hald deg borte frå alt dette
og jag etter rettferd, gudsfrykt, tru,
kjærleik, tolmod og eit audmjukt sinn!
12 # Luk 13,24; 1 Tim 1,18; 2 Tim 4,7; Jud 3 Strid den gode striden i trua
og grip det evige livet som du er kalla til,
det som du vedkjende deg
då du bar fram den gode vedkjenninga
framfor mange vitne.
13 # Joh 18,36f Eg byd deg for Gud, som gjev alle ting liv, og for Kristus Jesus, som bar fram den gode vedkjenninga for Pontius Pilatus: 14#Fil 1,10f Ta vare på oppgåva di og hald henne rein, så du ikkje kan skuldast for noko, heilt til vår Herre Jesus Kristus kjem. 15#5 Mos 10,17 Det skal han la oss få sjå i si tid,
den sæle og einaste herskaren,
kongen over kongane og herren over herrane,
16 # 2 Mos 33,20; Joh 1,18 den einaste som er udødeleg,
som bur i eit lys dit ingen kan koma,
han som ikkje noko menneske har sett,
og ingen kan sjå.
Han vere ære og evig makt! Amen.
Sluttord
17 # Sal 62,11; Matt 6,33; Jak 5,1ff Byd dei som er rike i denne verda, at dei ikkje må vera hovmodige og setja sitt håp til den usikre rikdomen, men til Gud. Han gjev oss rikeleg av alt, så vi kan nyta det. 18Dei skal gjera godt, vera rike på gode gjerningar, gje med raus hand og villig dela med andre. 19#Matt 6,20 Slik samlar dei seg ein skatt som blir ein god grunnvoll for tida som kjem, så dei kan gripa det verkelege livet.
20 # 4,7; 2 Tim 1,14 # 6,20 som berre er kunnskap i namnet «Kunnskap» var truleg eit slagord mellom dei motstandarane som brevet nemner. Kjære Timoteus, ta vare på det du har fått overgjeve! Vend deg bort frå det gudlause og tomme snakket og innvendingane frå den kunnskapen som berre er kunnskap i namnet, 21#1,6+; 2 Tim 2,18 den som visse folk har vedkjent seg og dermed forvilla seg bort frå trua.
Nåden vere med dykk!

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring