1. Johannes 4

4
Prøv åndene
1 # Matt 7,15; 24,24; 1 Tess 5,21; 2 Joh 7 Mine kjære, tru ikkje kva ånd som helst! Prøv om åndene er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda. 2#1,1 På dette kjenner de Guds Ånd: Kvar ånd som vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud. 3#1 Kor 12,3; 1 Joh 2,18+ Men kvar ånd som ikkje vedkjenner Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og den ånda er alt no i verda.
4 # Matt 12,29; Joh 3,31 # 4,4 han som er i verda =djevelen eller Antikrist. >2,18. Men de, mine born, er av Gud og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. 5#Joh 15,19 Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei. 6#Joh 8,47; 18,37 Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Slik kan vi skilja sannings ånd frå villfarings ånd.
Gud er kjærleik
7 # 2,29; 5,1 Mine kjære, lat oss elska kvarandre,
for kjærleiken er frå Gud,
og kvar den som elskar, er fødd av Gud
og kjenner Gud.
8 # 4,16 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud,
for Gud er kjærleik.
9 # Joh 3,16 I dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss,
at han sende sin einborne Son til verda
så vi skulle ha liv ved han.
10 # Rom 3,25+; 5,8 Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud,
men at han har elska oss
og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre.
11 # Matt 18,33 Mine kjære, har Gud elska oss så, då skyldar òg vi å elska kvarandre. 12#2 Mos 33,20; Matt 11,27; Joh 1,18; 5,37; 6,46; 14,9 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, blir Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.
13 # 3,24 At vi blir i han og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14#Joh 3,17; 4,42 Og vi har sett og vi vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15#Matt 16,16; 1 Joh 2,23; 5,5 Om nokon vedkjenner at Jesus er Guds Son, blir Gud verande i han og han i Gud. 16#4,8 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trudd på den. Gud er kjærleik, og den som blir verande i kjærleiken, blir verande i Gud og Gud i han.
17 # 2,28 I dette har kjærleiken vorte fullenda hos oss, at vi har frimod på dommens dag. For som Kristus er, slik er vi i denne verda. 18#Rom 8,15 Det finst ikkje frykt i kjærleiken. Den fullkomne kjærleiken driv frykta ut. For frykta ber straffa i seg, og den som fryktar, har ikkje vorte fullenda i kjærleiken. 19#4,10 Vi elskar fordi han elska oss først. 20#2,11; 3,15.17 Den som seier: «Eg elskar Gud», men likevel hatar bror sin, er ein løgnar. For den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett. 21#Matt 22,36ff Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må òg elska bror sin.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring