1. Korintar 8

8
Kristen fridom og omsynet til dei veike
1 # Apg 15,29 Når det gjeld kjøt som har vore ofra til avgudane, er det nok så at vi alle har kunnskap. Men kunnskapen gjer hovmodig; det er kjærleiken som byggjer opp. 2#Gal 6,3 Om nokon meiner at han har kunnskap om noko, så kjenner han det enno ikkje slik som han burde kjenna det. 3#13,12; Gal 4,9 Men den som elskar Gud, er kjend av han. 4#5 Mos 6,4; 1 Kor 10,19#8,4 avgudsoffer Kjøt som kunne kjøpast på torget, kom ofte frå dyr som hadde vore ofra i heidenske tempel. Når det gjeld det å eta slike avgudsoffer, veit vi at det ikkje finst nokon avgud i verda, og at det ikkje finst nokon Gud utan éin. 5Rett nok finst det såkalla gudar, både i himmelen og på jorda, ja, det er mange gudar og mange herrar.
6 # Joh 13,13; Ef 4,5f; Kol 1,16+ Men for oss er det éin Gud, vår Far.
Alt vart til av han, og til han er vi skapte.
Og det er éin Herre, Jesus Kristus.
Alt er til ved han, og ved han lever vi.
7 # Rom 14,1ff; 1 Kor 10,27ff # 8,7 fordi … dyrka avgudane Mange handskrifter har «fordi dei i samvitet sitt framleis reknar med avgudane». Men det er ikkje alle som har denne kunnskapen. Somme et framleis dette kjøtet som avgudsoffer fordi dei har vore vane med å dyrka avgudane. Så blir samvitet deira ureint fordi det er så veikt. 8#Rom 14,17 Men mat fører oss ikkje nærare Gud. Vi vinn ikkje noko om vi et, og taper ikkje noko om vi ikkje et. 9#Gal 5,13 Men sjå til at den fridomen de har, ikkje fører dei veike til fall! 10#8,10 ligg til bords Ved festmåltid låg dei mannlege gjestene til bords på låge benker med teppe på. =bordskikkar. For dersom nokon ser at du som har kunnskap om dette, ligg til bords i eit avgudshus, blir ikkje då samvitet til den veike liksom oppbygd, så han et offerkjøt? 11#Rom 14,15.20f Då går den veike fortapt på grunn av din kunnskap, ein bror som Kristus døydde for. 12Men når de på denne måten syndar mot syskena dykkar og sårar det veike samvitet deira, då syndar de mot Kristus sjølv. 13#Rom 14,13.21 Difor: Dersom mat fører bror min eller syster mi til fall, då vil eg aldri i æva eta kjøt! For eg vil ikkje føra dei til fall.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring