Eg såg, og sjå! – ein stormvind kom frå nord, ei veldig sky og ein logande eld. Om skya var det ein lysglans. Og ut frå midten blinka det som av skinande metall, ut frå elden. Frå midt inni elden kom det noko som likna fire levande skapningar, og slik såg dei ut: Dei likna menneske. Men kvar av dei hadde fire andlet og fire venger. Føtene deira var beine, fotblada likna kalveklauver, og dei skein som blankpussa bronse. Dei hadde menneskehender under vengene på alle fire sidene, og alle fire heldt andleta og vengene slik: Vengene deira nådde i kvarandre. Dei snudde seg ikkje når dei gjekk. Kvar av dei gjekk beint fram.