YouVersion Logo
Search Icon

Nahum 1

1
1Domsord mot Ninive.
Boka om dei synene Nahum frå Elkosj fekk. #1,1 Elkosj Det er uvisst kvar Nahums heimby låg.
Herren tek hemn over motstandarane sine
2Ein brennhuga, ¬hemnande Gud er Herren,
ja, ein hemnar er Herren ¬og full av harme.
Herren hemner seg ¬på sine motstandarar,
han held på vreiden ¬mot sine fiendar. #2 Mos 20,5; 34,14; Sal 94,1
3Herren er langmodig.
Men hans kraft er stor,
og han lèt ikkje vera å straffa.
Gjennom storm og uver ¬går hans veg,
skyer er støvet under hans fot. #2 Mos 34,7; Sal 18,10
4Han trugar havet ¬og turkar det ut,
alle elvar legg han turre.
Basan og Karmel visnar bort,
Libanons blomeprakt døyr. #2 Mos 14,21; Luk 8,24
5Fjella skjelv for han,
haugane skjek og rivnar.
Jorda bivrar for han,
verda og alle som bur der. #Sal 97,4f; Jer 4,24
6Kven kan stå seg ¬for hans harme,
kven held ut ¬hans brennande vreide?
Hans harme strøymer fram ¬som eld,
og knausane styrtar saman ¬for han. #5 Mos 32,22
7Herren er god, eit vern i naud.
Han tek seg av dei ¬som tyr til han. #Sal 9,10; 2 Tim 2,19
8Men med veldig flaum
gjer han ende på ¬sine motstandarar;
sine fiendar jagar han ut ¬i mørkret.
9Kva emnar de på mot Herren,
han som reint kan gjera ende ¬på dykk?
Nauda kjem ikkje ein gong til. #Sal 2,1f
10Som ihopfletta tornebusker,
som eit knippe med kvister,
som turr halm ¬skal dei brenna opp.
Judas berging og Ninives undergang
11Frå deg gjekk det ut ¬ein mann
som emna på vondskap ¬mot Herren
og hadde vondt i tankar.
# 1,11 I denne bolken vender profeten seg skiftevis til Assyria (v. 11 og 14) og til Juda (v. 12–13 og 2,1–3). # 1,11 ein mann ein av assyrarkongane som ville ta Israel, truleg Sankerib. Sjå 2 Kong 18–19.
12Så seier Herren:
Om dei er aldri så sterke ¬og mange,
skal dei hoggast ned ¬og verta borte.
Og om eg har plaga deg,
skal eg ikkje gjera det meir.
13No vil eg bryta det åk ¬han la på deg,
og slita sund dine lekkjer.
# 1,13 bryta det åk Her seier profeten føreåt at Ninive kjem til å falla. # Jes 9,4; Jer 30,8
14Men dette er Herrens påbod ¬om deg:
Ditt namn skal ikkje ¬leva lenger.
Eg vil rydja ut or ditt gudshus
både utskorne ¬og støypte gudebilete.
Eg vil laga ei grav åt deg,
for du er funnen for lett. #Dan 5,27

Currently Selected:

Nahum 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy