YouVersion Logo
Search Icon

Mika 1

1
1Dette er Herrens ord som kom til Mika frå Moresjet på den tid då Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda, dei syner han fekk om Samaria og Jerusalem.#1,1 Moresjet by i Juda (= Moresjet-Gat, v. 14). #2 Kong 15,32ff; 16,1ff; 18,1ff; Jes 1,1
Herren openberrar seg til dom
2Høyr, alle de folkeslag!
Lyd etter, du jord ¬og alt som på deg er!
Herren Gud skal vitna ¬mot dykk,
vitna frå sitt heilage tempel. #5 Mos 32,1; Sal 11,4; Jer 25,30
3Sjå, Herren går ut ¬frå sin bustad,
stig ned og skrid fram ¬over høgdene på jorda. #1,3 sin bustad himmelen. Sml. Sal 2,4.#Jes 26,21; Am 4,13
4Fjella brånar under han,
og dalane rivnar,
som voks når det brånar i eld,
som vatn når det renn ¬utfor stup. #Sal 97,5
5Alt dette hender
fordi Jakob har falle frå,
fordi Israel har synda.
Kva er så Jakobs fråfall?
Er det ikkje Samaria?
Og kva er Judas synd?
Er det ikkje Jerusalem?
6Men eg skal gjera Samaria ¬til ei steinrøys
og marka i byen ¬til vingardsjord.
Eg velter steinane ned i dalen
og legg ¬byens grunnvollar berre.
7Alle gudebileta der ¬skal knusast
og horegåvene brennast i eld,
avgudsbileta gjer eg til inkjes.
Med horeløn er dei samla,
og til horeløn skal dei verta. #1,7 horeløn Det er tenkt på den tempel-utukt som folket dreiv for å få born og avkom.#Hos 2,5.12
Klage over byane i Juda
8Difor må eg klaga og jamra,
gå berrføtt og naken ikring,
klaga som sjakalen
og jamra som strutsen. #1,8 gå berrføtt og naken Sml. Jes 20,1ff.
9For Juda har fått eit slag,
og såret er ulækjande.
Det har nått til porten ¬åt mitt folk,
heilt til Jerusalem. #1,9 eit slag åtaket frå assyrarkongen på Juda i 713 eller 701, då Jerusalem òg vart truga.
10Fortel ikkje dette i Gat!
Hald opp med gråt og skrik!
Velt dykk i støvet i Bet-Leafra! #1,10 Sml. Jes 10,28ff.#2 Sam 1,20
11Far nakne og vanæra bort,
de som bur i Sjafir!
Folket i Sa’anan
vågar seg ikkje ut.
Klageropa i Bet-Haesel
riv grunnen bort under dykk.
12Korleis kan folket i Marot
venta seg noko godt,
når ulukke frå Herren
slår ned ved Jerusalems port? #Jes 45,7
13Spenn hestane for vogna,
de Lakisj-buar!
De vart opphav til Sions synd.
Hjå dykk er Israels fråfall ¬å finna. #1,13 Lakisj festningsby der hestar og stridsvogner var stasjonerte.#Jos 15,39
14Lat Moresjet-Gat få ¬avskilsgåve!
Som ein sviktande bekk
er husa i Aksib ¬for Israels kongar. #Jos 15,44
15Endå ein gong ¬sender eg mot dykk,
de Maresja-buar,
ein som skal leggja dykk ¬under seg.
Han kjem til Adullam, ¬Israels prydnad. #1 Sam 22,1
16Klypp deg snau, rak håret av
i sorg over borna dine!
Gjer hovudet snautt ¬som eit gribbehovud,
for dei er førte bort ifrå deg! #1,16 rak håret av syrgjeskikk.#Jer 7,29

Currently Selected:

Mika 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy