YouVersion Logo
Search Icon

Sakarja 14

14
Krigen og freden som kjem
1Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal det hærfanget dei har ført bort frå deg, skiftast ut hjå deg.#14,1 frå deg frå Jerusalem.
2Eg vil samla alle folkeslaga til strid mot Jerusalem. Byen skal verta teken, husa plyndra og kvinnene tekne med vald. Halve byen skal førast bort i fangenskap, men resten av folket skal ikkje rydjast ut or byen.
3Herren sjølv skal fara ut og strida mot desse folka som på stridens dag, den dagen han gjekk til kamp. #2 Mos 14,14; Jos 10,10ff 4Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget, som ligg rett aust for Jerusalem. Og Oljeberget skal dela seg i to frå aust til vest, så det vert ein brei dal. Den eine halvparten av fjellet vik unna mot nord og den andre mot sør. 5Dalen attmed fjellet mitt skal fyllast, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. Og de skal røma som de rømde for jordskjelvet i dei dagar Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma og alle heilage vera med han.#14,5 Dalen attmed fjellet mitt kanskje Hinnom-dalen. #14,5 jordskjelvet[Am 1,1.]#Matt 25,31
6Den dagen skal det henda at ljoset kverv, og dei herlege himmelljosa sloknar. #Joel 3,20; Matt 24,29 7Så skal det vera ein einaste dag – Herren kjenner han – og ikkje dag som skifter med natt; om kvelden skal det vera ljost. 8Den dagen skal det henda at det renn levande vatn ut frå Jerusalem, den eine halvparten til havet i aust og den andre halvparten til havet i vest. Såleis skal det vera både sommar og vinter.#Esek 47,1; Joel 3,23; Op 22,1
9Då skal Herren vera konge over heile jorda. Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans det einaste.#Sal 97,1; Joh 17,3; Ef 4,5
10Heile landet skal verta som Araba-sletta, frå Geba til Rimmon, sør for Jerusalem. Men byen skal liggja høgt på sin stad, frå Benjamins-porten til den staden der den gamle porten var, til Hjørneporten og Hananel-tårnet, heilt til vinpressene åt kongen. #14,10 Araba-sletta[5 Mos 1,1.]#14,10 Hananel-tårnet[Jer 31,38.] 11Der skal det bu folk. Det skal ikkje vera noka bannlysing meir. Jerusalem skal liggja trygt.#Jer 33,16; Op 22,3
12Dette er den plaga Herren vil senda over alle dei folka som går til strid mot Jerusalem:
Kjøtet skal rotna på dei
medan dei enno står på føtene.
Augo skal rotna i holene sine
og tunga rotna i munnen ¬på dei.
13Den dagen skal det henda at Herren lèt det koma ei stor vilske over dei, så dei fer på kvarandre og lyfter hand mot kvarandre. 14Ja, Juda skal strida mot Jerusalem. Og rikdomen frå alle folkeslaga rundt ikring skal samlast inn, gull og sølv og klede i store mengder. 15Ei slik plage skal òg koma over hestar, muldyr, kamelar, esel og alle andre dyr som er i leirane deira.
16Alle som vert att av alle dei folkeslag som dreg imot Jerusalem, skal år etter år fara opp og bøya seg og tilbe Kongen, Herren, Allhærs Gud, og høgtida lauvhyttehelga. #3 Mos 23,34ff 17Men om ei av ættene på jorda ikkje fer opp til Jerusalem og tilbed Kongen, Herren, Allhærs Gud, skal det ikkje koma regn over henne. 18Og om egyptarætta ikkje fer opp og ikkje kjem, skal det heller ikkje koma regn over henne, men derimot den plaga Herren lèt koma over dei folkeslaga som ikkje fer opp og høgtidar lauvhyttehelga. 19Dette skal vera straffa for egyptarane og alle dei folkeslag som ikkje fer opp og høgtidar lauvhyttehelga.
20Den dagen skal det stå «Helga til Herren» på bjøllene åt hestane; og grytene i Herrens hus skal vera som offerskålene framfor altaret. #2 Mos 28,36 21Kvar einaste gryte i Jerusalem og Juda skal vera helga til Herren, Allhærs Gud, og alle som ofrar, skal koma og ta av dei og koka i dei. Den dagen skal det ikkje lenger vera nokon som driv handel i huset åt Herren, Allhærs Gud.#Jes 35,8; Joel 3,22; Op 21,27

Currently Selected:

Sakarja 14: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy