YouVersion Logo
Search Icon

Markus 16

16
Jesus står opp
(Matt 28,1–10; Luk 24,1–12; Joh 20,1–10)
1Då sabbaten var til ende, kjøpte Maria Magdalena og Maria, mor til Jakob, og Salome angande olje; for dei ville gå og salva han. 2Tidleg om morgonen fyrste dagen i veka kom dei til grava, med det same sola rann. 3Dei sa seg imellom: «Kven skal vi få til å velta steinen frå gravopninga?» 4Men då dei såg opp, fekk dei sjå at steinen var fråvelt. Han var svært stor. 5Då dei kom inn i grava, såg dei ein ung mann som sat på høgre sida, kledd i ein lang, kvit kjortel. Dei vart forfærde, #Op 7,9.13 6men han sa til dei: «Ver ikkje redde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, han som vart krossfest. Han er oppstaden, han er ikkje her. Sjå her er staden der dei la han! 7Men gå av stad og sei til læresveinane hans og til Peter at han går føre dykk til Galilea. Der skal de få sjå han, som han har sagt dykk.» #14,28 8Då gjekk dei ut att og rømde frå grava, skjelvande av redsle. Og dei sa ikkje eit ord til nokon; for dei var redde.
Jesus syner seg for læresveinane
(Joh 20,11-18)
9Då Jesus hadde stått opp att tidleg den fyrste dagen i veka, synte han seg fyrst for Maria Magdalena, som han hadde drive sju vonde ånder ut or. #16,9 I dei eldste og beste handskriftene endar Markus-evangeliet med 16,8. Versa 9–20 er kjende av nokre kyrkjefedrar i siste halvparten av 2. h.å. e.Kr., men finst berre i yngre handskrifter. Ein kortare slutt finst i andre, yngre handskrifter: V. 9 Men det dei hadde fått påbod om, fortalde dei straks til dei som var saman med Peter. Etter dette lét Jesus dei bera ut den heilage og uforgjengelege bodskapen om den evige frelsa, frå aust til vest. #Luk 8,2; 10Ho gjekk av stad og fortalde det til dei som hadde vore med han, og som no syrgde og gret. 11Men då dei fekk høyra at han levde, og at ho hadde sett han, trudde dei det ikkje. 12Sidan synte han seg i ein annan skapnad for to av dei, medan dei gjekk etter vegen og skulle ut på landet. #Luk 24,13ff 13Dei òg kom og sa det til dei andre, men dei trudde ikkje dei heller.
14Til sist synte han seg for dei elleve, medan dei sat til bords. Han tala strengt til dei fordi dei var så vantruande og hardhjarta, og fordi dei ikkje trudde dei som hadde sett han etter at han hadde stått opp.#Luk 24,36ff; Joh 20,19ff; 1 Kor 15,5
Oppgåva til læresveinane
(Matt 28,18–20; Luk 24,47–48)
15Han sa til dei: «Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for alle menneske! #13,10; Apg 1,8 16Den som trur og vert døypt, skal verta frelst; men den som ikkje trur, skal verta fordømd. #Joh 3,18; Apg 2,38; 16,31 17Og desse teikna skal fylgja dei som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder, dei skal tala nye tungemål, #Apg 8,7; 16,18; 2,4+; 1 Kor 14,2ff 18dei skal ta ormar i hendene, og om dei drikk drepande gift, skal det ikkje skada dei. Dei skal leggja hendene på sjuke, så dei vert friske.»#Luk 10,19; Apg 28,3ff; 4,30; 5,16
Jesus vert teken opp til himmelen
(Apg 1,9)
19Etter at Herren Jesus hadde sagt dette til dei, vart han teken opp til himmelen og sette seg ved Guds høgre hand. #Sal 110,1; 1 Tim 3,16 20Men dei gjekk ut og forkynte alle stader. Og Herren var med, og han stadfeste Ordet med dei teikn som fylgde med.#Apg 14,3; Hebr 2,4

Currently Selected:

Markus 16: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy