YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 4

4
Jesus og den samaritanske kvinna
1Farisearane fekk vita at Jesus vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes. #3,22.26 2I røynda var det ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinane hans. 3Då Jesus fekk høyra dette om farisearane, tok han ut frå Judea og fór til Galilea att. 4Han laut fara gjennom Samaria, 5og der kom han til ein by som heiter Sykar. Byen ligg nær det jordstykket Jakob gav Josef, son sin. #Jos 24,32 6Der var Jakobs-brunnen. Jesus var trøytt etter ferda og sette seg ned innmed brunnen. Det var ikring den sjette timen.
7Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Lat meg få drikka!» 8For læresveinane hans hadde gått inn i byen og skulle kjøpa mat. 9«Korleis har det seg,» seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødane har ikkje noko samkvem med samaritanane. #Luk 9,52f 10Jesus svara: «Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.» #Jer 2,13; Joh 7,37ff; Op 21,6+ 11«Herre,» sa ho, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå? 12Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?» #8,53 13Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.» #6,35; 7,37ff; Jes 58,11 15Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma hit og dra opp vatn.»
16Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom hit att!» 17«Eg har ingen mann,» svara kvinna. «Det er rett som du seier, at du ikkje har nokon mann,» sa Jesus. 18«For du har hatt fem menn, og den du har no, er ikkje din mann. No sa du sant.» 19«Herre, eg ser at du er ein profet,» sa kvinna. #Matt 21,11+; Joh 9,17 20«Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.» #4,20 dette fjellet fjellet Garisim, der samaritanane hadde hatt eit eige tempel.#5 Mos 12,5.11; Sal 122,3f 21Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, det kjem ei tid då de korkje skal tilbe Faderen på dette fjellet eller i Jerusalem. 22De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. #Jes 2,3; Rom 9,4f; 11,18 23Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. 24Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.» #2 Kor 3,17 25Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem,» – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han kunngjera oss alt.» #Matt 1,16; 27,17; Joh 1,41 26Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som talar med deg.»#9,37
Jesus og samaritanane
27I det same kom læresveinane hans. Dei undra seg over at han tala med ei kvinne. Men ingen av dei spurde kva han ville, eller kvifor han tala med henne. 28Då lét kvinna vasskrukka stå og gjekk inn i byen og sa til folket: 29«Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Han skulle vel ikkje vera Messias?» 30Då gjekk dei ut or byen og kom til han.
31I mellomtida sa læresveinane til Jesus: «Et, rabbi!» 32Han svara: «Eg har ein mat å eta som de ikkje veit om.» 33Då sa læresveinane seg imellom: «Kan nokon ha bore mat til han?» 34Men Jesus sa til dei: «Min mat er å gjera det han vil som sende meg, og å fullføra hans verk. #Matt 4,4; Joh 6,38 35Seier de ikkje: Enno er det fire månader til grøda skal haustast inn? Men eg seier dykk: Lyft augo og sjå åkrane, korleis dei gulnar mot hausten! #Matt 9,37f 36Den som haustar, får løn og samlar grøde for det evige livet, så den som sår og den som haustar, kan gleda seg saman. 37Her høver det ordet: Ein sår og ein annan haustar. 38Eg har sendt dykk ut for å hausta det de ikkje har arbeidt med. Andre har arbeidt, og de har gått inn i arbeidet deira.»
39Mange av samaritanane frå den byen trudde på Jesus på grunn av det kvinna sa då ho vitna: «Han har sagt meg alt det eg har gjort.» 40Då no samaritanane kom ut til han, bad dei han vera hjå seg, og han vart verande der to dagar. 41Og mange fleire trudde då dei fekk høyra hans eige ord, 42og dei sa til kvinna: «No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa; for vi har sjølve høyrt han, og vi veit for visst at han er den som skal frelsa verda.»#1 Joh 4,14
Den kongelege embetsmannen i Kapernaum
(Matt 8,5–13; Luk 7,1–10)
43Då dei to dagane var lidne, tok Jesus ut derifrå og fór til Galilea. 44Han hadde sjølv sagt at ein profet ikkje vert æra på sin eigen heimstad. #Matt 13,57 45Då han kom til Galilea, tok folket der vel imot han, for dei hadde sett alt det han gjorde i Jerusalem på høgtida. Dei hadde vore på høgtida, dei òg.#2,23
46Så kom Jesus atter til Kana i Galilea, der han hadde gjort vatn til vin. I Kapernaum var det ein kongeleg embetsmann, og han hadde ein son som var sjuk. #2,1ff 47Då han fekk høyra at Jesus var komen frå Judea til Galilea, gjekk han av stad og bad han koma ned og lækja son hans, for det stod om livet. 48Jesus svara: «Ser de ikkje teikn og under, så trur de ikkje.» #2,18+; 1 Kor 1,22 49Mannen seier til han: «Kom, Herre, før guten min døyr!» 50Jesus seier til han: «Gå heim, son din lever!» Og mannen trudde Jesu ord og gjekk. 51Medan han var på heimvegen, kom tenarane imot han, og dei fortalde at guten hans levde. 52Han spurde dei kva tid det hadde vorte betre med han. Dei sa: «I går i den sjuande timen gav feberen seg.» 53Då skjøna faren at det hadde hendt i same stund som Jesus sa til han: «Son din lever.» Og dei trudde, både han og heile huslyden hans. 54Dette var andre teiknet Jesus gjorde då han kom frå Judea til Galilea.#2,11

Currently Selected:

Johannes 4: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy