YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 10

10
Eg er døra
1Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. #10,27 5Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.» 6Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda.
7Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. #Matt 9,36 9Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.
Den gode hyrdingen
11Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. #Sal 23; Jes 40,11; Esek 34,12f; Matt 18,12ff; Joh 15,13; 1 Pet 2,25; 5,4; Hebr 13,20 12Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, #2 Tim 2,19 15liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. #Matt 11,27 16Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding.#11,52; Esek 34,23; Ef 2,13ff; 4,5
17Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att. #5,20+; Fil 2,8f 18Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»
19No vart det atter usemje mellom jødane på grunn av det han hadde sagt. #7,43 20Mange av dei sa: «Han er forgjord; han er frå vitet. Kvifor høyrer de på han?» #7,20+ 21Andre sa: «Såleis talar ikkje ein som er forgjord. Ei vond ånd kan då ikkje opna augo på blinde.»
Sonen og Faderen
22Så kom den festen dei heldt i Jerusalem til minne om tempelvigsla. Det var vinter. #10,22 festen Sjå Tillegg: Høgtider. 23Og Jesus gjekk ikring i Salomos bogegang på tempelplassen. #10,23 Salomos bogegang bogegang austanfor tempelplassen.#Apg 3,11 24Då flokka jødane seg om han og spurde: «Kor lenge vil du halda oss i uvisse? Er du Messias, så sei oss det beint ut!» 25Jesus svara: «Eg har sagt dykk det, men de trur meg ikkje. Dei gjerningar eg gjer i namnet åt Far min, dei vitnar om meg. #5,36 26Men de trur meg ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer. 27Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei fylgjer meg. 28Og eg gjev dei evig liv; dei skal ikkje i all æve gå tapt, og ingen skal riva dei ut or mi hand. #17,2.12 29Far min som har gjeve meg dei, er større enn alle, og ingen kan riva nokon ut or handa åt Far min. #Jes 43,13 30Eg og Faderen er eitt.»#1,1; 14,9; 17,21
31Atter tok jødane opp steinar og ville steina han. #8,59 32Jesus sa til dei: «Mange gode gjerningar frå Faderen har eg synt dykk. Kva for ei av dei er det de vil steina meg for?» 33«For ei god gjerning steinar vi deg ikkje,» svara jødane, «men fordi du spottar Gud. Du som er eit menneske, gjer deg sjølv til Gud.» #5,18; 19,7; 3 Mos 24,16; Matt 9,3 34Jesus svara: «Står det ikkje skrive i lova dykkar: Eg har sagt de er gudar? #Sal 82,6 35Dei som Guds ord kom til, vart i lova kalla gudar, og Skrifta kan ikkje gjerast om inkje. 36Kvifor seier de då til han som Gud har helga og sendt til verda: Du spottar Gud, fordi eg sa: Eg er Guds Son? 37Gjer eg ikkje gjerningane åt Far min, så tru meg ikkje. 38Men gjer eg dei, så tru i det minste gjerningane, om de ikkje trur meg. Då skal de sjå og skjøna at Faderen er i meg og eg i Faderen.» #14,10f.20; 17,21 39Då prøvde dei atter å gripa han, men han slapp ut or hendene deira.#7,30
40Så fór Jesus attende til hi sida av Jordan, til den staden der Johannes fyrst hadde vore og døypt, og der vart han verande ei tid. #1,28 41Det kom mange til han, og dei sa: «Johannes gjorde ikkje noko teikn, men alt det han sa om denne mannen, var sant.» 42Og det var mange der som kom til tru på Jesus.#2,23+

Currently Selected:

Johannes 10: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy