YouVersion Logo
Search Icon

Amos 2

2
1Så seier Herren:
For tre ugjerningar ¬Moab har gjort,
ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.
For dei brende Edom-kongens ¬bein til kalk. #Jer 48,1ff
2Men eg sender eld mot Moab,
han skal øyda borgene ¬i Kerijot.
Moabittane skal døy ¬i stridsgny,
medan hærrop lyder ¬og horn gjallar. #2,2 Kerijot by i Moab, aust for Daudehavet. Sml. Jer 48,24.
3Eg rydjar ut han ¬som styrer i landet,
og drep alle hovdingar ¬saman med han,
seier Herren.
Domen over Juda og Israel
4Så seier Herren:
For tre ugjerningar ¬Juda har gjort,
ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.
For dei vanvørde Herrens lov
og heldt ikkje ¬hans føreskrifter,
men lét seg føra vilt ¬av lygngudane,
som fedrane deira hadde fylgt. #3 Mos 26,14ff; Dom 2,12f; Jes 49,9ff
5Men eg sender eld mot Juda,
han skal øyda borgene ¬i Jerusalem.
6Så seier Herren:
For tre ugjerningar ¬Israel har gjort,
ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.
For dei sel rettferdige ¬for pengar
og fattigfolk for eit par skor. #8,6
7Dei trakkar småkårsfolks hovud ¬i støvet
og trengjer dei hjelpelause ¬bort frå vegen.
Ein mann og far hans ¬går til same jenta
og vanhelgar såleis ¬mitt heilage namn.
8Dei strekkjer seg ¬på pantsette klede
attmed kvart altar,
og vin som dei har teke i bøter,
drikk dei i huset åt sin Gud. #2 Mos 22,26f
9Og det var då eg
som rudde ut amorittane ¬for dei,
dei som var høge som sedrar
og sterke som eiker.
Eg øydela frukta ovantil
og røtene nedantil. #5 Mos 7,1; Jos 24,8.11f
10Det var eg ¬som førte dykk opp frå Egypt
og leidde dykk i øydemarka ¬i førti år,
så de kunne ta amorittlandet ¬i eige. #3,1; 9,7
11Eg gjorde nokre av sønene ¬dykkar til profetar
og nokre av unggutane dykkar ¬til nasirearar.
Er det ikkje så, de israelittar?
lyder ordet frå Herren. #5 Mos 18,18f; Dom 13,5
12Men de gav nasirearane ¬vin å drikka
og forbaud profetane Πforkynna. #7,12f; Mi 2,6
13Sjå, no lèt eg grunnen ¬skaka under dykk
som under ei vogn full av korn.
14Den lettføtte finn ikkje livd,
den sterke får ikkje ¬bruka si kraft,
og krigaren bergar ikkje sitt liv. #Jer 25,35
15Bogeskyttaren held ¬ikkje stand,
den som er lett på foten, ¬kjem ikkje unna,
og ryttaren bergar ikkje livet.
16Den djervaste av krigarane
skal røma naken den dagen,
lyder ordet frå Herren.

Currently Selected:

Amos 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy