YouVersion Logo
Search Icon

Apostelgjerningane 28

28
På Malta
1Då vi var berga, fekk vi vita at øya heitte Malta. #27,26 2Dei som budde der, var svært hjelpsame mot oss. Dei tok seg av oss alle og kveikte bål; for det hadde teke til å regna, og det var kaldt. 3Paulus sanka i hop ein haug med kvister og la på bålet. Då kom det fram ein orm som rømde for heten, og beit seg fast i handa hans. 4Då folket der såg dyret hanga ned frå handa hans, sa dei til kvarandre: «Den mannen må vera ein mordar, sidan rettferdsgudinna ikkje lèt han leva, endå han er berga frå havet.» 5Men Paulus riste ormen av seg, inn i elden, og hadde ikkje noko mein av det. #Mark 16,18; Luk 10,19 6Dei andre venta berre at han skulle trutna opp eller brått falla død til jorda. Men då dei hadde venta ei god stund og såg at det ikkje hende noko uvanleg med han, slo dei heilt om og sa at han måtte vera ein gud.#14,11
7Ikkje langt frå denne staden låg det eit gods som Publius, fremste mannen på øya, åtte. Han tok venleg imot oss, og vi var gjester hjå han i tre dagar. 8Far til Publius låg sjuk nett då, plaga av feber og dysenteri. Paulus gjekk inn til han, bad og la hendene på han og lækte han. #Mark 5,23+; Luk 10,9 9Sidan det gjekk så, kom dei til han, dei andre òg der på øya som leid av ein eller annan sjukdom, og dei vart lækte. 10Dei gjorde stor ære på oss; og då vi tok ut, gav dei oss det vi trong.
11Då det hadde gått tre månader, siglde vi derifrå med eit skip som hadde lege ved øya om vinteren. Det var frå Aleksandria og hadde tvillingane til skipsmerke. #28,11 tvillingane Castor og Pollux, gudar som skulle verja sjømennene. 12Vi gjekk inn til Syrakus og låg der i tre dagar. 13Derifrå siglde vi langs kysten og kom til Regium. Dagen etter fekk vi sønnavind og kom på to dagar til Puteoli. 14Der råka vi nokre brør, som bad oss vera hjå dei ei vekes tid. Så fór vi til Roma. 15Brørne der hadde høyrt om oss og møtte oss heilt ute ved Forum Appii og Tres Tabernæ. Då Paulus såg dei, takka han Gud og fekk nytt mot.
Paulus i Roma
16Då vi var komne inn i Roma, fekk Paulus lov til å bu for seg sjølv saman med den soldaten som heldt vakt over han. 17Tre dagar etter kalla han saman dei fremste av jødane i byen. Då dei var samla, sa han til dei: «Brør! Eg har ikkje gjort noko gale mot folket vårt eller brote dei skikkane vi har frå fedrane. Men endå vart eg sett fast i Jerusalem og gjeven i hendene på romarane. #24,12f; 25,8; Rom 9,1ff 18Då dei hadde forhøyrt meg, ville dei gje meg fri, av di eg ikkje hadde gjort noko som eg kunne dømast frå livet for. 19Men jødane sette seg imot det; difor vart eg nøydd til å anka til keisaren. Men det gjorde eg ikkje for å føra klagemål mot mitt eige folk. #25,11 20Difor har eg bede dykk koma hit, så eg kan få møta dykk og tala med dykk. For det er Israels von som gjer at eg går med desse lekkjene.» #26,6+ 21Dei svara: «Vi har ikkje fått noko brev om deg frå Judea. Heller ikkje har nokon av brørne kome hit og fortalt eller sagt noko vondt om deg. 22Men vi vil gjerne høyra av deg kva du meiner. For om denne sekta veit vi at ho møter motstand alle stader.»#24,5.14
23Dei avtala ein dag med han og kom så til han der han budde; dei var då endå fleire enn førre gongen. Frå morgon til kveld la han så ut for dei, vitna om Guds rike og freista å vinna dei for trua på Jesus, både ut frå Moselova og profetane. #13,15ff; 26,22f 24Nokre av dei lét seg overtyda av det han sa, andre var vantruande. 25Som dei ikkje kunne semjast, gjekk dei frå kvarandre då Paulus sa det eine ordet: «Det var sant, det som Den Heilage Ande tala til fedrane dykkar gjennom profeten Jesaja:
26Gå og sei til dette folket:
De skal høyra og høyra, ¬men ikkje skjøna,
sjå og sjå, men ikkje skilja. #Jes 6,9f; Matt 13,14f+
27For hjarta åt dette folket ¬er hardt;
tungt høyrer dei med øyro,
og augo har dei late att,
så dei ikkje ser med augo
eller høyrer med øyro
eller skjønar med hjarta
og vender om,
så eg får lækja dei.
28Så skal de vita at denne Guds frelse er send til folkeslaga. Og dei kjem til å høyra.» #Luk 2,30f; 3,6; Apg 13,46+ 29Då han hadde sagt dette, gjekk jødane bort medan dei ordskiftest hardt med kvarandre.#28,29 Verset vantar i dei eldste handskriftene.
30Sidan budde Paulus to fulle år i eit hus han hadde leigt. Han tok imot alle som kom til han, #28,16 31og med stort frimod forkynte han Guds rike og lærte om Herren Jesus Kristus; det var ingen som hindra han.

Currently Selected:

Apostelgjerningane 28: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy