YouVersion Logo
Search Icon

2. Samuelsbok 24

24
Folketeljing og pest
1Endå ein gong vart Herren brennande harm på Israel. Han eggja David opp mot dei og sa: «Gå og hald folketeljing i Israel og Juda!» #1 Krøn 21,1–6; 4 Mos 25,3 2Då sa kongen til Joab, hærføraren, som var hjå han: «Far ikring til alle Israels-ættene, frå Dan til Be’er-Sjeba, og mønstra folket, så eg kan få vita kor mange dei er.» 3Joab svara kongen: «Gjev Herren din Gud må gjera folket hundre gonger så talrikt som det no er, og gjev du, herre konge, sjølv må få sjå det! Men kvifor vil du gjera dette, herre konge?» #5 Mos 1,11 4Kongen stod likevel fast på det han hadde sagt, og gav ikkje etter for Joab og hærførarane.
Så drog Joab og hærførarane bort frå kongen og skulle mønstra Israels-folket. 5Dei sette over Jordan og slo leir ved Aroer, sør for den byen som ligg midt i Gads-dalen, og dei heldt fram til Jaser. #5 Mos 2,36 6Så kom dei til Gilead og til låglandet, som nyss var teke. Sidan kom dei til Dan, og frå Dan bøygde dei av mot Sidon. 7Så kom dei til festningsbyen Tyrus og alle hevittbyane og kanaanearbyane. Derifrå drog dei til det sørlege Juda, til Be’er-Sjeba. 8Dei fór ikring i heile landet, og etter ni månader og tjue dagar kom dei heim att til Jerusalem. 9Joab la fram for kongen det talet folketeljinga hadde gjeve. I Israel var det åtte hundre tusen sterke, våpenføre menn og i Juda fem hundre tusen.
10Men etter at David hadde talt folket, kjende han at det stakk han i hjarta, og han sa til Herren: «Eg har gjort ei stor synd. Men tilgjev no, Herre, misgjerninga mi! For eg har bore meg fælt uvitug åt.»#1 Krøn 21,7–17; 1 Sam 24,6; 2 Sam 12,13
11Då David stod opp om morgonen, var Herrens ord kome til profeten Gad, sjåaren åt David, og det lydde så: #1 Sam 22,5 12«Gå til David og sei: Så seier Herren: Tre ting legg eg fram for deg. Vel ein av dei, så skal eg gjera det du vil.» 13Så gjekk Gad til David, la dette fram for han og sa: «Vil du at det skal vera hungersnaud i landet ditt i sju år, eller at du må røma for fiendane dine i tre månader medan dei forfylgjer deg, eller vil du at det skal koma pest over landet ditt i tre dagar? Tenk etter og gjer opp med deg sjølv kva eg skal svara han som har sendt meg.» #Jer 29,17; Esek 6,11f 14David sa til Gad: «Eg er i stor naud. Lat oss då helst falla i Herrens hand! For hans miskunn er stor. Men i menneskehand vil eg ikkje falla.»
15Så sende Herren ein pest over Israel, frå morgonen til den tida han hadde fastsett. Det døydde sytti tusen mann av folket, frå Dan til Be’er-Sjeba. #1 Krøn 27,24 16Men då engelen rette ut handa si mot Jerusalem og ville øydeleggja byen, angra Herren på ulukka han hadde sendt, og han sa til engelen som herja mellom folket: «Det er nok! Ta no handa til deg att!» Herrens engel stod då på treskjevollen til jebusitten Aravna. #1 Mos 6,6+ 17Då David fekk auga på engelen som slo ned folket, sa han til Herren: «Det er eg som har synda; det er eg som har bore meg ille åt. Men desse, som eg er hyrding for, kva vondt har dei gjort? Lat heller handa di råka meg og ætta mi!»#4 Mos 16,22
18Same dagen kom Gad til David og sa: «Gå opp til treskjevollen åt jebusitten Aravna og reis eit altar for Herren der!» #1 Krøn 21,18–22,1 19Så gjekk David dit, som Gad hadde sagt, og Herren hadde bode. 20Som no Aravna såg nedover, fekk han auga på kongen og mennene hans, som kom mot han. Då gjekk Aravna ut, kasta seg ned for kongen med andletet mot jorda 21og sa: «Kvifor kjem du hit til tenaren din, herre konge?» David svara: «Eg vil kjøpa treskjevollen av deg og byggja eit altar for Herren der, så folket kan friast for pesten.» #4 Mos 16,48.50 22Då sa Aravna til David: «Ta du vollen, herre konge, og ofra så kva du vil! Sjå, her er oksane til brennoffer og treskjesledane og åket åt oksane til ved. #1 Sam 6,14 23Alt dette vil Aravna gje deg, konge.» Og han la til: «Gjev Herren din Gud må vera nådig mot deg!» 24Men kongen svara: «Nei, eg vil kjøpa det av deg til full pris. Eg vil ikkje bera fram for Herren min Gud brennoffer som eg har fått for inkje.» Så kjøpte David treskjevollen og oksane for femti sekel sølv. 25Og han bygde eit altar for Herren der og bar fram brennoffer og måltidsoffer. Då høyrde Herren bønene som steig opp frå landet, og pesten heldt opp å herja i Israel.#21,14

Currently Selected:

2. Samuelsbok 24: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy