YouVersion Logo
Search Icon

2. Kongebok 25

25
1Då drog Nebukadnesar med heile hæren sin mot Jerusalem. Det var i det niande styringsåret åt Sidkia, den tiande dagen i den tiande månaden. Dei slo leir utfor byen og kasta opp ein voll rundt han. #2 Krøn 36,17ff; Jer 39,1ff; 52,4ff 2Dei heldt byen kringsett til ellevte styringsåret åt kong Sidkia. #25,2 ellevte styringsåret åt kong Sidkia år 587 f.Kr. 3Den niande dagen i den fjerde månaden, då hungersnauda var som verst, og folket ikkje hadde meir mat, 4braut fienden inn i byen. Om natta rømde alle stridsmennene gjennom porten mellom dei to murane, attmed kongshagen, endå kaldearane låg rundt ikring byen. Og kongen tok vegen mot Jordan-dalen.
5Men kaldearhæren sette etter kongen og nådde han att på moane ved Jeriko. Då hadde heile hæren rømt frå han og var spreidd. 6Kaldearane greip kongen og førte han opp til Ribla, til babylonarkongen, som felte domen over han. #25,6 Ribla[23,33.]#2 Krøn 36,13; Esek 17,15ff 7Han drap sønene til Sidkia medan far deira såg på. Så lét han Sidkia blinda, batt han med bronselekkjer og førte han til Babylon.#Esek 12,13
8Den sjuande dagen i den femte månaden – det var i det nittande styringsåret til Nebukadnesar – kom ein av mennene åt babylonarkongen til Jerusalem. Han heitte Nebusaradan og var hovding over livvakta. 9Nebusaradan sette eld på Herrens hus og kongsgarden. Og alle dei andre husa i Jerusalem brende han, jamvel dei som høyrde stormennene til. #Esra 5,12 10Og heile kaldearhæren, som livvakthovdingen hadde med seg, reiv ned murane kring Jerusalem. 11Så førte Nebusaradan bort dei som var att i byen, og dei som hadde falle frå og gått over til babylonarkongen, og resten av folket. 12Berre ein del av småkårsfolket i landet fekk vera att; dei skulle arbeida i vingardane og på åkrane.
13Kaldearane slo sund bronsesøylene framfor Herrens hus, fotstykka for offerkjelane og bronsehavet som stod der. All bronsen førte dei til Babylonia. #25,13 Sml. 1 Kong 7,13–47.#Jer 27,19ff 14Dei tok oskefata og eldskuflene, ljosesaksene og røykjelsesskålene og alle dei andre bronsekara som hadde vore nytta i gudstenesta. 15Livvakthovdingen tok òg med seg glopannene og offerskålene, alt som var av gull og sølv. 16I alt det som kong Salomo hadde laga til Herrens hus, dei to søylene, det eine havet og fotstykka, var det så mykje bronse at han ikkje kunne vegast. 17Den eine søyla var atten alner høg og hadde eit søylehovud av bronse, som var tre alner høgt. Rundt ikring på søylehovudet var det flettverk og granateple, alt saman av bronse. Sameleis var det med den andre søyla; den òg hadde flettverk.#2 Krøn 3,15; Jer 52,21ff
18Hovdingen over livvakta tok med seg overpresten Seraja, andrepresten Sefanja og dei tre dørvaktarane. 19Frå byen tok han med seg ein hoffmann, som hadde tilsyn med stridsmennene, fem av kongens fremste tenestemenn, som endå var i byen, dessutan skrivaren åt hærføraren, han som skreiv ut folk i landet til krigsteneste, og seksti mann av det vanlege folket som fanst i byen. 20Alle desse tok Nebusaradan, hovdingen over livvakta, med seg. Han førte dei til babylonarkongen i Ribla. 21Og han slo dei i hel der, i Ribla i Hamat-landet. Såleis vart folket i Juda bortført frå landet sitt.
Gedalja, styresmannen i Juda
22Nebukadnesar, kongen i Babylonia, sette Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, til å styra det folket som var att i Juda, dei som han hadde late vera att. #Jer 40,5 23Då alle hærførarane og mennene deira fekk høyra at kongen hadde sett Gedalja til styresmann, kom dei til han i Mispa: Ismael, son til Netanja, Johanan, son til Kareah, Seraja, son til Tanhumet frå Netofa, og Ja’asanja, son til ein mann frå Ma’aka. Alle kom dei med mennene sine. #Jer 40,7–41,18 24Gedalja gjorde eid til dei og mennene deira og sa: «Ver ikkje redde kaldearane! Ver her i landet og ten babylonarkongen, så skal det gå dykk vel.»
25Men i den sjuande månaden kom Ismael, son til Netanja Elisjamason, som høyrde kongsætta til, og han hadde med seg ti mann. Dei drap Gedalja og dei judearane og kaldearane som var hjå han i Mispa. 26Då tok alt folket ut, både små og store, og hærførarane med dei. Dei fór til Egypt; for dei var redde kaldearane.
Babylonarkongen tek kong Jojakin til nåde
27I det trettisjuande året etter at Jojakin, Juda-kongen, var bortført, den tjuesjuande dagen i den tolvte månaden, hende det at Evilmerodak, kongen i Babylonia – same året som han vart konge – tok kong Jojakin til nåde og henta han ut or fengslet. #Jer 52,31ff 28Han tala venleg med han og lét han få sitja høgare oppe enn dei andre kongane som var hjå han i Babylon. 29Jojakin fekk leggja av fangebunaden, og sidan gjekk han støtt til kongens bord, så lenge han levde. #2 Sam 9,7; 1 Kong 2,7 30Det han trong til livsopphald, fekk han jamleg frå kongen, dag for dag så lenge han levde.

Currently Selected:

2. Kongebok 25: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy