YouVersion Logo
Search Icon

1. Samuelsbok 1

1
Samuel vert fødd
1I Ramatajim i Efraims-fjella budde det ein mann av Suf-ætta som heitte Elkana. Far hans heitte Jeroham og var son til Elihu og soneson til Tohu, som var son til Suf, ein efraimitt. #1,1 Ramatajim Rama i Efraim (sml. v. 19); i NT vert byen kalla Arimatea, Matt 27,57.#1 Krøn 6,27.33ff 2Elkana hadde to koner. Den eine heitte Hanna og den andre Peninna. Peninna hadde born, men Hanna var barnlaus. 3År etter år drog denne mannen opp frå heimbygda si og tilbad og ofra til Herren, Allhærs Gud, i Sjilo. Der var dei to Eli-sønene, Hofni og Pinhas, prestar for Herren. #1,3 Sjilo[Jos 18,1.]#2 Mos 23,17; Dom 21,19 4Når Elkana heldt offermåltid, gav han Peninna, kona si, og alle sønene og døtrene hennar kvar sitt stykke av offerkjøtet, #5 Mos 12,18 5men Hanna fekk dobbelt så mykje. For han heldt mest av Hanna, endå Herren hadde stengt morslivet hennar. #1 Mos 20,18+ 6Medtevlaren hennar terga henne støtt og ville gjera henne motlaus, fordi Herren hadde stengt morslivet hennar. #1 Mos 16,4f 7Såleis gjekk det år etter år. Kvar gong Hanna drog opp til Herrens hus, terga Peninna henne. Så gret ho og ville ikkje eta. 8Men Elkana, mannen hennar, sa til henne: «Kvifor græt du, Hanna, og kvifor et du ikkje? Kvifor er du så sorgfull? Er ikkje eg meir for deg enn ti søner?»
9Ein gong dei hadde ete og drukke i Sjilo, reiste Hanna seg og steig fram for Herrens åsyn. Eli, overpresten, sat på stolen sin attmed dørstolpen i Herrens tempel. #1,9 ete og drukke halde offermåltid (sml. v. 4). 10I si hjartesorg bad ho til Herren og gret sårt. 11Og ho gav ein lovnad og sa: «Herre, Allhærs Gud! Dersom du vil sjå kor vondt tenestkvinna di har det, og koma meg i hug og ikkje gløyma tenestkvinna di, men la meg få ein son, så vil eg gje han til Herren for heile livet, og det skal aldri koma rakekniv på hovudet hans.» #1,11 aldri koma rakekniv Sml. nasirearlovnaden, 4 Mos 6,1–8.#4 Mos 6,5+; Luk 1,48 12Såleis bad Hanna lenge til Herren, og Eli fylgde munnen hennar med augo. 13Det var inni seg ho bad; ho leda berre lippene, men røysta høyrdest ikkje. Difor trudde Eli ho var drukken, 14og sa til henne: «Kor lenge vil du syna deg drukken? Sjå til å få rusen av deg!» 15Men Hanna svara: «Nei, herre, eg er ei sorgtyngd kvinne. Vin eller annan sterk drikk har eg ikkje drukke; eg berre klagar mi naud for Herren. 16Hald ikkje tenestkvinna di for ei ring kvinne! For eg har heile tida tala ut av mi store sorg og sut.» 17Då sa Eli: «Gå bort i fred! Israels Gud skal gje deg det du har bede han om.» 18Hanna svara: «Gjev tenestkvinna di må finna godvilje hjå deg!» Så gjekk ho sin veg; ho fekk seg mat og såg ikkje lenger så sorgfull ut.
19Morgonen etter stod dei tidleg opp, bøygde seg og tilbad Herren. Så fór dei heim att til Rama. Og då Elkana atter var saman med Hanna, kona si, kom Herren henne i hug. 20Før året var ute, vart ho med barn og fekk ein son. Og ho kalla han Samuel; «for eg har bede Herren om han,» sa ho.#1,20 Samuel Namnet minner om hebr. «Gud har høyrt». Sml. v. 27. #1 Mos 21,1f
21Då så Elkana drog opp att med heile huslyden sin og skulle bera fram for Herren det årlege slaktofferet og lovnadsofferet, #1 Mos 25,21 22vart ikkje Hanna med. Ho sa til mannen sin: «Eg vil venta til guten er avvand. Då vil eg ta han med, så han kan førast fram for Herren og sidan vera der all si tid.» 23«Gjer som du tykkjer best,» svara Elkana, mannen hennar. «Ver heime til du har vant han av! Gjev Herren må setja sitt ord i verk!» Så vart kvinna heime og gav guten bryst til han var avvand.
24Men då ho hadde vant han av, drog ho opp med han. Ho hadde med seg ein treårsgamal okse, ein efa mjøl og ei vinhit, og ho førte han til Herrens hus i Sjilo. Han var berre småguten den gongen. #4 Mos 15,8ff 25Så slakta dei oksen og førte guten inn til Eli. 26Og ho sa: «Høyr på meg, herre. Så sant du lever, herre: Eg er den kvinna som stod her hjå deg og bad til Herren. 27Denne guten var det eg bad om, og Herren har høyrt bøna mi. 28No gjev eg han att til Herren for heile hans levetid; det var for Herrens skuld eg bad om han.» Så bøygde dei seg og tilbad Herren der.

Currently Selected:

1. Samuelsbok 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy