YouVersion Logo
Search Icon

1. Samuelsbok 2

2
Hanna lovsyng Herren
1Hanna bad og sa: #2,1 Herren gjev meg stor kraft eig. «høgt er hornet mitt i Herren».#Luk 1,47
Mitt hjarta frydar seg i Herren,
Herren gjev meg stor kraft.
No kan eg le åt mine fiendar,
for eg gleder meg over di frelse.
2Ingen er heilag som Herren,
for ingen er til utan du,
og det finst ikkje fjell ¬som vår Gud. #2,2 fjell bilete på Gud.#2 Mos 15,11; Sal 18,3
3Slutt med kyt og kaute ord,
hald opp ¬med all den frekke talen!
For Herren er ein Gud ¬som allting veit,
han prøver kvar ei gjerning.
4Stridsmenns bogar vert brotne;
men dei trøytte ¬bur seg med kraft.
5Dei mette må tena for brødet,
og dei svoltne svelt ikkje meir.
Barnlaus kvinne får sju søner,
den barnerike visnar bort. #Luk 1,53
6Herren tek liv og gjev liv,
han sender menneske ¬til dødsriket
og kan føra dei opp derifrå. #5 Mos 32,39+
7Herren gjer fattig, ¬og han gjer rik,
han fornedrar, ¬og han opphøgjer.
8Han reiser småkårsfolk ¬or støvet,
lyfter den fattige or oska,
sessar han saman med ¬stormenn
og gjev han eit ærefullt sete.
For søylene under jorda ¬høyrer Herren til,
han bygde jorderiket på dei. #Sal 113,7f; Luk 1,52
9Han vernar sine trugne ¬på vegen,
men dei gudlause ¬forgår i mørkret.
For ingen er sterk i eiga kraft.
10Dei som strider mot Herren, ¬går til grunne.
Han lèt det torna over dei ¬frå himmelen,
Herren dømer den vide jord.
Måtte han gje sin konge styrke
og sin salvevigde stor kraft! #2,10 Herrens salvevigde Israels konge. Sml. 9,16; 15,17. #7,10; Sal 18,14+; 89,25; 132,17
11Så fór Elkana heim att til Rama. Men guten vart verande der og gjorde teneste for Herren, og Eli, overpresten, hadde tilsyn med han.#3,1
Eli-sønene syndar
12Sønene til Eli var gudlause menn. Dei kjende ikkje Herren #2,12 Sønene til Eli Hofni og Pinhas, 1,3. 13og brydde seg ikkje om kva prestane hadde rett til å krevja av folket. Når nokon bar fram eit slaktoffer, kom prestens tenar medan dei koka kjøtet. Han hadde med seg ein tretinda gaffel. #5 Mos 18,3 14Den stakk han ned i panna eller gryta, kjelen eller krukka, og alt som kom opp med gaffelen, tok presten sjølv. Såleis bar dei seg åt mot alle israelittar som kom til Sjilo. 15Endå før dei hadde brent feittet, kom prestens tenar og sa til den som ofra: «Hit med steikjekjøt til presten! Han tek ikkje imot kokt kjøt av deg, berre rått.» #3 Mos 3,3ff 16Om då mannen svara: «Fyrst må feittet brennast, sidan kan du ta det du vil,» så sa tenaren: «Nei, lat meg få det straks, elles tek eg det med makt!» #3 Mos 3,3ff 17Den synda dei unge mennene gjorde for Herrens åsyn, var ovstor; dei hadde ikkje vørdnad for Herrens offer.
18Imedan gjorde Samuel teneste for Herren. Endå han berre var ein smågut, bar han presteklede av lin. 19Og mor hans laga kvart år ein liten kjortel til han. Den tok ho med når ho saman med mannen sin drog opp og skulle bera fram det årlege slaktofferet. 20Då velsigna Eli Elkana og kona hans og sa: «Herren gjeve deg fleire born med denne kvinna i staden for han som ho bad om for Herrens skuld!» Så fór dei heim att. 21Og Herren kom Hanna i hug, så ho vart med barn att. Ho fekk tre søner og to døtrer. Men guten Samuel voks opp hjå Herren.
22No var Eli svært gamal. Då han fekk høyra kva sønene hans gjorde mot alle israelittane, og at dei låg med kvinnene som gjorde teneste ved møteteltdøra, #2,22 dei låg med kvinnene tempelutukt.#2 Mos 38,8 23sa han til dei: «Kvifor gjer de slikt? Eg høyrer alle menneske tala om den vonde åtferda dykkar. 24Nei, søner! Det er ikkje noko godt ord som går om dykk i Herrens folk etter det eg høyrer. 25Når ein mann syndar mot ein annan, skal Gud døma han. Men når ein mann syndar mot Herren, kven skal då be for han?» Men dei høyrde ikkje på far sin, for Herren ville at dei skulle døy. 26Men guten Samuel voks og vart stor og var til hugnad for Herren og for menneske.#Luk 2,52
Eli-ætta vert vraka
27Det kom ein gudsmann til Eli og sa til han: Så seier Herren: Eg openberra meg for farsætta di då ho var i Egypt og laut træla for farao og mennene hans. 28Og eg valde henne ut mellom alle Israels ætter til å gjera presteteneste for meg, til å ofra på altaret mitt, brenna røykjelse og bera presteklede for mitt åsyn. Og eg gav farsætta di retten til alle eldoffera frå israelittane. #2 Mos 28,1ff 29Kvifor viser du vanvørdnad for slaktofferet og grødeofferet mitt, som eg har gjeve påbod om i min bustad? Kvifor ærar du sønene dine meir enn meg, med di de gjør dykk med det beste av alle dei offergåver som Israel, folket mitt, ber fram? 30Difor lyder ordet frå Herren, Israels Gud: Eg har nok sagt at di ætt og farsætta di alle dagar skal gjera teneste for mitt åsyn. Men no lyder ordet frå Herren: Så skal det ikkje vera! Dei som ærar meg, vil eg æra, og dei som vanvørder meg, skal verta til skammar. #Mal 2,9 31Dagar skal koma då eg bryt både di makt og makta åt farsætta di, så ingen vert gamal i ætta di. #1 Kong 2,27 32Då skal du sjå med lengsle på alt det gode eg gjer mot Israel; men i di ætt skal det aldri finnast nokon som vert gamal. 33Berre ein einaste mann i ætta di vil eg la vera å rydja bort frå altaret mitt. Eg vil la augo dine slokna og livet ditt tærast bort, og alle som veks opp i di ætt, skal døy i sine beste år. 34Og til teikn på dette skal du ha det som kjem til å henda dei to sønene dine, Hofni og Pinhas: Dei skal begge døy på éin dag. #4,11 35Så skal eg setja inn ein trufast prest, som gjer det eg ynskjer og vil. For han vil eg byggja opp ei varande ætt, og han skal alle sine dagar gjera teneste hjå den eg har salva. #1 Kong 2,27.35 36Då skal det gå så at dei som er att av di ætt, kjem og kastar seg ned og bed om eit pengestykke eller eit brød og seier: «Lat meg få vera med i eit av prestelauga, så eg kan få litt mat å eta.»#2 Kong 23,9

Currently Selected:

1. Samuelsbok 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy