YouVersion Logo
Search Icon

1. Tessalonikar 2

2
Paulus i Tessalonika
1De veit sjølve, brør, at det ikkje var fåfengt at vi kom til dykk. #1,5.9 2Endå vi føreåt hadde lide vondt og vorte ille medfarne i Filippi, som de kjenner til, gav vår Gud oss frimod til å tala Guds evangelium til dykk, jamvel om det var ein hard strid. #Apg 16,19ff 3Forkynninga vår kjem ikkje av villfaring eller urein hug, og vi fer heller ikkje med svik. #2 Kor 4,2 4Nei, Gud har funne oss verdige til å få evangeliet overlate; difor talar vi som vi gjer, ikkje for å tekkjast menneske, men Gud, han som prøver hjarto våre. #Gal 1,10; 1 Tim 1,11 5For vi kom ikkje med smigrande ord, som de veit, og heller ikkje med baktankar om vinning; Gud er vårt vitne. #Apg 20,33 6Vi søkte ikkje ære av menneske, korkje av dykk eller av andre, #Joh 5,41.44 7endå vi som Kristi apostlar kunne gått fram med makt og mynde. I staden var vi milde mot dykk, som når ei mor steller om borna sine. #1 Kor 9,12ff 8Vi hadde vorte inderleg glade i dykk og ville gjerne gje dykk, ikkje berre Guds evangelium, men òg vårt eige liv. Så kjære var de for oss. #2 Kor 12,15 9De minnest, brør, kva strev og møde vi hadde. Vi forkynte Guds evangelium for dykk, og samstundes arbeidde vi natt og dag så vi ikkje skulle vera nokon av dykk til tyngsle. #Apg 18,3+ 10Både de og Gud kan stadfesta kor heilagt, ærleg og ulastande vi ferdast mellom dykk, de truande, 11liksom de veit kor vi påminte kvar og ein av dykk som ein far påminner borna sine. #1 Kor 4,14f 12Vi sette mot i dykk og bad dykk inderleg at de skulle ferdast så som verdig er for Gud, han som kallar dykk til sitt rike og sin herlegdom.#Fil 1,27+
13Og difor takkar vi alltid Gud: Då de fekk overgjeve det Guds ord som vi forkynte, tok de imot det, ikkje som menneskeord, men som det Guds ord det i sanning er, og det verkar med kraft i dykk som trur. #1,2; 1 Kor 15,1+; Gal 1,11f; Fil 2,13; Hebr 4,12 14For de, brør, har teke Guds kyrkjelydar i Judea til føredøme, dei som har sitt liv i Kristus Jesus. De har mått tola det same av dykkar landsmenn som dei har mått tola av jødane, #Apg 17,5.13 15dei som drap Herren Jesus og profetane og forfylgde oss. Dei er ikkje Gud til hugnad og står alle menneske imot, #Matt 23,34; Apg 2,23; 7,52 16for dei hindrar oss i å tala til heidningane, så dei kan verta frelste. Såleis fyller dei alltid syndemålet sitt. Men til sist har vreiden nått dei.#Matt 23,32f
Paulus vil atter til Tessalonika
17Ei lita stund var vi skilde frå dykk, brør; de var ute or augo, men ikkje or hugen. Men vi lengta så sterkt etter dykk at vi fekk meir og meir hug til å sjå dykk att. #Rom 1,11; 1 Tess 3,10 18Difor sette vi oss føre å vitja dykk. Eg, Paulus, freista både ein og to gonger. Men Satan hindra oss. 19For kven skal vera vår von, vår glede og vår ærekrans om ikkje de, den dagen vår Herre Jesus kjem, og vi står for hans åsyn? #2 Kor 1,14; Fil 2,16; 2 Tess 1,4 20Ja, de er vår ære og vår glede!

Currently Selected:

1. Tessalonikar 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy