YouVersion Logo
Search Icon

1. Kongebok 2

2
David døyr
1Då det leid til den tid at David skulle døy, sa han til Salomo, son sin: 2No fer eg snart den vegen som alt her på jorda må fara. Men ver du sterk, og vis at du er ein mann! #5 Mos 31,7; Jos 23,14; 1 Krøn 22,13 3Gjev akt på det som Herren din Gud har fastsett! Gå på hans vegar og hald hans føreskrifter, bod, lover og føresegner, som dei står skrivne i Moselova. Då skal det lukkast for deg, alt det du gjer og tek deg føre. #5 Mos 17,18ff; Jos 1,7; 23,6 4For Herren vil oppfylla den lovnaden han gav då han sa om meg: «Dersom sønene dine aktar på si ferd og vandrar for mitt åsyn i truskap, av heile sitt hjarta og heile sin hug, skal det aldri vanta ein mann av di ætt på Israels kongsstol.» #2 Sam 7,12; Sal 132,11ff 5Du veit sjølv korleis Joab Serujason har bore seg åt mot meg. Kom i hug kva han gjorde med dei to hærførarane i Israel, Abner Nersson og Amasa Jetersson. Han drap dei og rende ut blod i fredstid som om det var krig. Såleis fekk han blod på beltet han hadde om livet, og på skorne han hadde på føtene. #2 Sam 3,27; 20,10 6Bruk no det gode vitet ditt, og lat ikkje den gamle og gråhåra mannen fara i fred til dødsriket! 7Men sønene til Barsillai frå Gilead skal du gjera vel imot. Lat dei vera mellom dei som et ved bordet ditt. For dei tok venleg imot meg då eg rømde for Absalom, bror din. #2 Sam 17,27ff; 19,31f 8Du har òg hjå deg Sjimi, son til Gera frå Bakurim, av Benjamins-ætta. Det var han som forbanna meg så stygt den dagen eg fór til Mahanajim. Men sidan kom han og møtte meg nedmed Jordan. Då svor eg ved Herren og lova at eg ikkje skulle la han døy for sverd. #2 Sam 16,5; 19,16.23 9Men du må ikkje la han sleppa straff. Du er ein klok mann og veit nok kva du skal gjera, så du får sendt han ned til dødsriket med blod i det gråe håret.
10Så gjekk David til kvile hjå fedrane sine og vart gravlagd i Davids-byen. #Apg 2,29 11I førti år hadde han vore konge over Israel. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem. #2 Sam 5,4ff; 1 Krøn 29,26f 12Salomo fylgde etter David, far sin, på kongsstolen, og kongedømet hans vart sterkt og fast.
Adonja døyr
13Ein dag kom Adonja, son til Haggit, inn til Batseba, mor åt Salomo. «Kjem du i fredeleg ærend?» spurde ho. «Ja,» svara han, 14«eg har noko å tala med deg om.» «Tal du!» sa ho. 15Då sa han: «Du veit at kongedømet med rette var mitt, og heile Israel venta at eg skulle verta konge. Men så gjekk kongedømet over frå meg til bror min. Han fekk det av Herren sjølv. #1,5ff; 1 Krøn 28,5 16No er det berre ein ting eg vil be deg om, og du må ikkje visa meg bort.» «Sei det!» svara Batseba. 17Då sa han: «Tal med kong Salomo – for deg viser han ikkje bort – og bed om at han lèt meg få Abisjag frå Sjunem til kone.» #1,3 18Batseba svara: «Ja vel, eg skal tala med kongen for deg.»
19Så gjekk Batseba til kong Salomo og ville leggja Adonjas sak fram for han. Kongen reiste seg, gjekk imot henne og bøygde seg djupt for henne. Så sette han seg på kongsstolen. Det vart sett fram ein stol for kongsmora, og ho sette seg attmed han på høgre sida. 20Ho sa: «Det er berre ein liten ting eg vil be deg om, og du må ikkje visa meg bort.» Kongen svara: «Sei kva du ynskjer, mor! Eg viser deg ikkje bort.» 21Då sa ho: «Lat Adonja, bror din, få Abisjag frå Sjunem til kone!»
22Men kong Salomo tok til ords og sa til mor si: «Kvifor bed du om Abisjag frå Sjunem for Adonja? Du kan like godt be om kongedømet for han. Han er då bror min og eldre enn eg, og han har presten Abjatar og Joab Serujason på si side.» #2,22 be om kongedømet Abisjag hadde vore ei av konene til David. Å be om henne vart skjøna som eit krav om kongedømet. Sml. 2 Sam 3,7. 23Og kong Salomo svor ved Herren og sa: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje dette skal kosta Adonja livet! 24Så sant Herren lever, han som har sett meg på kongsstolen etter David, far min, og grunnlagt ei kongsætt for meg, såleis som han lova: Adonja skal døy, og det i denne dag!» #2 Sam 7,11ff 25Så sende kong Salomo Benaja Jojadason i veg; han rauk på Adonja og drap han.
Salomo driv bort Abjatar
26Til presten Abjatar sa kongen: «Far heim til garden din i Anatot! Du har gjort deg skuldig til døden. Men eg vil ikkje drepa deg i dag; for du har bore paktkista åt Herren Gud framfor David, far min, og du har vore med far min og lide alt det han laut lida.» #1 Sam 22,20; 1 Krøn 15,11ff 27Så dreiv Salomo Abjatar bort og lét han ikkje få vera prest for Herren lenger. Såleis vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala mot Eli-ætta i Sjilo.#2,27 mot Eli-ætta Sjå 1 Sam 2,31ff. Abjatar var ætta frå presten Eli. Sml. 1 Sam 14,3 og 22,20.#1 Sam 2,31f
Joab døyr
28Då Joab fekk høyra kva som hadde hendt, rømde han til Herrens telt og greip om altarhorna. For han hadde halde med Adonja, endå han ikkje hadde halde med Absalom. #1,50 29Salomo fekk melding om at Joab hadde rømt til Herrens telt og heldt seg nær til altaret. Då sende han Benaja Jojadason i veg og sa: «Gå og hogg han ned!» 30Då Benaja kom til Herrens telt, sa han til Joab: «Kongen seier at du skal gå bort herifrå.» Men han svara: «Nei, her vil eg døy.»
Benaja gjekk tilbake til kongen og fortalde kva Joab hadde sagt og svara. 31Då sa kongen til han: «Gjer som han seier! Hogg han ned og få han i jorda! Så friar du meg og farsætta mi for den skulda som Joab førte over oss då han rende ut blodet åt skuldlause menneske. #2 Mos 21,14 32Herren vil la blodskulda koma over han, fordi han hogg ned to menn som var rettferdigare og betre enn han: Abner Nersson, hærføraren i Israel, og Amasa Jetersson, hærføraren i Juda. Han drap dei med sverd utan at David, far min, visste om det. #2 Sam 3,27; 20,10 33I all framtid skal Joab og etterkomarane hans bera skulda for drapet på dei. Men David og etterkomarane hans, huset og kongsstolen hans skal Herren la det gå vel i all framtid.»#1 Mos 9,6; 2 Sam 3,27
34Så gjekk Benaja Jojadason opp og gav Joab banehogg, og han vart gravlagd i heimen sin ute på landet. 35Kongen sette Benaja Jojadason til hærførar etter Joab. Og han sette Sadok til prest etter Abjatar.#1 Sam 2,35; 1 Krøn 29,22
Sjimi døyr
36Så sende kongen bod etter Sjimi og sa til han: «Bygg deg eit hus i Jerusalem! Der skal du bu, og derifrå skal du ikkje fara bort, korkje til den eine eller andre staden. 37Det skal du vita at den dagen du tek ut og går over Kedron-bekken, då skal du døy. Og sjølv har du skulda for at du vert drepen.» 38Sjimi svara: «Ja vel, tenaren din skal gjera som du seier, herre konge.» Sidan budde Sjimi lenge i Jerusalem.
39Men då tre år var lidne, hende det at to av trælane hans rømde til Akisj Ma’akason, kongen i Gat. Då Sjimi fekk vita at trælane var i Gat, #1 Sam 27,2 40gjorde han seg ferdig og sala eselet sitt. Han ville fara til Akisj i Gat og leita etter trælane sine. Sjimi fór av stad og henta trælane i Gat.
41Salomo fekk melding om at Sjimi hadde fare frå Jerusalem til Gat og no var komen heim att. 42Då sende kongen bod etter Sjimi og sa til han: «Tok eg deg ikkje i eid ved Herren då eg åtvara deg og sa: Det skal du vita at den dagen du tek ut frå byen og fer til den eine eller andre staden, då skal du døy. Og du svara: Ja vel, eg har høyrt kva du seier. 43Kvifor har du då ikkje halde den eiden du svor ved Herren, og det påbodet eg gav deg?» 44Og kongen heldt fram: «Du veit sjølv kor mykje vondt du har gjort David, far min. No lèt Herren vondskapen din koma over deg sjølv. #2 Sam 16,5 45Men kong Salomo skal vera velsigna, og Davids kongsstol skal i alle tider stå trygt for Herrens åsyn.» 46Så baud kongen Benaja Jojadason gå ut og hogga han ned. Såleis døydde Sjimi.
Sidan hadde Salomo kongedømet trygt i si hand.

Currently Selected:

1. Kongebok 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy