YouVersion Logo
Search Icon

1. Johannes 2

2
1Mine born, dette skriv eg til dykk, så de ikkje skal synda. Men om nokon syndar, har vi ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, Den Rettferdige. #Hebr 7,25+ 2Og han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda.#Joh 1,29; 11,51f; Rom 3,25+; Kol 1,20
Det nye bodet
3Og på dette veit vi at vi kjenner han: om vi held boda hans. 4Den som seier at han kjenner han, men ikkje held boda hans, er ein lygnar, og sanninga er ikkje i han. #Joh 15,10; Tit 1,16; 1 Joh 1,6; 4,20 5Men den som held ordet hans, i han har kjærleiken til Gud vorte fullenda. Av dette veit vi at vi er i han. #Joh 14,21.23 6Den som seier at han er i han, må leva som Jesus levde.#Joh 13,15; 1 Pet 2,21
7De kjære! Det er ikkje eit nytt bod eg skriv til dykk, men eit gamalt bod som de har hatt frå fyrste stund. Dette gamle bodet er det ordet de har høyrt. #Matt 22,37ff; 1 Joh 2,24; 3,11; 2 Joh 5f 8Likevel er det eit nytt bod eg kjem med, fordi det no har vorte røyndom i han og mellom dykk. For mørkret kverv, og det sanne ljoset skin alt no. #Joh 13,34; 8,12; Rom 13,12 9Den som seier at han er i ljoset, men hatar bror sin, han er enno i mørkret. 10Den som elskar bror sin, er i ljoset, og han fører ingen til fall. #Rom 14,13 11Men den som hatar bror sin, er i mørkret og ferdast i mørkret. Han veit ikkje kvar han går, for mørkret har blinda augo hans.#Joh 12,35f
Elska ikkje verda!
12Eg skriv til dykk, mine born, fordi de har fått syndene tilgjevne for hans namn skuld. #Apg 10,43 13Eg skriv til dykk, fedrar, fordi de kjenner han som er frå opphavet. Eg skriv til dykk, de unge, fordi de har vunne over den vonde. #1,1 14Eg skriv til dykk, mine born, fordi de kjenner Faderen. Eg skriv til dykk, fedrar, fordi de kjenner han som er frå opphavet. Eg skriv til dykk, de unge, fordi de er sterke. Guds ord vert verande i dykk, og de har vunne over den vonde.
15Elska ikkje verda og heller ikkje det som er i verda! Den som elskar verda, har ikkje kjærleiken til Faderen i seg. #Joh 5,42; Rom 12,2; Jak 4,4 16For alt her i verda, sanseleg lyst, augnelyst og hovmod fordi ein er rik, det er ikkje av Faderen, men av verda. 17Verda forgår med all si lyst, men den som gjer Guds vilje, vert verande til evig tid.#Matt 7,21; 1 Kor 7,31
Fornekting og vedkjenning
18Mine born, den siste tida er komen. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at den siste tida er komen. #Matt 24,5.24; 1 Joh 2,22; 4,3; 2 Joh 7 19Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hjå oss. Såleis skulle det syna seg at ikkje alle er av oss. #Apg 20,30 20Men de er salva av Den Heilage, og alle har de kunnskap. #2,20 salva Salving er eit bilete på Den Heilage Andens gåve. Sjå 2,27.#Joh 14,26; 2 Kor 1,21; 1 Joh 2,27 21Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga lygn kjem frå sanninga. #2 Pet 1,12 22Og kven er lygnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen. #2,18+ 23Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg. #Matt 10,33+; Joh 5,23 24Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen. #2,7 25Og dette er det han har lova oss: det evige livet.#Joh 3,15; 6,40
26Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vilt. 27Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært.#Jer 31,34; 1 Joh 2,20
Når Kristus openberrar seg
28Ja, mine born, ver i han! Då kan vi vera frimodige når Kristus openberrar seg, og ikkje verta bortviste med skam når han kjem att. #4,17 29De veit at han er rettferdig, og då skjønar de at den som lever rett, er fødd av han.#3,7.10

Currently Selected:

1. Johannes 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy