YouVersion Logo
Search Icon

1. Krønikebok 2

2
Juda-ætta
1Dette er sønene til Israel: Ruben, Simeon, Levi, Juda, Jissakar, Sebulon, #1 Mos 35,23–26 2Dan, Josef, Benjamin, Naftali, Gad og Asjer.
3Sønene til Juda var Er, Onan og Sjela. Desse tre fekk han med Batsjua, ei kanaaneisk kvinne. Men Herren mislika Er, eldste son til Juda, og han laga det så at han døydde. #1 Mos 38,1–30 4Med Tamar, sonekona si, fekk Juda sønene Peres og Serah; i alt hadde han då fem søner. 5Sønene til Peres var Hesron og Hamul. #1 Mos 46,12 6Og sønene til Serah var Simri, Etan, Heman, Kalkol og Darda; dei var i alt fem. #2,6 Simri vert kalla Sabdi òg, Jos 7,1. 7Karmi hadde sonen Akar. Det var han som førte Israel i ulukke då han fór med svik og tok av det som var bannlyst. #Jos 7,1ff 8Etan hadde sonen Asarja.
9Dei sønene som Hesron fekk, var Jerakme’el, Ram og Kelubai. #2,9 Kelubai vert elles kalla Kaleb, v. 18 og 42; sml. Jos 14,6. 10Ram fekk sonen Amminadab, og Amminadab fekk sonen Naksjon, som var hovding for Juda-sønene. 11Naksjon fekk sonen Salma, og Salma vart far til Boas. 12Boas fekk sonen Obed, og Obed vart far til Isai. 13Isai fekk sju søner. Den fyrste var Eliab, den andre Abinadab, den tredje Sjima, #1 Sam 16,6–13 14den fjerde Netanel, den femte Raddai, 15den sjette Osem og den sjuande David. 16Systrene deira var Seruja og Abigajil. Seruja hadde tre søner, Absjai, Joab og Asael. #2 Sam 17,25 17Abigajil fekk sonen Amasa. Far hans var ismaelitten Jeter.
18Kaleb, son til Hesron, fekk med Asuba, kona si, dottera Jeriot og desse sønene: Jesjer, Sjobab og Ardon. 19Då Asuba døydde, tok Kaleb Efrat til kone; med henne fekk han sonen Hur. 20Hur fekk sonen Uri, og Uri vart far til Besalel.#2 Mos 31,2f
21Sidan levde Hesron saman med ei dotter til Makir, far til Gilead. Han var seksti år gamal då han tok henne til kone; med henne fekk han sonen Segub. 22Segub fekk sonen Ja’ir, som hadde tjuetre byar i Gilead. #Dom 10,3f 23Men Gesjur og Aram tok frå dei teltbyane deira og Kenat med småbyane ikring, i alt seksti byar. Alle desse hadde sønene til Makir, far til Gilead, ått.
24Etter at Hesron var død, levde Kaleb saman med Efrat, som hadde vore gift med far hans, og med henne fekk han sonen Asjkur, far til Tekoa.#2,24 far til Tekoa Far kan òg både her og fleire andre stader i dette kapitlet og i kap. 4 tyda grunnleggjar.
25Jerakme’el, eldste son til Hesron, hadde sønene Ram, som han fekk fyrst, og Buna, Oren, Osem og Akia. 26Men Jerakme’el hadde ei anna kone òg, som heitte Atara. Ho vart mor til Onam. 27Ram, eldste son til Jerakme’el, hadde sønene Ma’as, Jamin og Eker. 28Sønene til Onam var Sjammai og Jada, og sønene til Sjammai var Nadab og Abisjur. 29Kona til Abisjur heitte Abihajil; med henne fekk han sønene Akban og Molid. 30Sønene til Nadab var Seled og Appajim. Seled døydde barnlaus. 31Appajim fekk sonen Jisji, Jisji fekk sonen Sjesjan, og Sjesjan fekk sonen Aklai. 32Sønene til Jada, bror hans Sjammai, var Jeter og Jonatan. Jeter døydde barnlaus. 33Men Jonatan fekk sønene Pelet og Sasa. Dette var etterkomarane etter Jerakme’el.
34Sjesjan hadde ingen søner, berre døtrer. Men han hadde ein egyptisk træl som heitte Jarka. 35Denne trælen gav Sjesjan dotter si til kone, og med henne fekk han sonen Attai. 36Attai fekk sonen Natan, og Natan fekk Sabad. 37Sabad fekk sonen Eflal, og Eflal fekk Obed. 38Obed fekk sonen Jehu, og Jehu fekk Asarja. 39Asarja fekk sonen Heles, og Heles fekk Elasa. 40Elasa fekk sonen Sismai, og Sismai fekk Sjallum. 41Sjallum fekk sonen Jekamja, og Jekamja fekk Elisjama.
42Kaleb, bror til Jerakme’el, fekk fyrst sonen Mesja, far til Sif, og sidan sonen Maresja, far til Hebron. #2,9 43Sønene til Hebron var Korah, Tappuah, Rekem og Sjema. 44Sjema fekk sonen Raham, som vart far til Jorkeam, og Rekem fekk sonen Sjammai. 45Son til Sjammai var Maon, og Maon vart far til Bet-Sur. 46Efa, fylgjekona til Kaleb, fekk sønene Haran, Mosa og Gases, og Haran fekk sonen Gases. 47Sønene til Jodai var Regem, Jotam, Gesjan, Pelet, Efa og Sja’af. 48Ma’aka, fylgjekona til Kaleb, fekk sønene Sjeber og Tirhana. 49Ho fekk òg sonen Sja’af, som vart far til Madmanna, og Sjeva, som vart far til Makbena og Gibea. Kaleb hadde ei dotter òg; ho heitte Aksa. 50Dette var sønene til Kaleb.
Hur, eldste son til Efrata, fekk sønene Sjobal, far til Kirjat-Jearim, 51Salma, far til Betlehem, og Haref, far til Betgader. 52Sjobal, far til Kirjat-Jearim, fekk sonen Reaja og vart far til halve Manahat-ætta. 53Kirjat-Jearim-ættene var Jeter-sønene, Put-sønene, Sjuma-sønene og Misjra-sønene. Frå dei er folket i Sora og Esjta’ol ætta. 54Etterkomarane etter Salma var Betlehem, Netofa-ætta, Atrot-Bet-Joab, den andre halvparten av Manahat-ætta og Sora-ætta. 55Dei ættene av Sefer-sønene som budde i Jabes, var Tira-sønene, Sjima-sønene og Suka-sønene. Dette er dei kinittane som kom frå Hammat, far til Rekab-ætta.

Currently Selected:

1. Krønikebok 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy