YouVersion Logo
Search Icon

Romarane 14

14
Samhald i forsamlinga
1 # 15,1.7; 1 Kor 8,7ff Ta imot den som er veik i trua, utan å gjera dykk til dommarar over tankane hans. 2#1 Mos 1,29; 9,3#14,2 å eta alt dvs. å ikkje halda seg etter jødiske matforskrifter. =heilag og rein. Éin har ei tru som tillèt han å eta alt, den veike et berre grønsaker. 3#Kol 2,16 Den som et alt, skal ikkje sjå ned på den som ikkje et alt. Og den som lèt vera å eta, skal ikkje dømma den som et. For Gud har teke imot han. 4#Matt 7,1; Jak 4,12 Kven er du som dømmer tenaren til ein annan? Om han står eller fell, er ei sak mellom han og herren hans. Og han skal bli ståande, for Herren har makt til å halda han oppe.
5 # Gal 4,10 # 14,5 gjer forskjell på dagar det å halda heilagdagar som var fastsette i festkalenderen i GT. =høgtider. Den eine gjer forskjell på dagar, den andre held alle dagar for like. Lat kvar og ein vera fullt overtydd om sitt eige syn. 6#1 Kor 10,30f Den som set ein dag framfor andre, gjer det for Herren, og den som et, gjer det for Herren, for han takkar Gud. Det same gjer den som ikkje et: Han gjer det for Herren og takkar Gud. 7For ingen av oss lever for seg sjølv, og ingen døyr for seg sjølv. 8#Luk 20,38; 2 Kor 5,15; Gal 2,20 Lever vi, så lever vi for Herren, og døyr vi, så døyr vi for Herren. Anten vi då lever eller døyr, høyrer vi Herren til. 9Difor var det Kristus døydde og vart levande att: Han skulle vera herre over både levande og døde. 10#Matt 25,31ff; Apg 17,31; Rom 2,16; 2 Kor 5,10 Men du, kvifor dømmer du bror din, eller kvifor ser du ned på bror din? Vi skal alle fram for Guds domstol, 11#Jes 45,23; Fil 2,10 for det står skrive:
Så visst som eg lever, seier Herren,
for meg skal kvart kne bøya seg,
og kvar tunge skal vedkjennast Gud.
12 # Luk 16,2 # 14,12 for Gud Orda manglar i mange handskrifter. Så skal då kvar og ein av oss leggja fram sin eigen rekneskap {{for Gud}}.
13 # 1 Kor 8,13 Lat oss ikkje lenger dømma kvarandre! Døm heller slik: Ingen må få bror sin eller syster si til å snubla og falla. 14#Matt 15,11; Apg 10,15; 1 Kor 10,25f I Herren Jesus veit eg sikkert og visst at ingenting er ureint i seg sjølv. Men for den som held noko for ureint, er det ureint. 15#1 Kor 8,11ff Gjer du bror din eller syster di sorg med maten du et, då går du ikkje fram med kjærleik. Den som Kristus døydde for, må ikkje du føra i fortaping med maten din. 16Lat ikkje det gode de eig, bli til spott. 17#1 Kor 8,8 For Guds rike er ikkje mat og drikke, men rettferd, fred og glede i Den heilage ande. 18Den som tener Kristus på denne måten, han er til glede for Gud og får respekt mellom menneske.
19 # 12,18; 15,2 Lat oss difor streva etter det som fører til fred og til oppbygging oss imellom! 20#Tit 1,15 Riv ikkje ned Guds verk av omsyn til mat. Visst er alt reint, men om eit menneske et noko slik at det blir årsak til fall, då er det av det vonde. 21Det er rett å ikkje eta kjøt eller drikka vin eller gjera noko anna som fører bror din til fall. 22Den tru du har, skal du halda for deg sjølv, for Guds andlet. Sæl er den som ikkje dømmer seg sjølv på grunn av det han vel å gjera. 23#14,14 Men den som et med tvil, han er dømd fordi han ikkje gjer det i tru. Alt som ikkje er av tru, er synd.

Currently Selected:

Romarane 14: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy