Sefanja 3

3
Jerusalems synd og straff
1Ve den trassige, tilsølte byen,
ho som undertrykkjer!
2Ho lyder ingen,
tek ikkje imot formaning,
lit ikkje på Herren,
held seg ikkje nær til sin Gud.
3 # Esek 22,25.27; Mi 3,11 Hos henne er fyrstane som brølande løver,
dommarane som ulvar om natta,
dei sparer ingenting til det blir morgon.
4 # Jer 23,11.16; Esek 22,26 Profetane er skrytande, trulause menn,
prestane krenkjer det som er heilagt,
dei gjer vald mot lova.
5 # 5 Mos 32,4; Jer 25,3ff; Hos 6,3.5 Herren rår med rettferd der,
han gjer ikkje urett.
Kvar morgon feller han sin dom,
den manglar ikkje når dagen gryr.
Men den som gjer urett, kjenner ikkje skam.
6Eg har utrydda folkeslag,
borgtårna deira ligg i grus.
Eg har lagt gatene aude,
ingen ferdast på dei.
Byane deira er herja og folketomme,
ingen bur der lenger.
7 # 3,7 du Jerusalem. Eg sa: «Berre du ville frykta meg
og ta imot formaning!»
Då vart ikkje bustadene utrydda,
all mi straff skulle ikkje råka byen.
Men dei gjorde berre vondt, seint og tidleg,
med alt dei gjorde.
8Difor, vent på meg,
seier Herren,
til den dagen eg står fram som vitne.
For det er min rett å samla folkeslag
og føra kongerike saman
for å ausa ut harmen min over dei,
all min brennande vreide.
For i elden frå min lidenskap
skal heile jorda øydast.
Frelse for Israels rest
9 # Jes 6,5 Då vil eg atter gje folka eit reint tungemål
så dei alle kan kalla på Herrens namn
og tena han skulder ved skulder.
10 # Sal 68,32; Jes 18,7; 60,5f; 66,20; Mi 4,1ff # 3,10 Kusj land sør for Egypt. Jf. 1 Mos 2,13; Jes 18,1. Frå landet bortanfor elvane i Kusj
skal dotter mi, mitt spreidde folk som tilbed meg,
koma til meg med offergåver.
11 # Esek 16,50 Den dagen skal du ikkje skamma deg
over alle ugjerningane du gjorde mot meg.
For då tek eg skrythalsane bort frå deg.
Du skal ikkje meir vera stolt
på mitt heilage fjell.
12 # Jes 57,15; Matt 5,3f Eg lèt det bli att hos deg
eit audmjukt og fattig folk.
Dei skal ta si tilflukt til Herrens namn.
13 # 3 Mos 26,5f; Jes 11,9; Mi 7,14 Dei som er att av Israel,
gjer ingen urett
og talar ikkje løgn,
ingen svikefull tale finst i deira munn.
Når dei går på beite, kviler dei trygt,
ingen skremmer dei.
14 # Sak 9,9 Bryt ut i jubel, dotter Sion!
Rop av fryd, Israel!
Gled deg, dotter Jerusalem,
jubla av heile ditt hjarte!
15 # Jes 40,1f; 41,10; 43,1; Esek 48,35 Herren har fria deg frå dommen,
drive fiendane dine bort.
Herren, Israels konge, er hos deg,
du skal ikkje lenger vera redd noko vondt.
16Den dagen skal dei seia til Jerusalem:
Sion, ver ikkje redd!
Lat ikkje hendene siga!
17 # Jes 12,6; Sak 2,9 Herren din Gud er hos deg,
ein helt som frelser.
Han gleder og frydar seg over deg,
viser deg atter sin kjærleik.
Han jublar over deg med fryd
18 # 3,18 Tydinga av den hebr. teksten er usikker. som på ein høgtidsdag.
Eg friar deg frå den dagen
du måtte tola spott.
19 # 5 Mos 26,19; Mi 4,6f Sjå, på den tida grip eg inn
mot alle dei som plagar deg,
eg bergar dei haltande,
og dei bortdrivne samlar eg.
Eg gjev dei eit godt namn og rykte
i alle land der dei hadde vorte til skamme.
20 # 5 Mos 30,3ff; Jer 29,14; Hos 6,11; Sef 2,7 På den tida fører eg dykk,
då samlar eg dykk.
For eg vil gje dykk eit godt namn og rykte
mellom alle folk på jorda
når eg for auga på dykk
vender dykkar lagnad,
seier Herren.

Markert nå:

Sefanja 3: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring