Sakarja 7
N11NN
7
Heller rettferd enn faste
1 # 7,1 den niande månaden november–desember 518 f.Kr. Det var i det fjerde styringsåret til kong Dareios. Herrens ord kom til Sakarja på den fjerde dagen i den niande månaden, i kislev. 2Betel hadde sendt Sareser og Regem-Melek og mennene hans for å be om velvilje for Herrens andlet. 3#7,3 den femte månaden juli–august; faste til minne om at Jerusalem og tempelet vart øydelagde. Jf. 2 Kong 25,8ff. =tidsrekning. Dei skulle spørja prestane i huset til Herren over hærskarane og profetane: «Skal eg gråta og leva fråhaldande i den femte månaden, som eg har gjort i så mange år?»
4Då kom ordet frå Herren over hærskarane til meg: 5#Jes 58,5#7,5 den sjuande månaden september–oktober; faste til minne om at statthaldaren Gedalja vart drepen. Jf. 2 Kong 25,25; Jer 41,2. Sei til heile folket i landet og til prestane: «De har fasta og klaga i den femte og i den sjuande månaden, og det i sytti år, men var det meg de fasta for då? 6De et og drikk, men er det ikkje for dykkar eigen del de et og drikk?» 7Var det ikkje desse orda Herren ropa ut gjennom dei tidlegare profetane, den gongen folk budde trygt i Jerusalem og i byane rundt omkring henne, då det budde folk i Negev og låglandet?
8 Herrens ord kom til Sakarja:
9 # Hos 12,7; Luk 6,36 Så seier Herren over hærskarane:
Døm sant og rett,
vis kjærleik og miskunn mot kvarandre!
10 # 2 Mos 22,21f; Jer 7,6 De skal ikkje undertrykkja enkjer og farlause,
innflyttarar og fattige!
De skal ikkje tenkja ut vondt mot kvarandre i hjartet.
11 # Jes 65,12; Jer 2,27 Men dei nekta å lytta, snudde ryggen til i trass og gjorde øyra døve. 12#Jes 48,4; Jer 5,3; Esek 2,4 Dei gjorde hjartet hardt som flint og ville ikkje høyra på lova og orda som Herren over hærskarane hadde sendt ved sin Ande gjennom dei tidlegare profetane. Då vart Herren over hærskarane mektig harm. 13#Ordt 1,24ff; Jes 1,15; Jer 11,11; Mi 3,4; Joh 9,31 Når han ropa, ville dei ikkje høyra. «Så, når dei ropar, vil heller ikkje eg høyra», sa Herren over hærskarane. 14#5 Mos 28,36f; Jer 44,2f; Esek 33,28 «Eg vil blåsa dei bort mellom alle folkeslaga som dei ikkje kjenner. Landet skal liggja audt etter dei, ingen skal koma og gå. Slik gjorde dei det herlege landet til ei øydemark.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk