Sakarja 3
N11NN
3
Fjerde syn: øvstepresten Josva
1 # Esra 3,2; Job 1,6ff; 2,1ff; Hag 1,1; 2,2 # 3,1 Satan tyder «motstandar», «klagar». Jf. Job 1–2. =djevelen. Han viste meg øvstepresten Josva, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han. 2#Am 4,11; Sak 1,17Herren sa til Satan: «Herren refsar deg, Satan! Herren, som har valt ut Jerusalem, refsar deg! Sanneleg, denne mannen er ei vedskie raka ut or elden.» 3#3,3 i skitne klede til teikn på sorg og bot. Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen. 4#2 Sam 12,13; Jes 6,7; Op 3,5 Engelen tok til ords og sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort skulda di og kler deg i festklede.» 5Då sa eg: «Set ein rein turban på hovudet hans!» Dei sette den reine turbanen på hovudet hans og tok på han kleda medan Herrens engel stod der. 6Så gav Herrens engel denne lovnaden til Josva:
7Så seier Herren over hærskarane:
Går du på mine vegar
og tek deg av tenesta for meg,
skal du få styra mitt hus
og vakta føregardane mine.
Eg gjev deg tilgang
mellom dei som står her.
8 # 3,8 Spire nemning på den rettferdige kongen (Messias) som skal frelsa Israel. Jf. Jes 4,2; 11,1; Jer 23,5; 33,15; Sak 6,12. Så høyr, Josva, øvsteprest!
Du og dei andre prestane
som sit framfor deg, er eit varsel.
For sjå, eg lèt min tenar Spire koma.
9 # 4,10; Op 5,6 Sjå, eg ritar ei innskrift
på den steinen eg har lagt framfor Josva,
denne eine steinen med sju auge,
seier Herren over hærskarane.
Eg stryk ut skulda til dette landet
på ein einaste dag.
10 # 1 Kong 4,25; Mi 4,4 Den dagen, seier Herren over hærskarane,
skal de be kvarandre inn
under vinstokk og fikentre.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk