Sakarja 11

11
Stormaktene fell
1 # 11,1 sedertre bilete på makt. Lat opp dørene, Libanon,
så eld kan øyda dine sedertre!
2Klag, du sypress!
For sederen er fallen,
dei veldige trea øydelagde.
Klag, de eiketre i Basan!
For den tette skogen er felt.
3 # Jer 25,36 Høyr kor gjetarane klagar,
for herlegdomen deira er øydelagd.
Høyr kor dei unge løvene brøler,
for det Jordan er stolt av, er lagt øyde.
Dei to gjetarane og dei to stavane
4Så seier Herren min Gud: «Gjet slaktesauene!»
5 # Jer 23,1f; Esek 34,1ff Kjøparane slaktar dei uten å kjenna skuld,
seljarane seier: «Velsigna er Herren, eg vart rik!»
og deira eigne gjetarar sparer dei ikkje.
6«For eg vil ikkje lenger spara dei som bur i landet», seier Herren.
«Sjå, eg gjev menneska over i hendene på kvarandre
og i hendene på kongen deira.
Dei skal knusa landet,
og eg vil ikkje berga nokon frå deira hand.»
7 # 11,7 Godvilje, Semje Dei to gjetarstavane er symbol på ei tid med fred og samhald mellom Israel og Juda. Så gjette eg slaktesauene for sauehandlarane.
Eg tok meg to stavar.
Den eine kalla eg Godvilje,
den andre kalla eg Semje,
og eg gjette sauene. –
8Eg rydda av vegen dei tre gjetarane på ein månad.
Eg mista tolmodet med sauene,
og dei vart trøytte av meg òg.
9Eg sa: «Eg vil ikkje gjeta dykk.
Dei som held på å døy, får døy.
Dei som går til grunne, får gå til grunne.
Dei som er att, får eta kjøtet av kvarandre.»
10 # Hos 2,18 Så tok eg staven min Godvilje og knekte han. Eg ville bryta den pakta som eg hadde gjort med alle folka. 11Og ho vart broten den dagen. Då skjøna sauehandlarane som vakta på meg, at dette var Herrens ord.
12 # 2 Mos 21,32; Matt 26,15 Eg sa til dei: «Om de finn det for godt, så gjev meg løna mi. Dersom ikkje, så lat det vera.» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke. 13#11,13 i skattkammeret hebr. kan òg omsetjast «til pottemakaren». Jf. Matt 27,9f. Men Herren sa til meg: «Kast dei inn i skattkammeret, den kostelege summen eg er verd for dei.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, i skattkammeret. 14Så knekte eg av den andre staven, Semje, for å bryta brorskapen mellom Juda og Israel.
15 Herren sa til meg: «Utstyr deg no som ein duglaus gjetar! 16#Esek 34,2ff; Mi 3,3 For sjå, eg reiser opp ein gjetar i landet.
Han leitar ikkje etter dei tapte,
søkjer ikkje opp dei spreidde,
lækjer ikkje dei skadde,
fôrar ikkje dei friske,
men et kjøtet av dei beste dyra
og kløyver til og med klauvene på dei.»
17Ve den dårlege gjetaren min
som forlèt flokken!
Sverd mot hans arm,
mot hans høgre auge!
Armen skal visna,
høgre auge blindast.

Markert nå:

Sakarja 11: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring