Sakarja 1
N11NN
1
Vend om
1 # Esra 5,1; Hag 1,1 # 1,1 i … styringsåret 520 f.Kr. I den åttande månaden i det andre styringsåret til Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, son til Iddo:
2 Herren var harm på fedrane dykkar. 3#Mal 3,7; Jak 4,8 Du skal seia til folket: Så seier Herren over hærskarane: Vend attende til meg, seier Herren over hærskarane, så vil eg venda attende til dykk, seier Herren over hærskarane. 4#Jes 31,6; Jer 3,12; 18,11; 25,5; Esek 33,11; Hos 14,2f; Joel 2,12 Ver ikkje lik fedrane dykkar. Dei tidlegare profetane ropa ut for dei: «Så seier Herren over hærskarane: Vend no om frå dei vonde vegane og dei vonde gjerningane dykkar!» Men dei høyrde ikkje og lytta ikkje til meg, seier Herren. 5Fedrane dykkar, kvar er dei? Og profetane, lever dei evig? 6Dei boda og forskriftene som eg påla tenarane mine, profetane, har ikkje dei nådd fedrane dykkar? Så vende dei om og sa: «Herren over hærskarane har gjort det han hadde sett seg føre å gjera med oss, slik vår ferd og våre gjerningar har fortent.»
Første syn: ryttarane
7 # 1,7 den tjuefjerde … året i februar 519 f.Kr. På den tjuefjerde dagen i den ellevte månaden, det er månaden sjebat, i det andre året til Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, son til Iddo:
8I natt såg eg, og sjå! – ein mann sat på ein raud hest som stod mellom myrtebuskane i kløfta. Bak han var det raude, raudbrune og kvite hestar. 9#2,2 Då sa eg: «Kva med desse, herre?» Engelen som tala med meg, svara: «Eg skal visa deg kva dette er.» 10Mannen som stod mellom myrtane, tok til ords og sa: «Dette er dei Herren har sendt så dei skal fara omkring på jorda.» 11Dei svara Herrens engel som stod mellom myrtane: «Vi har fare omkring på jorda, og sjå, heile jorda ligg i ro.» 12#Sal 102,14; Jes 23,15.17; 40,2; Jer 29,10#1,12 desse sytti åra Sytti år vart rekna som ei passande straffeutmåling.Herrens engel svara: «Herre over hærskarane, kor lenge vil det vara før du viser miskunn mot Jerusalem og byane i Juda, som du har vore harm på i desse sytti åra?» 13Og Herren svara engelen som tala med meg, med gode og trøystande ord. 14#Jer 31,20 Så sa engelen som tala med meg: Rop ut:
Så seier Herren over hærskarane:
Eg er full av lidenskap
for Jerusalem og Sion,
15 # Jes 10,5f stor er harmen min
mot dei sjølvgode folkeslaga.
For eg var berre litt harm,
men dei hjelpte ulukka fram.
16 # Jes 54,7f; Sak 8,3 # 1,16 målesnor strekkjast Byen og murane skal målast og byggjast opp att. Jf. Jer 31,38f. Difor seier Herren:
Eg vender attende til Jerusalem med miskunn.
Der skal huset mitt byggjast,
seier Herren over hærskarane,
og målesnor strekkjast ut over Jerusalem.
17Rop ut endå ein gong:
Så seier Herren over hærskarane:
Endå ein gong skal byane mine
fløyma over av det som godt er.
Endå ein gong skal Herren trøysta Sion,
velja ut Jerusalem endå ein gong.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk