Høgsongen 5
N11NN
5
Han
1 # Ordt 9,5 Eg kjem til min hage, mi syster, mi brur,
og plukkar myrra og urter.
Eg et av mi bikake og min honning
og drikk min vin og mi mjølk.
Koret
Et, vener!
Drikk dykk fulle på kjærleik!
Ho
2Eg søv, men hjartet vaker.
Høyr, kjærasten bankar på.
Han
Lat opp for meg, mi syster,
mi kjære, mi due, mi fullkomne.
Hovudet mitt er dekt av dogg,
håret mitt av nattedropar.
Ho
3Eg har teke av meg kjolen,
skal eg ta han på att?
Eg har vaska føtene mine,
skal eg skitna dei til att?
4Kjærasten stakk handa inn gjennom luka,
fekk magen min til å sitra.
5Eg stod opp, ville opna for kjærasten.
Hendene draup av myrra,
det rann frå fingrane
over handtaket på dørslåa.
6 # 3,1 Eg opna for kjærasten,
men han hadde fare sin veg.
Eg var heilt ifrå meg, han var borte.
Eg leita etter han, men fann han ikkje;
eg ropa på han, men han svara ikkje.
7 # 3,3 Vektarane som gjekk omkring i byen, fann meg.
Dei skamslo meg,
reiv sjalet av meg,
vektarane på murane.
8 # 2,5; 2,7+ Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer,
om de finn kjærasten min,
fortel han at eg er sjuk av kjærleik.
Koret
9Kva skil kjærasten din frå andre,
du vakraste mellom kvinner?
Kva skil kjærasten din frå andre,
sidan du bed oss så inderleg?
Ho
10Kjærasten min er raudkinna og skinande,
han skil seg ut mellom ti tusen menn.
11Hovudet hans er skiraste gull,
håret er krøllete, svart som ramnen.
12 # 1,15+ Auga er som duer ved strøymande vatn.
Dei laugar seg i mjølk,
dei kviler i si ramme.
13Kinna hans er som kryddersenger
der angande urter veks.
Leppene er liljer,
dei dryp av rennande myrra.
14Armane er stavar av gull,
sette med krysolitt.
Magen er ei plate av elfenbein,
overstrødd med safirar.
15Føtene er marmorsøyler,
reiste på soklar av gull.
Hans skapnad er som Libanon,
staseleg som sedrane der.
16Ganen smakar søtt,
alt ved han gjev glede.
Slik er min kjære, slik er kjærasten,
de Jerusalems døtrer.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk