Høgsongen 4
N11NN

Høgsongen 4

4
Han
1 # 1,15+; 6,5–7 Så vakker du er, mi kjære!
Så vakker du er! Auga dine er duer bak sløret!
Håret ditt er som ein geiteflokk,
strøymande nedover Gileads fjell.
2Tennene dine er som nyklipte sauer
som kjem frå vask.
Tvillingar har dei alle,
og ingen har mista eit lam.
3Leppene dine er som skarlaksband,
og munnen din er herleg.
Som ei skive av eit granateple
er tinningen bakom sløret.
4 # 7,4; Esek 27,10f Halsen din er som Davidstårnet,
mura av hoggen stein.
Tusen skjold heng på det,
alle rundskjolda til heltane.
5 # 7,3 Brysta dine er som to gasellkalvar,
tvillingar som beiter mellom liljene.
6 # 2,17 Heilt til dagen blæs skuggane bort,
går eg til myrrafjellet
og til røykjelseshaugen.
7 # 2,14 Alt hos deg er vakkert, mi kjære,
du er utan feil.
8 # 4,8 toppen av Amana fjelltopp i Antilibanon, nord for Hermon. Kom med meg frå Libanon,
kom med meg, mi brur!
Stig ned frå toppen av Amana,
frå toppen av Senir og Hermon,
frå løvehòler, frå leopardfjell.
9 # 1,10 Du har fanga mitt hjarte, mi syster, mi brur.
Du har fanga mitt hjarte med eit einaste augnekast,
med ei einaste lenkje frå din hals.
10 # 1,2 Så vakker din kjærleik er, mi syster, mi brur!
Kjærleiken din er betre enn vin,
angen av oljane dine betre enn alle urter!
11 # Ordt 16,24; Hos 14,7 Frå leppene dine dryp finaste honning, mi brur.
Honning og mjølk er under di tunge.
Angen av kleda dine er som angen frå Libanon.
12 # Ordt 5,16 Ein stengd hage er mi syster, mi brur,
ein stengd hage, ei forsegla kjelde.
13 # 4,13 paradishage parkanlegg til glede for kongen. hennabuskar >1,14. nardusplanter Jf. 1,12. Vokstrane dine er ein paradishage
av granateple og herleg frukt,
hennabuskar og nardusplanter,
14 # 4,14 nardus … kanel ulike krydderartar. =planter. nardus, safran, kalmus, kanel og alle slag røykjelsestre,
myrra, aloe, alle dei finaste urter.
15 # Ordt 5,15 Du er kjelda i hagen,
ei oppkome med levande vatn
strøymande frå Libanon.
16Vakna, nordavind!
Kom, sønnavind!
Blås gjennom hagen min
så urteangen fritt får strøyma.
Ho
Å, om kjærasten min ville koma til hagen
og eta herleg frukt!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk