Høgsongen 3
N11NN

Høgsongen 3

3
1 # 5,6 Om natta leita eg på leiet
etter han som eg elskar.
Eg leita, men fann han ikkje.
2«Eg vil opp og gå omkring i byen
på gater og torg.
Eg vil leita etter han som eg elskar.»
Eg leita, men fann han ikkje.
3 # 5,7 Vektarane som gjekk omkring i byen, fann meg.
«Har de sett han som eg elskar?»
4 # 8,2 Eg hadde ikkje før gått frå dei,
så fann eg han som eg elskar.
Eg tok tak i han og sleppte han ikkje
før eg fekk han inn i huset til mor mi,
i rommet til henne som fødde meg.
5 # 2,7+ Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer,
ved gasellane eller ved hindene i marka:
Uroa ikkje kjærleiken!
Vekk han ikkje før han sjølv vil!
Koret
6 # 6,10; 8,5 Kven er ho som stig opp frå ørkenen
som røyksøyler,
omfløymd av angande myrra og røykjelse,
av alt krydder ein kan få kjøpt?
7Der er senga til Salomo!
Seksti heltar omgjev henne,
seksti av Israels heltar,
8 # Sal 91,5 alle væpna med sverd,
røynde i strid.
Ved hofta ber kvar mann sverd
mot redslene i natta.
9Kong Salomo laga seg ei bereseng
av tre frå Libanon.
10Stolpane gjorde han av sølv,
baldakinen av gull,
og madrassen kledde han med purpur.
Innsida er sydd saman av kjærleik frå Jerusalems døtrer.
11Kom ut, Sions døtrer!
Sjå på kong Salomo,
på krona som mor hans
krona han med på bryllaupsdagen,
den dagen som gledde hans hjarte.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk