Høgsongen 2

2
1Eg er blomen frå Saron,
lilja i dalen.
Han
2 # 1,5 Som ei lilje mellom tistlar,
slik er mi kjære mellom døtrene.
Ho
3 # 1,6 Som ein apal mellom trea i skogen,
slik er kjærasten min mellom sønene.
Å sitja i skuggen hans er ei nyting,
hans frukt er søt for ganen.
4Inn i vinhuset har han ført meg,
hans merke over meg er kjærleik.
5Styrk meg med rosinkaker,
kveik meg med eple!
For eg er sjuk av kjærleik.
6 # 8,3 Venstre armen hans er under hovudet mitt,
med den høgre held han rundt meg.
7 # 3,5; 5,8; 8,4 Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer,
ved gasellane eller ved hindene i marka:
Uroa ikkje kjærleiken!
Vekk han ikkje før han sjølv vil!
8Høyr, det er kjærasten,
der kjem han,
springande over fjell,
hoppande over haug.
9Kjærasten liknar ein gasell,
ein ung hjort.
Der står han bak muren vår.
Han gløtter inn gjennom vindauga,
kikkar inn gjennom gitteret.
10Kjærasten tek til orde og seier:
Han
Stå opp, mi kjære, mi vakre jente,
og kom!
11No er vinteren over,
regnet er forbi, det er borte.
12Landet blir dekt av blomar.
Songtida er her,
turteldua kan høyrast i landet.
13Frukta på fikentreet mognar,
og blomen på vinstokken angar.
Stå opp, mi kjære, mi vakre jente,
og kom!
14 # 1,15; 4,7 Mi due i fjellkløfta,
i livd under bratte berg,
lat meg få sjå deg,
lat meg få høyra røysta di!
For røysta er mjuk
og skapnaden vakker.
Koret
15Fang revane for oss,
dei små revane som øydelegg vinmarkene.
For vinmarkene våre står i blom.
Ho
16 # 6,3; 7,10 Kjærasten er min, og eg er hans,
han som gjeter mellom liljene.
17 # 4,6; 8,14 Heilt til dagen blæs skuggane bort,
spring som gasellen, kjærasten min, som ein ung hjort
over kløfter og fjell!

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring